ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Fyrvaktarar

Malme
Rønnestad
Torgersen
Godø
Strømmen
Folkestad
Hammer-Olsen
Rønning
Kvaløy
Krøvel
Austnes
Kjerstad

Christian Malme
fyrvaktar frå 25. januar 1874 til 7. desember 1878

Det hadde seg slik at assistenten ved Lista fyr i november 1873 fekk ordre om å innfinne seg i Ålesund, der han skulle treffe nytilsett fyrvaktar Christian Malme ved Ulla fyr.  Han skulle ha med seg ei fyrlykt frå Lista.  I Ålesund skulle dei to ta med seg eit oljefat til Kvernholmen "hvilket efter Ankomsten til Ulla bliver at aftappe, og som sædvanligt i Vidners Overvær at opveie".  På Ulla skulle han "anbringe Apparatet, prøve Lamperne, og gjøre Fyrvogter bekjendt med alt til hvad Fyret og dets Røgt henhører".

Og Ulla fyr vart såleis tent 25. januar 1874.  Fyret gav eit fast kvitt lys av 6. orden (lågaste orden, svakaste lys) og skulle lyse innover mot Ullasundet "til Veiledning under Fiskerierne".

Den første tida då Christian Malme var fyrvaktar, var Ulla fyr eit fiskefyr.  Det vil seie at det berre skulle brenne i fisketida frå 25. januar til 8. april.  For denne oppgåva skulle fyrvaktaren ha 25 spesidalar i løn og fri bustad.  Lønna var for så vidt grei, men fri bustad på Kvernholmen vil i den tida seie eit lite rom i tilknyting til fyrtårnet.  Bustadhuset var ikkje bygt då, så det var nokså kummerleg.  Fyrvaktar Christian Malme var opphavleg murmeister og hadde rikeleg erfaring i arbeid med oppføring av fyr langs kysten.  Han vart tilsett som fyrvaktar på Ulla fyr frå starten 25. januar 1874.  Han stod elles til disposisjon for Fyrdirektoratet i dei periodane av året når Ulla fyr var sløkt.  Mellom anna var Christian Malme med i eit arbeidslag frå Sunnmøre som i 1875 sette opp Træna fyr på Helgeland i Nordland fylke.