ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2013


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017


Desember 2013









Jorunn Tomren f. Aakre (1916)
og
Johan Andreasson Tomren (1911-1980)

gifte i Haram kyrkje 15.9.1946

Jorunn er frå Eirik-garden på Nordstranda på Haramsøy. Johan var frå Ullahammaren. Dei bygde seg hus på heimgarden til Jorunn. Johan var fiskar.

Dei har to barn:
Guri og Arvid


November 2013









Reidun Åkre f. Vangensten (1934)
og
Ottar Arne Åkre (1920-2003)

gifte i 1960

Reidun er frå Vang i Valdres. Ottar var frå Ullahammaren. Ottar var tilsett i Televerket. Dei budde i Risør og Ski.

Dei har to barn:
Hanne og Kari


Oktober 2013









Nikoline Tomren f. Strømmegjære (1892-1977)
og
Magnus Andreasson Tomren (1895-1918)


Nikoline var frå Sykkylven. Magnus voks opp i Ullahammaren. Magnus var fiskar. Han døydde av spanskesykja berre 23 år gammal.

Dei hadde eitt barn:
Magnus


September 2013









Signe Åkre f. Stokke (1917-2013)
og
Karl Ingvald Åkre (1908-1990)

gifte i Ålesund 13.6.1946

Signe var frå Stokke på Ellingsøy. Karl voks opp i Ullahammaren. Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy i 1951. Karl var skipper på "Skarvaag".

Dei har to born:
Kjell og Odd


August 2013









Gurine Karlsdt. Haram (1889-1986)
og
Petter Martin Pederson Haram (1892-1967)

gifte i Haram kyrkje 3. juli 1923

Gurine var frå Sjur-garden på Haram. Petter var frå Petter-garden på Haram. Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy og dreiv småbruk der. I tillegg var Petter-Petter fiskar på fiskebåten "Harald" frå Haram.

Dei har to born:
Karl og Margit


Juli 2013







Signe Aak f. Tomren (1907-1980)
og
Karl Aak (1902-1984)

Signe var frå Ullahammaren og Karl var frå Åndalsnes. Dei budde på Åndalsnes.

Dei hadde ikkje born.


Juni 2013










Petra Inga Knutsdt. Ulla f. Åkre (1886-1942)
og
Johan Filip Johanson Ulla (1891-1963)

gifte i Haram kyrkje 20.4.1913.

Petra var frå Knut-garden på Åkre. Ho var søster til min bestefar, losen Karl Knutson Åkre. Johan var frå Kari-garden på Ulla. Dei budde i Sarpsborg.

Dei hadde fire barn:
Fanny, Kjellaug, Jofrid og Jarle.


Mai 2013










Anna Ragna Pedersdt. Haram (1889-1978)
og
Hans Knut Andreasson Haram (1887-1961)


Anna var frå Petter-garden på Haram. Hans var odelsgut i Framgard på Haram. Dei dreiv Framgard på Haram.

Dei hadde tre barn:
Kjellaug, Andreas og Magny


April 2013










Judith Rønning f. Ullahammer (1924-2010)
og
Harald Rønning (1924-1990)


Judith voks opp i Hånes-kyrkja på Haramsøy og ætta frå Jubb-garden på Ulla. Harald var frå Porsgrunn. Han var amanuensis. Dei budde i Oslo.

Dei har eitt barn: Ottar


Mars 2013










Berte Johansdt. Vatne f. Ulla (1886-1946)
og
Ole Olson Vatne (1883-1969)

gifte i Haram kyrkje 16.9.1906

Berte var frå Kari-garden på Ulla. Ole var frå Vatne. Han var fiskar på Ulla, seinare kjøpte dei seg eit gardsbruk i Bud i Romsdal.

Dei hadde eitt barn: Filipine


Februar 2013







Kristine Petrine Hansdt. Ullahammer f. Ulla (1865-1943)
og
Ole Gunderson Ullahammer f. Krogsæter (1856-1936)

gifte i Haram kyrkje 28.6.1891

Kristine var frå Sjur-garden på Ulla, og Krogs-Ole var frå Krogsætra ved Vatne. Ole var fiskar. Dei budde først på Buholmen i Ålesund. I 1895 flytta dei til Ullahammaren der dei busette seg i Gamlestova, austre delen.

Dei hadde to barn:
Helga (ugift) og Ole, gift med Antonette i Mette-garden


Januar 2013







Kari Elsa Haram f. Ulla (1942-1976)
og
Jarle Arne Haram (1941)

gifte i Haram kyrkje

Kari var frå Ullahammaren og Jarle slekta frå Framgard på Haram. Dei budde på Haramsøy.

Dei har eitt barn:
Helge Kurt



Gå til toppen