ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Fyrvaktarar

Malme
Rønnestad
Torgersen
Godø
Strømmen
Folkestad
Hammer-Olsen
Rønning
Kvaløy
Krøvel
Austnes
Kjerstad

Andreas T. Strømmen
fyrvaktar frå 1. oktober 1932 til 31. august 1945


I 2005 kom eg tilfeldigvis i kontakt med ei dame som heiter Paula Urke.  Ho vart berre kalla Palla, og ho budde på Kvernholmen frå 1937 til 1940.  Ho var 7 år då ho flytta derifrå.  All dokumentasjon om fyrvaktar Andreas Strømmen, har eg fått i samtalar med Paula Urke.  Ho bur no i Ulsteinvik.






Frå venstre:  Anna, Tutta, Karl, Margot og Andreas Strømmen.  Margot var stemor til Paula Urke. 
Foto utlånt av Paula Urke

Anna og Andreas Strømmen var begge frå Rissa i Trøndelag. Andreas Strømmen hadde truleg siste tenesta si i fyrvesenet på Ulla fyr, og då han reiste derifrå, vart han pensjonist.  Dei var begge veldig snille og godslege folk.  Dei var ikkje musikalske slik at dei spelte noko instrument, men dei lytta mykje til radio.  Radioen stod oppe i det vesle rommet ved fyrtårnet.  Strømmen var der oppe heile dagane og arbeidde med vedlikehald av fyret og stell av laksenøter.  I dette rommet var det ein divan, eit bord, ein stol og ein radio.  I uthuset stelte Andreas fisk og nøter, og der hadde Anna vaskerom.  I den andre enden var det utedo og plass til ved.  I fjøsen hadde dei ei ku, høns og sauer, men dei hadde ikkje gris.  Elektrisiteten kom til Ulla i 1923.  Såleis var det elektrisk lys på Kvernholmen den tida Strømmen var fyrvaktar der.  Dei nytta ved til oppvarming.  Fru Strømmen var heile dagane på kjøkenet.  På loftet var det to soverom som vende ned mot fjøsen. Palla låg på eitt av soveromma, og Anna og Andreas Strømmen på det andre.  Det var måla vegger på soveromma.  Etterkvart vart det ganske utrygt å halde til på Kvernholmen under krigen.  Det førte til at Anna, Andreas og dei to hundane, Lurv og Tass, flytta til Ulla.  Dei budde i Jo-garden der dei leigde hus på loftet hos Jo-Elias.  I den andre enden på loftet budde ei lærarinne som heitte Laura Vinsrygg.  Ho hadde også ein hund, og det var visst nokre basketak mellom hundane i Jo-garden den tida.





Frå venstre Lauritz Eikrem, Paula (Urke) og Margot Eikrem
Foto utlånt av Paula Urke




Frå venstre:  Anna Strømmen, Margot Eikrem f. Strømmen (stemor til Paula Urke), Lauritz Eikrem (far til Paula Urke), ukjend og Andreas Strømmen.  Framme med hunden:  Finn Eikrem (halvbror til Paula Urke). 
Foto teke etter opphaldet på Ulla fyr. 
Foto utlånt av Paula Urke


PAULA URKE PÅ ULLA FYR

Anna og Andreas Strømmen var ste-besteforeldre til Paula Urke, fødd Eikrem.  Ho vart berre kalla Palla, og ho kom til Ulla fyr i 1937.  Då var ho 4 år gammal.  Stemor til Palla heitte Margot og var dotter til Anna og Andreas Strømmen.  Foreldra til Palla budde på Søre Sunnmøre, og dei hadde så liten plass i husværet sitt i tida før krigen at det ikkje var plass til alle.  Derfor vart dei samde om at Palla skulle få vere ute på Ulla fyr saman med besteforeldra.  Ho var der i om lag tre år og flytta heim til Søre Sunnmøre sommaren 1940.  Palla bur no i Ulsteinvik. Det var farleg å ha born der ute med glatte berg og havet rundt på alle kantar.  No i ettertid kan ikkje Palla begripe at dei to gamle torde ta ansvaret for ein unge ute i det nakne havgapet. 

Kvar morgon fekk Palla bli med fyrvaktar Strømmen opp i fyret.  Der fekk ho høyre barnetimen for dei minste i radioen.  Strømmen sat ofte og bøtte laksenøter der oppe.  Han laga små nøster av bomullsgarn som han brukte til å lage og bøte laksenøter.  Når det var litt igjen av nøstet, fekk Palla tre nåla, og inni der var eit gråpapir med ein knekk kokesjokolade inni.  Den var Palla sin.  Så ho var villig å tre nål,  for det lønte seg.

I denne tida var det ein stor koloni med småmåse som heldt til på Kvernholmen.  På vårparten når måsen hadde lagt egg, tok fru Strømmen med seg ei korg og plukka måseegg.  Palla syns ikkje at dei var gode.  Men når det var sesong, då måtte ein nytte ut ressursane medan dei var der.  Dei kokte og steikte egg, og brukte egg til å lage vaffelkaker.  



