Fyrvaktarar
Jacob Folkestad (f. 1904)
fyrvaktar frå 31.
august 1945 til
26. april 1946
Jacob Folkestad hadde eit kort
opphald som fyrvaktar på Ulla fyr etter at Andreas
Strømmen reiste derifrå etter andre
verdskrig. Det
var truleg berre eit engasjement inntil ny fyrvaktar kunne
tiltre. I motsetning til Folkestad hadde dei andre
fyrvaktarane
på Ulla fyr relativt lange tenester der. Jacob
Folkestad
hadde erfaring frå fyrarbeid og som fyrvaktar før
han kom
til Ulla fyr. Etter at han slutta på Ulla fyr,
begynte
Jacob som fyrbetjent på Kjeungskjær fyr ved
Ørlandet
den 27. mai 1946. Han vart fyrmeister der i 1948.
Han
slutta som fyrmeister ved Kjeungskjær fyr ein gong mellom
1961 og
1967.