ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Oppdatering 2023

Oppdatering andre år: 
2005  
2006   2007   2008
  2009   2010   2011   2012   2013   2014    2015   2016   2017   2018   2019
2021   2022   2023   2024



20.12.2023
I dag minnest eg foreldra mine med dette diktet frå far til mor 31.desember 1949. Mor var frå Losgarden på Ullahammaren og far frå Mette-garden på Ulla. Far var veterinær, og i 1949-50 var han på kvalfangst om bord i kvalkokeriet "Kosmos V" i Sørishavet. Han hadde ansvaret for kvaliteten på kvalkjøtet. Nesten kvar dag på denne turen skreiv han eit dikt, ofte til mor. Dette er nyttårshelsinga frå Johan Bernt til Helga.


Nyttårshelsing

 

Dagboka 31. desember 1949

 

Så ebbar gamleåret ut,

og tanken samlar minna.

Så mykje sælt, så lite sut

og det som var er avgjort slutt,

og kan i æva svinna.

 

Mitt kjære viv, eg sender deg

så mange varme tankar.

Du gav så rikt, eg kravde, eg –

var ofte tverr og vanskeleg,

no sit eg her og ankar.

 

Men eg skal alltid prøve på

å vere betre mot deg,

så ikkje du skal lida få

når eg vert harm og lei og brå –

når nokon ting går mot meg.

 

Der er så mykje herleg herk

i denne skitne verda.

Og ein lyt vere frekk og sterk

med pontlerhud, helst vill berserk,

vil ein bli med på ferda.

 

Men du er mild og god og varm

du gav meg mod og styrke.

Når eg fekk kvile på din arm,

eg gløymde allslags strid og harm

og motgang i mitt yrke.

 

Eg takkar deg for alt du gav

med vare, mjuke hender.

Ei helsing frå det store hav,

når gamleåret hallar av

til deg eg heimatt sender.

 

Tekst: Johan Bernt Ulla





Helga Klara Ulla f. Åkre (1918-2010) og Johan Bernt Ulla (1917-1961)



1.12.2023
Månadens foto: Soloppgang ved Ullasundbrua 16. mai 1976. Foto Knut Hallvard Ulla. Lenke
Månadens brudebilde. Astrid og Tor Pettersen. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Bodil Nilsen til toppen i VM-song i 1981. Lenke
Fotoalbum Mette-garden på Ulla. Lenke

Med "Remtoft" på rekefiske på Vest-Grønland i 1975-76. Fotoalbum: Lenke   Forteljing: Lenke





Bilde til venstre: Nesten forlis utanfor Holsteinsborg i desember 1975.
Til høgre: Bilde av trålbas Per Fjørtoft. Han omkom i ei ulykke 3. januar 1976. Han fall over bord.
Det var iskaldt og mørkt heile døgnet. Etter lang tids leiting måtte vi gi opp. Vi fann ikkje Per att.
Foto: Knut Hallvard Ulla



1.11.2023
Månadens foto: To Ullasund-bruer. Foto: Synnøve Rogne Haram februar 1997. Lenke
Månadens brudebilde. Anita Myklebust Ulla og Jan Rune Ulla. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Opning av den nye Ullasund bru februar 1997. Lenke
Ole Ullahamar først over brua. Lenke
Fotoalbum Jo-garden på Ulla. Lenke
ULLANETT på You Tube.  Lenke
Knut Hallvard Ulla i intervju med Magnus Tomren i 2004 del 2. Lenke



Frå messa på "Ullaholm". F.v Hans Tomren, ukjend, Magnus Tomren, Birger Tomren, Oddmund Haram



1.10.2023
Månadens foto: Bjørnsonprofilen. Lenke
Månadens brudebilde. Marit og Arne Joar Verpeide. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Karl E. Aakre (Elling-Karl) fyller 60 år i 1979. Lenke
Fotoalbum Ingeleiv-garden på Ulla. Lenke
ULLANETT på You Tube.
Knut Hallvard Ulla i intervju med Magnus Tomren i 2004 del 1. Lenke
Del 2 intervju med Magnus Tomren kjem i november 2023



Magnus Tomren med bilde av "Ullaholm"
Foto: Knut Hallvard Ulla - 2004



1.9.2023
Månadens foto: Med "Skarvaag" på tur til Ulsteinvik 1953. Lenke
Månadens brudebilde. Kirsti og Helge Verpeide. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Fotoalbum Lars-garden på Ulla. Lenke

Kåre Ulla og Kenneth Ulla. Restaurering av Ulla-nausta 1975
Foto: Knut Hallvard Ulla.

 



1.8.2023
Månadens foto: Parti frå Ullahammaren 2007. Lenke
Månadens brudebilde. Eva og Egil Verpeide. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Fotoalbum Haramsgardane. Foto Knut Hallvard Ulla 2003. Lenke



Åmund-garden på Haram. Dette huset vart rive for eit par år sidan.