Foto utlånt av Paula Urke

Norske marinegastar kom ut til Ulla fyr før krigen.  Dei syns det var stas med ei lita jente, og dei leika av og til med Palla.  Ein av dei song ”Jungmann Jansson” for henne, og Palla lærte 1. verset av han utanåt.  Så kom krigsutbrotet, og det vart eit sjokk for Palla.  Det var ikkje bombing akkurat over Haramsøya, men ein kunne godt høyre bombinga litt lenger sør frå.  Ho vart så skotredd og fekk bombesjokk.  Det er ikkje noko rart for ei jente på knapt 7 år. Palla var stiv av skrekk, og då varma dei vatn på omnen i kjøkenet slik at ho fekk puste inn damp.  Det var berre så dampen rann av veggane på kjøkenet.  Så kom tyskarane til Kvernholmen og slo seg ned der i eigne brakker.  Då dei kom dit, oppdaga dei at Palla var skotredd, og dei skaut opp i lufta for å skreme henne.  Ho vart stiv som ein pinne att slik som under krigsutbrotet. 

Dersom ein skulle til Ulla, måtte ein ro over Kvernholmsundet.  Dette kan Palla godt hugse.  Ho begynte på skulen på Ulla då ho var 6 år, eitt år før dei andre.  Det var for å få henne med blant andre ungar slik at ho skulle få avveksling og vere i lag med venninner.  Ho gjekk der i eitt år.  Når det var stygt ver, overnatta ho på Ulla hos foreldra til venninna Palma Ulla.  Palma var dotter til Olaus P. Ulla, eller OP som han vart kalla.  Ho var mykje i lag med henne.  Palla kunne ikkje hugse kven som var lærar på skulen, men det var truleg Anna Rørvik.  Ei jul kunne ho hugse at dei reiste til kyrkje på Austnes.  Palla vart sett til nyttig arbeid rett som det var.  Ho var ofte oppe i tårnet og fekk pusse linsene.  Så var det leik i fjøra.  Der leitte ho sjel, kukkelur, krabbe og tang og tare.  Margot, stemor til Palla, budde på Søre Sunnmøre.  Ho kom av og til på besøk på Kvernholmen om sommaren.  Då hadde ho med seg søskena til Palla, Birger og Finn.

Palla fylte 7 år i juni 1940 og var reist frå Kvernholmen då.



INNSJØEN PÅ KVERNHOLMEN








Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2007



Aust for fyrtårnet ligg det eit lite vatn.  Sjå fotografi ovanfor.  Om vinteren hender det at det frys is på vatnet slik som på fotografiet til venstre.  Som lita jente oppfatta Palla dette vatnet som ein stor innsjø.  Alt som vaksne opplever som smått, blir for eit barn kjempestort.  Men i alle fall kunne Palla hugse at vatnet vart brukt til leik, og Andreas Strømmen var med på leiken.

Andreas Strømmen hadde to fuglehundar, ein heitte Tass og ein heitte Lurv.  Andreas tok med seg ein kjelke, dei to hundane og Palla ned på vatnet og leika.  Dei brukte å feste kjelken til hundane, og så drog hundane Palla på kjelken rundt og rundt på vatnet.  Anna var nok litt redd for at det skulle skje eit uhell når dei leika slik, ho stod som regel oppe i stoveglaset og passa på at det ikkje gjekk for vilt for seg.

Det var rart for Palla å kome tilbake til Kvernholmen no i vaksen alder og sjå at det store vatnet var ikkje så stort likevel.  Det er ikkje større enn eit stovegolv.  Det er merkeleg korleis perspektivet endrar seg med åra.


EIT PAR HISTORIER

Ein gong skulle Andreas Strømmen og Palla ro over Kvernholm-sundet.  Palla skulle på skulen.  Det var ikkje så fint ver, og brått kom ei kastebyge og velta færingen.  Andreas og Palla datt uti sjøen.  Ho hugsa at matbomma (matskrinet) låg og flaut på sjøen.  Oppi der låg det to skiver med brunost.  Då Strømmen hadde redda henne på land, sa han:  ”Palla, det blir ikkje noko skuledag på deg i dag.” 

Så var det ein gong det var meldt stygt ver. Kjøkenet vende oppover mot fyret med eit vindauge utover mot sjøen.  Før stormen slo til, kom Andreas Strømmen og spikra lemmar utanpå vindauga for å ta av for styggeveret.  Brått small båra inn i veggen, knuste lemmane og vindauget, og båra slo inn i kjøkenet.  Palla kunne hugse at teppa flaut på golvet.  Det var ein stor ovn på kjøkenet, og det susa kraftig i ovnen då båra slo inn i kjøkenet den gongen.  Andreas Strømmen var førebudd på uver, men likevel vart det så mykje verre enn han hadde rekna med.  Det er klart at slikt gjer inntrykk på ei lita jente.  Ein kan bli redd av mindre.


Gå til toppen