ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2018


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018



August 2018







Emma Furset f. Verpeide  (1908-1962)
og
Leiv Furset (1906-1975)


Emma var frå Ullahammaren og Leiv var frå Stranda. Dei dreiv gardsbruk på Stranda.

Barn:
Solbjørg, Lars Viktor, Else Karin og Per



Juli 2018







Petra Kristiansdt. Longvanes f. Kjuurhus  (1872-1944)
og
Knut Peder Johannesson Longvanes (1869-1961)


Petra var frå Færøyane. Petra og Knut fann kvarandre då Knut var på Island på fiske. Knut var frå Longva. Han var fiskar. Dei busette seg seinare på Ullahammaren i Ola-stova. Knut bygde seg hus på Austnes i 1949, etter at Petra var død.

Barn:
Astrid, Klara, Marta, Tormod, Frida, Rolv




Juni 2018







Else Anne Gjerde Bøen  (1940-2004)
og
Kåre Alf Bøen (1935-2000)

gifte 6.10.1965

Else var frå Ålesund og Kåre var frå Svendsen-slekta i Ullahammaren. Dei budde i Ålesund.

Barn: Inge og Anne



Mai 20
18







Kari Borgny Ulla f. Verpeide  (1924-1987)
og
Hallvard Andreas Ulla (1924-2008)


Kari var frå Ingebrigt-stova i Ullahammaren og Hallvard var frå Lars-garden på Ulla. Dei bygde seg hus, Bergtun, på Ullahammaren i 1956. Hallvard var fiskar saman med broren Kåre på "Reidulf". Seinare arbeidde han i Statens Vegvesen med anlegg og vedlikehald av ferjeleie.

Barn: Karsten Steinar, Einar Kåre og Lars Hallvard



April 2018







Else Margrethe Tomren f. Nyland  (1936)
og
Andreas Tomren (1935)

gifte 25.7.1964

Else Margrethe er frå Gamlem og var lærarinne på Haramsøya der ho møtte Andreas. Andreas var fiskar og medeigar i "Fiskenes". Dei bur i Uggedal ved Hamnsundet.

Barn: Ellinor



Mars 2018







Bjørg Seljeflot f. Helle  (1934)
og
Arne Seljeflot (1931-2004)


Bjørg var fødd i Holmedal i Sunnfjord. Ho var dotter til Steinar og Astrid Helle f. Alme. Bestemor til Bjørg var Gurine Alme f. Ulla frå Lars-garden på Ulla. Arne Seljeflot var frå Oaldsbygda. Dei budde i Ålesund.

Barn:



Februar 2018







Helga Petra Fone f. Tomren  (1943)
og
Jakob Fone (1938)

Gifte 28. august 1971

Helga vart fødd heime på Lynghol ved Håneset på Haramsøy. Foreldre Borghild og Vilhelm Tomren. Jakob er frå Gjerstad. Dei budde mange år i Kristiansand, men har no flytta til Lørenskog.

Barn:
Wenche og Ole Petter





Januar 2018







Klara Filipsdt. Solheim f. Svendsen  (1902-1960)
og
Per Solheim (1894-1958)

Klara var frå Gamle Svendsen på Ullahammaren. Ho var fødd i Bergen. Per var frå Hornindal. Dei budde i Hornindal.




Gå til toppen