ULLA
Det var kaldt og surt
ver med regn på fredag, men laurdag vakna vi til sol
og sommar igjen. Det vart ein fin ullafest. På kvissen
på skulehuset fredag var det 55 personar inndelt i 6
lag på nye bord. Laurdag kl 1315 var det kulturinnslag
om Svendsen-slekta kombinert med tombola på
lygarbenken og sal av kaffe og vaflar. Deretter som
vanleg kl 15 var det fotballkamp på Nye Ullavoll. Kl
18 var det seks-bading på Ullasanden i flott ver med
stor deltaking. Deretter følgde grilling på
Ullahammaren med mykje god musikk og mange dyktige
gitaristar. I 22-tida var det besteskokasting som har
blitt svært populært. Til slutt vart det Sunrise Jump
på Ullasanden med ein del spreke ungdommar som deltok.
Sjå foto nedanfor.
Foto: Knut Hallvard Ulla og Bendik Ulla - 2016 |