ULLA
På Ulla var det fest som
vanleg siste helga i juli, den 29. i 2006.
Kulturminne om fyr på Ulla gjekk føre seg i Ullahamar
Amfi, ved hytta til Kirsti Ullahamar. Etterpå vart
det lysbildeframsyning i garasjen til Lars Ulla. I
det fine sommarveret kosa vi oss med fotballkamp og
lengdehopp på Ulla-sanden. Grilling og musikalske
innslag varte til ut på natta. Nok ein knall
fest. Ei ekstra overrasking for mange var at vi
fekk besøk av M/S "Ullaholm" og mannskapet deira.
Dei tok oss med på båttur søndag formiddag frå Austnes
til Ulla og tilbake. Skipper for dagen: Magnus
Tomren. Takk for turen til mannskapet på Ullaholm
som er frå Ulsteinvik.
Foto: Knut Hallvard Ulla og Bendik Ulla - 2006 |