ULLA
Laurdag 29. juli 2001 var det fest
på Ulla. Etter kvart hadde det blitt ein uskriven regel at
siste helga i juli var sett av til Ulla-fest. I eit par år
hadde eg sysla med tanken om å lage eit kulturhistorisk
innslag på festen. Etter avtale med Lars Ulla laga
eg eit opplegg med bygdevandringa "Ein tur rundt
Hammaren". Vi skulle møtast ved Hytta kl 13.
Eg var spent på om det var interesse for noko slikt, og
det var det til gangs! Over 60 personar, gamle og
unge møtte opp, og vi snakka om hus og folk etter kvart
som vi gjekk runda rundt Hammaren. I det fine
sommarveret syns eg det vart svært vellykka, og det gav
meg inspirasjon til å halde fram med slike innslag i åra
framover. Elles var det grilling og ulike musikalske
innslag undervegs med prisutdeling og meir. Vi
avslutta festen med lengdehopp-konkurranse på Ulla-sanden
i 3-4 tida om natta. Foto: Knut Hallvard Ulla og
Guttorm Ulla - 2001
|
|