ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2010


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017


Desember 2010





Oline Halvarsdt. Ulla f. Gjøsund (1876-1955)
og
Johan Andreas Andreasson Ulla (1875-1910)

gifte i Haram kyrkje den 3. juli 1904.

Oline var frå Eirik-garden på Gjøsund, Vigra, og Johan var frå Mette-garden på Ulla. Dei dreiv Mette-garden til Johan døydde. Så gifte Oline seg oppatt med Gustav S. Ulla frå Ingeleiv-garden på Ulla, og dei dreiv Mette-garden vidare.

Oline og Johan hadde tre barn saman:
Vilhelmine, Antonette og Helene.

Oline og Gustav hadde to barn saman:
Johanne Petrine (Janna) og Johan Bernt.





November 2010





Ingebjørg Jelle f. Verpeide (1916-2006)
og
Petter Hjalmar Jelle (1908-1999)

gifte på Stranda.

Ingebjørg var frå Ingebrigt-stova i Ullahammaren, og Petter var frå Stranda. Dei budde på Stranda. Petter var gardbrukar.

Ingebjørg og Petter har 4 barn:
Jens Petter, Wenche Mari, Edel Kristina og
Per Inge.


Oktober 2010





Petra Elisa Nordang f. Åkre (1912-2009)
og
Samund Edvin Nordang (1909-2000)

gifte i 1937

Petra var frå Ullahammaren, og Samund var frå Hjørundfjorden. Dei budde på Nordang i Hjørundfjorden. Dei dreiv gard og pelsdyrdrift.

Petra og Samund har 9 barn:
Nils, Kjell, Inger, Sverre, Hilde, Kåre, Liv, Svein og Thor Inge.


September 2010





Magnhild Ulla f. Morsund (1916-2005)
og
Sevrin Olav Olson Ulla (1912-1972)

gifte i Haram kyrkje den 27.2.1941

Magnhild var frå Morsund på Harøya. Sevrin var frå Mali-garden på Ulla. Han var gardbrukar og fiskar.

Magnhild og Sevrin hadde 5 barn:
Oddvar, Annbjørg, Norvald, Jorunn og Svein.


August 2010





Borghild Tomren f. Ulla (1902-1992)
og
Vilhelm Tomren (1905-1967)

gifte i Haram kyrkje den 6.4.1935

Borghild var frå Negard på Ulla. Vilhelm var frå Ullahammaren. Han var fiskar.

Borghild og Vilhelm har 5 barn:
Andreas, Anna, Hilda, Helga og Peder Magnus



Juli 2010





Helga Klara Ulla f. Åkre (1918-2010)
og
Johan Bernt Ulla (1917-1961)

gifte i Ålesund kirke den 8.5.1948

Helga Klara var frå Ullahammaren. Johan Bernt var frå Mette-garden på Ulla. Han var veterinær.

Helga og Johan har 3 barn:
Guttorm, Knut Hallvard og Ottar Helge.




Juni 2010





Petrine Andreasdt. Haram f. Ulla
(1885-1914)
og
Bernt Pederson Haram (1883-1969)

gifte i Haram kyrkje 16.6.1912

Petrine var frå Mette-garden på Ulla. Petter-Bern, som han vart kalla, var odelsgut i Petter-Framgard på Haram. Dei dreiv Petter-garden.

Petrine og Bernt hadde 2 barn:
Ingvald og Petter.

Petrine døydde av barselfeber 4 dagar etter at Petter vart fødd. Bernt gifte seg oppatt med Oluffa f. Follestad frå Ørsta. Dei fekk to barn saman: Arne og Harald (Harald B.Haram)




Mai 2010





Petrine Johanne Karlsdt. Ulla
(1885-1974)
og
Hans Anton Petterson Ulla (1883-1967)

gifte i Haram kyrkje 11.10.1914

Petrine var frå Lars-garden på Ulla. Hans var odelsgut i Sjur-garden på Ulla. Dei dreiv Sjur-garden.

Petrine og Hans hadde 4 barn:
Johan, Petter, Inger og Inger Anna.




April 2010





Marie Sevrinsdt. Aakre f. Ulla
(1884-1926)
og
Hans Petterson Aakre (1883-1944)

gifte i Haram kyrkje 20.8.1911

Marie var frå Ingeleiv-garden på Ulla. Hans var odelsgut i Eirik-garden på Åkre. Dei dreiv Eirik-garden. I tillegg var Hans fiskar på "Ulabrand" saman med svogeren Gustav S. Ulla.

Marie og Hans hadde 3 barn:
Petter, Sevrin og Petrine (Trine).




Mars 2010





Lina Margrete Ulla f. Stokke
(1896-1992)
og
Andreas Martinus Ulla (1892-1957)

gifte i Haram kyrkje 22.8.1920

Lina var frå Stokke på Ellingsøya. Ho var søster til Olga som var gift med Knut Åkre, og tante til Signe som var gift med Karl Åkre.
Andreas var frå Jo-garden på Ulla. Han var fiskar. Dei budde først i Jo-stova i Ullahammaren, men flytte seinare til Gamlem der dei bygde seg hus.

Dei hadde 10 barn:
Johan Bjarne, Klara Petra, Borghild, Martin Johan, Petter Kåre, Alf, Leif, Per Arne, Ottar Magnus og Jorunn.




Februar 2010





Kristine Ingebrigtsdt. Verpeide f. Ullahammer (1884-1951)
og
Edvard Ellingson Verpeide (1877-1964)

gifte i Haram kyrkje 7.10.1906.

Kristine var frå Ingebrigt-stova i Ullahammaren. Edvard var frå Davik i Nordfjord. Dei budde i Ingebrigt-stova. Edvard var fiskar.

Dei hadde 13 barn:
Vilhelmine, Ingeborg, Emma, Kristi, Olav, Alv, Ingebjørg, Edvin, Oddmund, Rolv, Kari, Petter, Einar.

I tillegg hadde Edvard ei jente, Karen, frå første ekteskap med Vilhelmine Svendsen. Mor og dotter døydde i barsel.






Januar 2010








Hanna Karlsdt. Åkre f. Ulla (1880-1959)
og
Karl Knutson Åkre (1878-1964)

gifte i Haram kyrkje 3.9.1905.

Hanna var frå Lars-garden på Ulla,
og Karl var frå Knut-garden på Åkre.
Dei bygde seg hus i Ullahammaren.
Karl var fiskar og los.

Barn: Knut, Karl, Harald, Petra,
Ingebjørg, Jørgen, Helga, Ottar.





Gå til toppen