ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2015


Månadens brudebilde - arkiv:
2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018   2019   2021   2022   2023   2024



Desember 2015







Anna Godøy f. Eidsvik (1874-1964)
og
Rasmus Godøy (1881-1960)

gifte i Haram kyrkje 4.8.1903

Anna var frå Eidsvik i Vatne. Rasmus var frå Godøya. Han var lærar på Ulla skule, Åkre skule og Austnes skule. Dei bygde seg hus på nordsida av Åkreskaret og dreiv småbruk der. Dei hadde sjøbud med fiskemottak, og i tillegg dreiv dei butikk i kjellaren i Godøyhuset.

Dei hadde fem barn:
Olaf Lars, Klara, Aasta, Olga og Ragnhild




November 2015







Lilly Haram f. Larsen (1925-1998)
og
Andreas Ingvald H. Haram (1917-1976)

gifte i Haram kyrkje

Lilly var frå Larsen-garden på Austnes. Andreas var frå Framgard på Haram. Dei dreiv Framgard.

Dei hadde fire barn:
Grete, Annbjørg, Hans og Rune




Oktober 2015




Oddlaug Ulla f. Haram (1920-2012)
og
Johan H. Ulla (1915-1996)

gifte i Haram kyrkje 5.10.1941

Oddlaug var frå Maristad-garden på Haram. Johan var odelsgut i Sjur-garden på Ulla. Dei dreiv Sjur-garden.

Dei hadde fire barn:
Helge Palmar, Kjell Inge, Per Karsten og Steinar.



September 2015







Ragnhild Eidskrem f. Godøy (1917-2006)
og
Ingvar Eidskrem (1919-2006)

gifte i Haram kyrkje 28.9.1946

Ragnhild var dotter til lærar Rasmus Godøy og Anna. Ho var tilsett ved Haram Trygdekontor. Ingvar var frå Nystøv-garden på Haram. Mormor til Ingvar heitte Ingeborg og var frå Kari-garden på Ulla. Ingvar arbeidde som revisor ved Haram Sparebank. Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy.

Dei har eitt barn:
Ivar 



August 2015







Hildegunn Ulla f. Aarseth (1954)
og
Peder Ulla (1952)

gifte i Volda kyrkje 11.7.1975

Hildegunn er frå Volda. Peder er frå Negard på Ulla. Dei underviser begge ved Sykkylven vidaregåande skule. Dei bur i Sykkylven.

Dei har tre barn:
Ingvild, Sigrid og Hogne



Juli 2015







Herbjørg Karin Longva f. Åkre (1943  )
og
Einar Kurt Longva (1943)

gifte i Ålesund 10.07.1965

Herbjørg er frå Haramsøy og arbeidde som kontordame. Einar er frå Brattvåg. Han var yrkesmilitær og arbeidde seinare i bank. Dei bur i Ålesund.

Dei har tre barn:
Bengt Petter, Mette Johanne og Elling Olav



Juni 2015



Brudepar med foreldre:
Arne og Jeanette Myskja, Klara og Alf Verpeide, Kristine og Edvard Verpeide


Klara Verpeide f. Myskja (1924-2017)
og
Alf Johan Verpeide (1914-1991)

gifte i Haram kyrkje 12.8.1945

Klara er frå Marka-garden på Myskja. Alv var frå Ingebrigt-stova i Ullahammaren. Dei tok over og dreiv Marka-garden. I tillegg arbeidde Alv på fabrikk på Austnes.

Dei hadde fem barn:
Egil Arne, Arne Joar, Helge, Kirsti og Dag.




Mai 2015







Hilda Vågnes f. Tomren (1941  )
og
Nils Vågnes (1933-2006)

gifte i Borgund kirke 30.12.1967

Hilda er frå Lynghol ved Håneset på Haramsøy. Ho er dotter til Borghild og Vilhelm Tomren. Ho arbeidde som kontordame. Nils var frå Langevåg. Han var fiskar. Dei budde på Ellingsøya.

Dei har eitt barn:
Britt Jeaneth




April 2015







Kari Nancy Rodt f. Ulla (1939  )
og
Jørgen Rodt (1929-1994)


Kari er frå Negard på Ulla. Jørgen var frå Ellingsøya. Han arbeidde i klippfiskindustrien. Bustad på Ellingsøya.

Dei har eitt barn:
Ragnhild




Mars 2015







Ingebjørg Alme f. Steinsvik (1913-1991)
og
Karl Johan Alme (1903-1975)


Ingebjørg, eller "Mosken" som ho vart kalla, var frå Volda. Ho var lærar. Karl var son til Olavius og Gurine Alme i Ulsteinvik. Gurine var frå Lars-garden på Ulla. Karl var også lærar. Dei budde først i Ulsteinvik, men flytta til Stavanger der dei budde i 10 år. Etterpå flytta dei til Volda der Karl var rektor og politikar for Venstre. Han var ordførar i Volda.

Dei har tre barn:
Olav, Anders og Kari.




Februar 2015





Vera Alme f. Vardund (1922-1997)
og
Ottar Alme (1913-1989)


Vera var opphavleg frå Trøndelag, men familien flytta til Oslo. Ottar var son til Olavius og Gurine Alme i Ulsteinvik. Ottar studerte medisin. Vera og Ottar budde i Oslo der Ottar praktiserte som lege.

Dei har to barn:
Gunnar og Bjørn




Januar 2015







Kristi Garshol f. Alme (1908-1972)
og
Johan Garshol (1904-1989)

gifte i Ulstein kyrkje 31.12.1939

Kristi var dotter til Olavius og Gurine Alme i Ulsteinvik. Gurine var frå Larsgarden på Ulla. Johan var frå Hofset. Han var skipper på fiskebåten "Grøyven". Dei budde i Ulsteinvik.

Dei har to barn:
Børre og Gunn



Gå til toppen