Fyrvaktarar
Olav Hammer-Olsen (f.
1909 d. 1992)
fyrvaktar frå 26.
april 1946 til
27. juli 1950
Ved hjelp av Kjell Viken og
Oddmund
Fløtre i Dalsfjorden kom eg i kontakt med Julie
Hammer-Olsen som
var gift med fyrmeister Olav Hammer-Olsen. All
dokumentasjon om
den delen av historia om Ulla fyr har eg fått i
telefonsamtale
med henne i 2006. Ho var då 88 år
gammal. Julie
Hammer Olsen budde då i Haugesund og var i god form men
litt
dårleg syn.
Her ser vi
Olav
Hammer-Olsen
saman med
schæferhunden sin
Foto
utlånt
av Julie
Hammer-Olsen
Julie er nordfrå,
fødd i
Namdal i 1918, men foreldra var frå Troms.
Ektemannen Olav
Hammer-Olsen var frå Berlevåg. Han var
fødd i
1909 og døydde i desember 1992. Far hans var
også
fyrvaktar, mellom anna på Alnes fyr på
Godøya.
Han heitte Ragnvald Olsen. Olav Hammer-Olsen var
midlertidig
fyrvaktar på Ulla fyr i fire år frå1946 til
1950. Den eldste dottera, Tove, gjekk på skule
på
Ulla første skuleåret med Ingeborg Myskja som
lærar. Då ho skulle byrje på skulen,
vurderte
dei å leige seg hus på Ulla slik at det skulle bli
lettare
for dei, men det vart ikkje noko av. Andre dottera deira,
Vigdis,
vart fødd i 1949 medan dei var på Ulla fyr.
Det vil
seie at Julie reiste til Ålesund for å føde,
og
fødselen skjedde på Ålesund sjukehus.
Det
tredje barnet var ein gut som heiter Roy. Han vart
fødd
etter at dei reiste frå Ulla fyr.
Saman med ektemannen Olav
Hammer-Olsen budde Julie på fyrstasjonar i 26 år
på
Møre. Dei kom først til Erkna fyr i Giske
kommune
der Olav var reserveassistent. Så hadde han teneste
ved
Hauggjegla fyr utanfor Veidholmen på Smøla og
Flatflæsa fyr før dei kom attende til Erkna fyr i
1941.
Eldste dottera, Tove, vart fødd på sjukehuset i
Ålesund i mai 1942 medan dei var i teneste på
Erkna.
Så gjekk vegen til Ulla fyr i 1946 der dei var til
1950.
Etter bombinga av Ulla fyr den 24. oktober 1944, brann
fyrtårnet
ned til grunnen. Men bustadhuset, uthuset, fjøsen og
naustet stod att. Det vart sett opp ei midlertidig gasslykt,
såkalla Aga-lanterne, der det nedbrende fyrtårnet
hadde
stått. Det var ikkje så veldig mykje arbeid for
Olav
å sjå til at lykta var i funksjon, så han hadde
god
tid til andre ting. Han var svært glad i å lese
bøker. Som andre fyrvaktarar på Ulla fyr, hadde
han
lakserett. Han stelte laksenøtene og selde laks som
han
hadde tilleggsinntekt av. I naustet hadde han ein
robåt. Det var ei renne frå naustet og ut i
sjøen slik at han kunne dra opp båten med ein vinsj
som
stod øvst oppe i naustet.
Dette
er
eit
eineståande
fotografi frå Kvernholmen frå tenestetida til
Hammer-Olsen.
Vi ser Julie og eldste dottera
Tove
saman med kua
som dei hadde på holmen. Foto utlånt av
Julie
Hammer-Olsen
I fjøsen hadde dei ei ku,
men
ikkje andre husdyr. Julie og Olav samarbeidde med
dyrestellet. Kvart eit grasstrå på Kvernholmen
vart
slått for å få nok fôr til kua. Det
gjekk
ganske greit. Utanfor fjøsen var det ein
støypt kum
der dei samla opp regnvatn frå taket. På den
måten hadde dei nok vatn til kua der nede ved
fjøsen. På same måten var det ein kum
under
bustadhuset der dei samla opp regnvatn. Det var ei
handpumpe oppe
i kjøkenet så dei kunne pumpe opp vatn til vasking
og
matlaging. Det var nok vatn til ei kvar tid, dei kunne
ikkje
hugse at dei var fri for vatn nokon gong. På alle
måtar var situasjonen mykje betre på Kvernholmen enn
på Erkna. På Erkna brukte dei torv til
oppvarming,
med det vart ikkje brukt på Ulla fyr. For det
første
så var der tilgang på elektrisk kraft, og dessutan
samla
dei rakved som vart kutta opp og brukt som brensel i
kjøken og
stove. Det var greit å bu i gamlehuset, med ei bitte
lita
stove og kjøken i første etasje med to soverom med
skråtak i andre høgda. Du veit, ein var ikkje
så fordringsfulle i den tida. Alt måtte
fungere med
ei småjente og ei nyfødd jente på
Kvernholmen.
|
|
Når ein skulle til Ulla,
var
det vanleg å ta robåten og ro over
Kvernholmsundet.
Men i fjøre sjø kunne ein gå
tørrskodd over
på steinane. Det var ikkje like kjekt å kome
seg over
sundet i flo sjø, og når det var dårleg
ver.
Då Tove gjekk på skulen på Ulla siste
året dei
var der, måtte ho kome seg over sundet to gonger kvar
dag.
Innkjøp vart gjort hos handelsmannen, Gustav V. Ulla i
Ullahammaren. Den siste tida dei var på Kvernholmen,
flytta
dei inn i det nye bustadhuset slik at dei fekk høve til
å
rive det gamle bustadhuset og ta det med til Volda.
Ikkje lenge etterpå fekk Olav Hammer-Olsen teneste ved
Røværsholmen fyr ved Haugesund der familien vart
buande i
40 år.
|
|
PÅ FLYTTEFOT
Far til Olav
Hammer-Olsen, Ragnvald Olsen, kjøpte det
gamle
bustadhuset på Ulla fyr og frakta det til Volda,
der dei sette
det opp
att. Grunnen til at dei flytta til Volda, var at
Ragnvald hadde
budd
der tidlegare, og at han hadde ei dotter der. Då
dei skulle
flytte til
Volda, fekk dei skyss av Kåre Ulla i
motorbåten hans.
Fotografiet til venstre er nok ikkje frå den
gongen dei flytta
frå Ulla fyr, men det viser familien
Hammer-Olsen på
flyttefot frå eit anna fyr, kanskje då dei
flytta frå
Erkna til Ulla fyr. Olav Hammer-Olsen heilt til
venstre.
Foto
utlånt av
Julie Hammer-Olsen
|