ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2016


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017  



Desember 2016







Margot Tvedt f. Flem (1953 )
og
Terje Leidulv Tvedt (1952)

gifte i Haram kyrkje 30.12.1972

Margot er frå Remma på Flemsøy og Terje er frå Haram på Haramsøy. Dei bur på Hessa i Ålesund

Dei har tre barn:
Yngve, Trude og Øystein




November 2016







Jane Tangen Ulla (1956 )
og
Knut Hallvard Ulla (1952)

gifte i Otrøy kyrkje 18.8.1979

Jane er frå Raknes i Midsund og Knut Hallvard er frå Haramsøy. Dei bur i Molde

Dei har tre barn:
Johan, Bendik og Simen




Oktober 2016







Anna Andreasdt. Haram f. Flem
(1880-1956 )
og
Karl Andreasson Haram (1880-1967)

gifte i Haram kyrkje 23.8.1903

Anna var frå Hildre-garden på Flem. Ho var søster til Petra som var gift med Hans, bror til Karl i Anfinn-garden på Haram. Sjå månadens brudebilde for september 2016. Anna og Karl tok over Anfinn-garden.

Dei hadde 10 barn:
Andreas, Arne, Ingolv, Hjørdis, Kåre, Margit, Anna, Åsta, Kristine, Dagny




September 2016







Petra Andreasdt. Haram f. Flem
(1886 - )
og
Hans Andreasson Haram (1882-1962)

Petra var frå Hildre-garden på Flem. Ho var søster til Anna som var gift med Karl, bror til Hans i Anfinn-garden på Haram. Sjå månadens brudebilde for oktober 2016. Dei bygde hus innanfor Håneset, Lynghol, som Borghild og Vilhelm Tomren kjøpte seinare. Petra og Hans flytte til USA. Hans døydde i New Bedford. Han hadde mykje kontakt med Gustav Vebjørn Ulla også etter at han flytta til USA.

Pera og Hans hadde tre barn:
Solveig, Jorunn og Aslaug.




August 2016







Johanne Fjørtoft f. Urkegjerde (1907-2003)
og
Laurits Petterson Fjørtoft (1902-1962)

Johanne var frå Urke i Hjørundfjorden, og Laurits stamma frå Søren-garden på Haram. Dei budde på Haram.

Dei hadde fire barn:
Einar, Anders, Annbjørg og Jorunn








Juli 2016







Kristi Ulla f. Verpeide (1910-1988)
og
Hans Hansson Ulla (1906-1982)

gifte i Haram kyrkje 16.12.1933

Kristi, eller Kitta som ho vart kalla, var frå Ingebrigtstova i Ullahammaren. Hans var frå Negard på Ulla. Hans var fiskar.

Dei hadde to barn:
Helge og Kari




Juni 2016







Anna Karlsdt. Stornes f. Haram (1916-2009)
og
Anders Bernhard Stornes (1910-1958)

gifte i Haram kyrkje 21.1.1940

Anna var frå Anfinn-garden på Haram. Anders voks opp i Stornes-huset på Austnes og var son til bakar Iver og Anna Stornes. Anna og Anders bygde seg hus rett nedom vegen. Anders køyrde rutebil og hadde lastebil.

Dei hadde fem barn:
Ann Inger, Karl Arne, Solveig, Åse og Anders.




Mai 2016







Hildur Lunde f. Svendsen (1913-1988)
og
Lars Lunde (1904- )

gifte 19.10.1935

Hildur var frå Svendsengarden på Ullahammaren. Ho var dotter til Filip og Marie Svendsen. Lars var frå Hornindal i Nordfjord. Han befal i militære i Bergen.

Dei har eitt barn: Arne Knut




April 2016







Marie Bøen f. Svendsen (1909-2008)
og
Ingvald Bøen (1905-1942)

gifte i Davik kyrkje, Nordfjord 16.6.1934

Marie, som berre vart kalla Maja, var frå Svendsengarden på Ullahammaren. Ho var dotter til Filip og Marie Svendsen. Ingvald var frå Davik i Nordfjord. Han arbeidde som proviantforvaltar på Longyearbyen på Svalbard. Han omkom i tysk flyåtak på Svalbard under krigen.

Dei hadde eitt barn: Kåre




Mars 2016







Jofrid Strøm f. Ulla (1927)
og
Egil Johannes Strøm (1929-  )


Jofrid er dotter til Johan J. Ulla i Kari-garden på Ulla og Petra K. Åkre frå Knut-garden på Åkre. Dei budde i Sarpsborg. Jofrid er gift med Egil Johannes Strøm. Dei bur i Kolbotn.

Dei har eitt barn:
Inger Johanne




Februar 2016







Kirsti Flem (1955-2007)
og
Knut Ole Flem (1950-2010)


Kirsti var frå Horten, og Knut voks opp på Nordstranda på Haramsøy. Dei budde i Horten.

Dei har tre barn:
Lars Kristian, Anne-Marte og Joachim




Januar 2016







Inga Berntsdt. Eidskrem f. Haram (1893-1977)
og
Ivar Sakkariasson Eidskrem (1893-1921)

gifte 22.11.1918

Inga var frå Nystøv-garden på Haram. Mor hennar heitte Ingeborg f. Ulla frå Kari-garden på Ulla. Ivar var frå Eidskrem i Julsundet, Aukra kommune i Romsdal.

Dei hadde eitt barn:
Ingvar



Gå til toppen