ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ulla-fest 2008

Gå til: 2000   2001   2002   2003   2004   2005   2006   2007   2008   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015
    2016   2017   2018


Torsdag før Ulla-festen slo det til med skikkeleg finever, og det varte over helga slik at vi fekk den finaste Ulla-festen i manns minne.  Sol frå skyfri himmel, 25 grader i skuggen og vindstille. Til og med skodda heldt seg unna dag og natt. Såleis fekk vi den finaste solnedgang ein kan tenkje seg på laurdagskvelden. Årets kulturinnslag var om Ulla-gardane. Etterpå var det tradisjonell fotballkamp og lengdehopp for dei minste på Ulla-sanden. Lengdehopp for dei vaksne vart det i 4-tida om natta. Grilling og sosialt samver på Ullahammaren frå kl 19 med musikk og song.  Lars slo til med overraskande framføring av vermeldinga i Hallgeir Remme sitt fråver. Så vart det besteskokasting på plenen til Lars. Elles flott musikalsk innslag ved Astrid Ullahammar med kjærleikserklæring til Ulla. "Du skal ikkje sova burt sumarnatta" heiter det i ein song. Det var fleire som tok dette inn over seg, og dei siste gjekk til sengs i 7-tida om morgonen.  Dette vart ein knallfin Ulla-fest for unge og gamle!

Foto:  Knut Hallvard Ulla, Simen Ulla og Bendik Ulla - 2008