ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2014


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017  


Desember 2014







Tordis Aursnes f. Ullahammer (1926)
og
Ingvald Hans Aursnes (1919-1993)


Tordis voks opp i Håneskyrkja på Haramsøy. Ingvald var frå Hjørungavåg. Dei budde først i Ålesund og flytta seinare til Larvik der Ingvald var kjøpmann.

Dei har 4 barn:
Geir, Synnøve, Torill og Børre.


November 2014







Bergljot Alme f. Liavåg (1918-2007)
og
Bjarne Guttorm Alme (1905-1993)


Bjarne si mor var Gurine f. Ulla frå Larsgarden på Ulla.  Han var fiskar og seinare tok han utdanning som lærar. Bergljot og Bjarne budde i Ulsteinvik.

Dei har 3 barn:
Guri, Steinar og Aase.


Oktober 2014







Jenny Anna Johansdt. Strømme f. Ulla (1888-1968)
og
Ola Normann Strømme (1878-1961)

gifte i Haram kyrkje 25.4.1909

Jenny var frå Kari-garden på Ulla. Ola Normann var frå Ørsta. Han var i militæret. Dei budde i Oslo. Dei vart seinare skilde.

Dei hadde 4 barn:
Olav, Jorunn, Frøydis og Jarle.



September 2014







Anna Josefine Knutsdt. Haram (1890-1983)
og
Sevrin Olav Petterson Haram (1884-1965)

gifte i Haram kyrkje 14.4.1912

Anna var frå Sætsli-garden på Haram, Knut-Sevrin var frå Knut-garden på Haram. Dei busette seg på Nordstranda på Haramsøy. Dei hadde småbruk, og Knut-Sevrin var fiskar.

Dei hadde 12 barn:
Petter, Olga, Oddlaug, Knut, Ragnhild, Ragnfrid, Petter, Solveig, Astrid, Lilly,
Petra, Svein



August 2014







Klara Ratvik f. Ulla (1895-1952)
og
Hans Ratvik (1883-1966)



Klara var frå Kari-garden på Ulla. Hans var frå Ratvika i Ålesund. Dei budde i Ålesund.

Dei hadde fem barn:
Harald, Frida, Johan, Trygve, Inger.



Juli 2014



Brudepar med foreldre:
Helga og Petter A. Tomren, Herdis og Jonny Haram, Anna og Ole A. Haram


Herdis Haram f. Tomren (1932-2013)
og
Jonny Roger Haram (1925-1998)

gifte i Haram kyrkje

Herdis var frå Ullahammaren. Jonny var frå Framgard på Håneset på Haramsøy. Dei tok over heimgarden til Jonny og dreiv småbruk der i tillegg til at Jonny dreiv fiske med "Brasken".

Dei har sju barn:
Annbjørg, Hilde, Kristin, Roger, Olin, Ole Petter, Jan Henning.



Juni 2014







Anna Petrine Haram f. Roaldsand (1894-1963)
og
Ole Andreasson Haram (1891-1965)

gifte i Haram Kyrkje 5.10.1919

Sand-Anna, som ho vart kalla, var frå Sandane på Vigra. Ole var frå Framgard på Haram. Dei sette seg opp hus innanfor Håneset og dreiv småbruk og fiske der.

Dei hadde to barn:
Arne og Jonny



Mai 2014








Solveig Gamlem f. Ullahammer (1920)
og
Lars Gamlem (1917-1979)

gifte i 1942

Solveig var frå Ullahammaren og voks opp i Hånes-kyrkja. Lars var frå Gamlem. Dei budde først i Hånes-kyrkja, seinare i Brattvåg og Nøtterøy. Lars var skipsførar.

Dei hadde fire barn:
Sylvi, Jorun, Lars Sverre og Karl Rune



April 2014








Kristina Pettersdt. Tomren f. Fjørtoft
(1892-1970)
og
Ingvald Andreasson Tomren (1893-1979)

gifte i Haram kyrkje 7.5.1916

Kristina var frå Haram. Ingvald var frå Ullahammaren. Dei bygde seg hus innom Vålhaugen på Ulla. Ingvald var fiskar.

Dei hadde fem barn:
Hjørdis, Margit, Halldis, Anders og Petter



Mars 2014



Framme: Gustav Vebjørn og Emma Ulla
Bak: Jenny og Ola Strømme, Filipine Vatne, Ole og Berte Vatne, Laura Ullahammer


Emma Ulla f. Hovden (1884-1990)
og
Gustav Vebjørn Ulla (1881-1959)

gifte i Molde i 1918

Emma var frå Hovdebygda i Ørsta. Gustav Vebjørn var frå Kari-garden på Ulla.
Dei dreiv handel i Ullahammaren.

Dei hadde to barn:
Per og Frida



Februar 2014








Berte Mydske f. Søvik (1884-1960)
og
Martinus Hansson Mydske (1883-1971)

gifte i Haram kyrkje 14.11.1916

Berte var frå Søvik. Martinus var odelsgut i Hans-garden på Myskja. Dei dreiv Hans-garden.

Dei hadde fire barn:
Laurentse, Hans, Olav Lorents og Jon Magne



Januar 2014







Oddrun Ulla f. Uggedal (1930)
og
Johan Bjarne Ulla (1921-1993)


Johan var frå Jo-garden på Ulla og voks opp i Ullahammaren. Familien flytta til Gamlem og bygde hus der. Oddrun og Johan budde på Gamlem. "Store-Johan" som han vart kalla, åtte fiskebåten "Nystein".

Dei har tre barn:
Janne Olin, Linda Anita og Randi



Gå til toppen