Ullahammaren i 1882.
Sjå meir informasjon
om teikninga nedanfor. Gå til: Startside
|
Severin Johan Andreasson Løeg
(1842-1902)
Her er eit fotografi av
tollrorskar Severin Johan Andreasson
Løeg. Han var fødd på
Valderøya og var bror til den kjende handelsmannen og
fyrvaktaren Johan Herman Andreasson Løeg (1839-1927) som budde
store delar av livet i Ullahammaren. Dei var av ei kjend
handelsslekt som opphavleg stamma frå Østfold, men
forfedrane deira slo seg ned på Valderøya i eit hus i
nærleiken av det gamle ferjeleiet på øya.
Johan Herman Løeg kom til Ullahammaren og starta med handel saman med Webjørn Svendsen om lag 1860. Dei budde i Gamlestova og hadde gode tider i den perioden fiskeriet var på det beste i området utanfor Ulla. Då var Ullahammaren eit viktig sentrum for levering av fisk og handel med fisk og daglegvarer. Mot slutten av århundret gjekk det til atters med handelen, og Johan Herman Løeg fekk seg stilling som fyrvaktar ved Ullahammer fyr inne i Vålen. Han budde i det vesle fyrhuset som vart kalla Løeg-fyret eller fyret hans Løeg. I den tida Johan Herman
Løeg budde på Ulla, fekk han ofte
besøk av broren sin. Det måtte vere på eit
slikt besøk at Severin laga denne teikninga av
Ullahammaren. Det er truleg gjort om lag i 1880. Teikninga
er uvanleg nøyaktig og detaljert laga. Den er derfor brukt
som grunnlag for den modellen av Ullahammaren som Per Ulla laga i
1975. Hatlehols trykkeri laga ein kopi av teikninga.
Den finst i dei fleste hus på Ulla. Originalen er ikkje å
oppdrive nokon stad, men kopien er av bra kvalitet.
|