ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Krogsholmane
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt

 









Presentasjon

Knut Hallvard Ulla    
har laga denne heimesida.  Eg er fødd på Haramsøy i 1952 og har alltid vore interessert i slekt og kulturhistorie.  Eg har i mange år samla stoff med tekst og fotografi for å dokumentere historia om Ulla der slekta mi kjem frå.  Far min heitte Johan Bernt Ulla og voks opp i Mette-garden. Mor heitte Helga Klara Ulla, fødd Åkre, og voks opp i Ullahammaren.
        Dersom du vil kontakte meg eller gje tilbakemelding om internett-sida, er eg svært interessert.  Sjå startsida med lenka Kontakt.  Heimesida mi vart publisert den 1. juli 2005.  Det er mange kapittel som er nesten tomme, men eg kjem til å leggje inn tekst og bilete etter kvart.  Du kan følgje med på siste oppdateringar på lenka på startsida.
   


Foto: Ekroll - 1962
  
        Målsetjing
- Å dokumentere kulturhistorie og slekter på Ulla frå gamle dagar og fram til moderne tid.
- Å snakke med folk og ta vare på lydopptak, film/video-innspeling og skriftleg dokumentasjon.
- Å oppspore og ta vare på gamle fotografi, digitalisere og arkivere dei på ein trygg måte.
- Å fotografere notid og presentere foto og fotoseriar i fotoalbumet.
- Å publisere dokumentasjonen om kultur- og slektshistoria på web-sida.
- Å lage ei levande web-side gjennom regelmessig oppdatering.
- Å gjere web-sida kjend gjennom til dømes aviser.
- Å få tilbakemeldingar via gjestebok, telefon og personleg kontakt.

        Kort historie
Kort historie om Ulla kan du lese på denne lenka.

        Ulla - kva tyder namnet
Ulla er eit svært gammalt namn, truleg mange, mange hundre år gammalt.  Det blir i dag uttala u'lla, og på ekte dialekt:
u'llja.  Opp gjennom tidene har det blitt skrive og uttala på ulike måtar.  På rett gammal dialekt med halvemål vart namnet uttala hu'llja.

Historiske skrivemåtar:
Vllenn  -  1552
Wldenn  -  1603, 1606.
Vllenn  -  1616.
Wlle  -  1647.  Skattematrikkelen.
Vlle  -  1617, 1666.
Oulle  -  1723.
Ulle  -  1723.
Ulle  -  1801.  Folketeljinga.
Ulla  -  1900.  Folketeljinga.
Forklaring:
Frå gammalt av er ordet nok samansett av Ull og vin, det vil seie Ullvin.  Ull kjem truleg av eit gammalt stadnamn eller vassførenamn (elvenamn) som tyder rennande vatn, kan hende kjeldevatn eller matvatn.  Det kan også ha samanheng med gudenamnet Ull fordi denne norrøne guden opphavleg var ein kjeldegud.  Vin tyder grasslette attmed vatn, elv eller sjø.  Endinga -vin vart etter kvart endra og forkorta.  Det var først omgjort til e-ending (Ulle) og seinare til a-ending (Ulla) som no.  Dette er typisk for denne forkortinga av -vin på Nord-Vestlandet.  Andre stader i Noreg vart denne endinga forkorta og endra på andre måtar (Til dømes Ullern i Oslo).

        Ulla på Haramsøy
Ulla ligg på Haramsøy nordvest for Ålesund på Sunnmøre.  Gjennom mange århundre har bøndene på Ulla hatt levebrødet sitt av dei veldrivne gardsbruka og med fiske som attnæring, og på Ullahammaren var det ein gammal handelsstad og fiskevær.  På denne lenka finn du kart over Sunnmøre, Haramsøy og Ulla. 

        Arkiv
Sjå denne lenka



Gå til toppen