ULLA
Siste laurdag i juli
den 31. vart det Ulla-fest for 13. gong. Opphaldsver
utan den heilt store sommarvarmen, men det var stilt
og fint. Dei som var med på Sunrise Jump kl 05
om natta fekk også oppleve soloppgang. Vi var særs
heldige med veret i år. Fredag var det sørvest kuling
og regn, og søndag var det til dels kraftige
regnbyger. 155 deltakarar kosa seg med det vanlege
programmet: Kulturinnslag om Åkre, Jubb og losane på
Ulla. Så var det fotballkamp på Nye Ullavoll, grilling
kl 19 og besteskokasting halv 10. Sunrise Jump kl 05
på Ulla-sanden. Ein ekstra spiss på Ullafesten var
Klæberget sommarbutikk på skulehuset. Sjå eigen omtale
og fotografi om dette og denne lenka. Sal
av kaker og kaffi gav ei inntekt på kr 2300 som gjekk
til skulehuset. I samband med kulturinnslaget var det
sal av kaffi og vaflar på Hammaren. Dette gav kr 1300
til skulehuset. Fleire av musikarane var fråverande i
år, men Lars slo til og framførte "Vermeldinga" til
stor applaus.
Klæberget sommarbutikk på Ulla Skulehus. Lenke. Foto: Knut Hallvard Ulla og Simen Ulla - 2010 |