ULLA
| 
               Ulla-festen 2007 gjekk
                av stabelen siste laurdagen i juli, den 28. 
                Dårlege vermeldingar laga mykje bekymring for dei mange
                som hadde forventningar til ein like fin fest som vi har
                hatt dei siste åra.  Men festkomiteen hadde budd
                seg og fått tak i tre party-telt som vart sette opp på
                plassen ved sida av garasjen til Lars Ulla.  Dermed
                kunne vi samlast til grilling og sosialt samver om
                kvelden som planlagt.  Regn og vind prøvde å setje
                stopp for fotballkampane, men folk stilte opp til kamp
                likevel, og det såg ut til at dei hadde det bra i det
                ufyselege veret.  Lengdehopp på Ulla-sanden vart
                avlyst.  Tidlegare på dagen var det opplett, noko
                som førte til at vi kunne ha kulturelt innslag om skule
                og kulturliv i Ullahammar Amfi ved Hytta etter
                planen.  Om lag 100 personar hadde møtt fram for å
                høyre om kulturlivet på Ulla i gamle dagar. 
                Veggavisa hang på Hytta til langt ut på søndagen. Det
                var fint å sjå Hytta innpakka i så mykje lokalhistorisk
                stoff. 
              Foto: Knut Hallvard Ulla, Johan Ulla og Bendik Ulla - 2007 ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  | 
          
![]()  | 
            ![]()  |