ULLA
Med ein kald og våt
sommar var vi spent på korleis veret vart på
ullafesten i 2015. Men han Lars ordna opp slik at vi
fekk ein fin dag med sol på laurdag sjølv om
temperaturen ikkje var noko å skryte av. På kvissen på
skulehuset fredag var det ca 50 personar samanstua i 9
lag med god stemning. Laurdag kl 13 var det
kulturinnslag om handel kombinert med tombola på
lygarbenken. Deretter som vanleg kl 15 var det
fotballkamp på Nye Ullavoll. Kl 18 var det seks-bading
på Ullasanden trass i det kalde veret. Deretter følgde
grilling på Ullahammaren med mykje god musikk og mange
dyktige gitaristar. I 22-tida var det besteskokasting
som har blitt svært populært. Sunrise Jump på
Ullasanden vart det ikkje noko av, men dei siste
slutta av festen i 8-tida på søndag morgon. Sjå foto
nedanfor.
Foto: Knut Hallvard Ulla, Johan Ulla, Simen Ulla og Bendik Ulla - 2015 |