ULLA



  
Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Månadens brudebilde - arkiv 2012


Månadens brudebilde - arkiv:   2009   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017


Desember 2012






Josefine Pedersdt. Ulla (1877-1963)
og
Nils Johanson Ulla (1875-1959)

gifte i Haram kyrkjr 17.11.1899

Josefine var frå Negard på Ulla. Nils var odelsgut i Kari-garden på Ulla. Dei dreiv Kari-garden.

Josefine og Nils hadde to barn:
Fridtjof og Peder


November 2012






Olga Åkre f. Stokke (1910-2000)
og
Knut Peder Åkre (1906-1982)


Olga var frå Stokke på Ellingsøy. Ho var søster til Lina Ulla som var gift med Jo-Andreas og tante til Signe Åkre som var gift med Karl K. Åkre. Knut var frå Ullahammaren. Han dreiv småfiske med "Trulsen" og han og Olga dreiv butikk i Ullahammaren.

Olga og Knut har ein son:
Per


Oktober 2012






Rebekka Rasmusdt. Ulla f. Aakre (1891-1982)
og
Karl Martinusson Ulla (1895-1956)

gifte 11. september 1921 i Haram kyrkje

Rebekka (Bekka) var frå Elling-garden på Åkre. Karl var frå Jo-garden på Ulla. Dei busette seg på Nordstranda på Haramsøy med småbruk, fiskebåt og kjøp og sal av fisk.

Bekka og Jo-Karl har 3 barn:
Borgny, Martin og Olga.


September 2012






Kristi Karlsdt. Aakre f. Ulla (1882-1959)
og
Elias Rasmusson Aakre (1878-1965)

gifte 1. oktober 1911 i Haram kyrkje

Kristi var frå Lars-garden på Ulla. Elias var odelsgut i Elling-garden på Åkre. Dei dreiv Elling-garden.

Kristi og Elias hadde 6 barn:
Rolv, Ingebjørg, Oline, Karl, Margit og Kirsti


August 2012






Svanhild Åkre f. Årseth (1920-1971)
og
Harald Åkre (1910-1995)

gifte 19. mai 1956

Svanhild var frå Austefjorden i Volda. Harald var frå Ullahammaren. Harald var fiskar på "Odin" og "Skarvaag". Dei bygde seg hus på Nordstranda på Haramsøy. Etter at Svanhild døydde, gifte Harald seg opp att med Dagny Bjørdal (1911-2006) frå Volda. Dagny og Harald budde i Volda.

Svanhild og Harald har ei dotter:
Kirsti


Juli 2012






Ragna Ullahammer f. Håvik
og
Petter Ingebrigtson Ullahammer (1879- )

gifte i Ålesund

Ragna var frå Ålesund med slekt frå Håvik i Brattvåg. Petter var frå Ingebrigtstova i Ullahammaren. Han var bror til Kristine som var gift med Edvard Verpeide. Ragna og Petter budde i Ålesund.

Dei hadde ein adoptivson:
Karsten


Juni 2012






Marie Johansdt. Gamlem f. Ulla (1879-  )
og
Iver Andreas Gamlem (1870-1933)

gifte i Haram kyrkje 27.1.1903

Marie var frå Kari-garden på Ulla. Iver var frå Gamlem. Han var reiar og fiskeskipper, mellom anna på båten "Barden". Marie og Iver budde på Gamlem og seinare i Ålesund.

Dei hadde eitt barn:
Fridtjof som døydde i krybbedød.


Mai 2012






Antonette Ullahamar f. Ulla (1907-1998)
og
Ole Ullahamar (1904-2001)

gifte i Haram kyrkje 16.10.1932

Antonette var odelsjente i Mette-garden. Ole voks opp i Gamlestova i Ullahammaren. Han var fiskar til han og Anto tok over Mette-garden.

Dei hadde 5 barn:
Jostein, Kirsti, Ottar, Oddbjørg og Astrid


April 2012






Sophie Methlie f. Løeg (1846-1928)
og
Joachim Holtermann Methlie (1846-1910)


Sophie var dotter til Andreas Løeg frå Valderøy. Ho var søster til Johan Herman Løeg. Joachim var son til bakermeister Methlie i Bergen. Han var handelsmann i Ullahammaren i 1870-åra. Dei budde i Gamlestova.

Dei hadde 2 barn:
Jacob Andreas Methlie (1879-1886) og ein gut med ukjent namn som døydde ung.


Mars 2012






Severine Olsdt. Ulla f. Haram (1896-1981)
og
Karl Ingvald Karlson Ulla (1887-1944)

gifte i Haram kyrkje 10.10.1915

Severine var frå Ole-garden på Haram. Karl Ingvald var odelsgut i Lars-garden på Ulla. Dei dreiv Lars-garden i tillegg til at Karl var fiskar. Karl omkom i åtaket på "Eira" den 24.10.1944.

Dei hadde 8 barn:
Ingebjørg, Kåre, Ola, Klara, Hallvard, Selma, Kristi og Oddny


Februar 2012






Petra Pedersdt. Tomren f. Austnes (1917-1999)
og
Julius Andreasson Tomren (1902-1984)

gifte i Haram kyrkje 12.7.1947

Petra var frå Ola-garden på Austnes. Julius var frå Ullahammaren. Dei bygde seg hus på Ola-garden på Austnes. Julius var fiskar mellom anna på "Ullaholm".

Dei har 3 barn:
Per Arne, Harald og Oddbjørn.


Januar 2012







Laura Ullahammer f. Ulla (1892-1983)
og
Severin Ullahammer (1880-1934)

gifte i Haram kyrkje 18.6.1920

Laura var frå Kari-garden på Ulla. Severin var frå Jubb-stova i Ullahammaren. Dei bygde seg hus på Håneset, den såkalla Hånes-kyrkja, i 1923. Severin var los.

Dei hadde 6 barn:
Solveig, Frøydis, Judith, Tordis, Kristian og Johan.


Gå til toppen