ULLA
Siste laurdag i juli
den 28. vart det Ulla-fest for 15. gong. Det var bra
ver midt på dagen og utover kvelden. I 10-tida slo det
til med skikkeleg ruskever med kraftig regn. Det
skremde dei fleste heimatt, men den harde kjerne
trekte inn i garasjen hass Lars.
Det var kulturinnslag om Håneskyrkja. Så var det fotballkamp på Nye Ullavoll, grilling kl 19. Også i år var det sommarbutikk på Skulehuset med stor suksess. Sjå eigen omtale og fotografi om dette og denne lenka. Sal av kaker og kaffi gav ei inntekt på kr 3000 som gjekk til skulehuset. I samband med kulturinnslaget var det tombola på Hammaren. Klæberget sommarbutikk på Ulla Skulehus. Lenke. Foto: Knut Hallvard Ulla og Bendik Ulla - 2012 |