ULLA
Siste laurdag i juli
den 30. vart det Ulla-fest for 14. gong. Det var bra
ver, sjølv om skodda hang langt ned i Hornet, så var
det opphaldsver. Lid på kvelden var det nokså surt og
kaldt, men deltakarane kosa seg med det vanlege
programmet.
Likevel vart det ei spesiell markering av bombeåtaket på regjeringskvartalet og massakren på Utøya 22. juli 2011. Astrid Ullahamar las opp ein apell, og så song vi saman "Til ungdommen". Deretter vart det kulturinnslag om Gamlestova på Ulla. Så var det fotballkamp på Nye Ullavoll, grilling kl 19 og besteskokasting halv 10. Også i år var det sommarbutikk på Skulehuset med stor suksess. Sjå eigen omtale og fotografi om dette og denne lenka. Sal av kaker og kaffi gav ei inntekt på kr 5000 som gjekk til skulehuset. I samband med kulturinnslaget var det sal av kaffi og vaflar på Hammaren. Klæberget sommarbutikk på Ulla Skulehus. Lenke. Foto: Knut Hallvard Ulla og Peder Ulla - 2011 |