1.7.2023
Månadens foto: Ullanausta. 2011. Lenke
Månadens brudebilde. Britt og Harald Tomren. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Brev frå Johan Bernt Ulla til Janna Åkre. 1943. Lenke
Månadens medieoppslag. Gamle-Nils. 95-årig jubilant på Austnes. Lenke


Her er bilde av Gamle-Nils 92 år gammal. Han vart 102 år gammal.
Foto: Knut Hallvard Ulla 17. mai 1976

Nils Vilhelm Larsson Austnes (1884-1986), gift i 1915 med Anna f. Flem (1886-1962). Foreldra til Gamle-Nils var Ragnhild f. Aakrerem og Lars f. Urkedal. Lars kom til Ulla i 1859, og han var på Ulla i 16 år til han vart gift med Ragnhild. Han var fiskar og dreng i Ingeleivgarden og Sjur-garden. Han hadde også tilknyting til Hammars-Ola i Ullahammaren. Samtidig kom Ragnhild til Ulla som tenestetaus i Sjur-garden og Gamle Svendsen. Lars og Ragnhild vart kjende med kvarandre då dei kom til Ulla. Dei gifta seg i 1875 og kjøpte seg ein gard på Austnes. Her var det Gamle-Nils vaks opp. I 1913 starta han opp med trelasthandel.
Dette er opphavet til N. L. Austnes Trelasthandel.



1.6.2023
Månadens foto: Ullahammaren 2023. Lenke
Månadens brudebilde. Aase Johanne og Kåre Inge Rudi. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Fotball-leik på Ulla-sanden i 1938. Lenke
F.v. Elias-buda, Elias-stova og Gamlestova. Legg merke til at sanden var så stor at det var plass til å sparke fotball for gutungane.

Restaurering av Ulla-nausta i 1996.  Lenke
Meir om Ulla-nausta neste månad.



1.5.2023
Månadens foto: Vardebrenning oktober 2020. Statens forbrytelse mot Haramsøya. Lenke
Månadens brudebilde. Kirsti og Knut Erik Kirkeby. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Dyrking på Haramsfjellet 1980. Lenke

Foto av Ulla-nausta. Stormskade i 1972.  Lenke
Meir om Ulla-nausta neste månad.





1.4.2023
Månadens foto: Brød til sals ved Kitta-huset på Ullahammaren 1976. Lenke
Månadens brudebilde. Ann Siri og Øyvind Verpeide. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Nytt klassebilde. Haramsøy skule 8. klasse jenter 1964. Lenke
Foto av Ullanausta i 1960.  Lenke

Media. Høysesong for skolekorpsene i 1979. Intervju med dirigent Staale Leiv Aasebø. Lenke

Vi nyttar høvet til å gratulere Staale med 80-årsdagen den 15. april 2023. Hurra for Staale den gode nabo på Høgda på Ullahammaren


YouTube. Per Ulla i intervju med Sevrin G. Ulla 1973 del 1. Lenke
Kulturhistorie med tema frå Ulla.
Spol til det temaet du vil høyre, minutt for minutt.
Dikt av Elias Aakre  0-1.  Losar 1-6.  Ulladalen 6-12. Ullatunet og kvernhus 12-31.
Ullanausta 31-34.  Skule 34-42.  Litt religion 42-46.


Per Ulla
(1919-2006)

Sevrin G. Ulla
(1909-1989)



1.3.2023
Dei etterlyste modellane på Ulla Skulehus er komne til rette anonymt.
Månadens foto: På tur i Kvernholmsundet 1975.
Lenke
Månadens brudebilde. Eli og Jostein Ulla. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Haram Sparebank. Tilsette i gamlebanken 1968.  Lenke
Jon Hagen, Ingvar Eidskrem, Lars J. Nogva, Helga Ulla, Otto Standal

YouTube. Knut Hallvard Ulla i intervju med Petter I. Tomren i 2003. Lenke

Dette intervjuet gjorde eg med Petter I. Tomren (1929-2018) i 2003. Petter var son til Ingvald og Kristina Tomren. Han voks opp i huset deira innom Vålen på Ulla. Petter var fiskar til liks med mange i Tomren-slekta. Han dreiv mellom anna fiske saman med svogeren Ola Ulla på båten "Modig".

Petter I. Tomren og Knut Hallvard Ulla
Foto: 2005
                     M-71-H "Modig"




1.2.2023
Månadens foto: Modellar av klyngetunet på Ulla og Ullanausta. Lenke
Månadens brudebilde. Åse Marie og Karl Ståle Ulla. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Månadens medieoppslag. Haramsøy  IL fotballag etter krigen. Lenke
Media. Nordlicht (Ishavsfolk). Film frå Ulla og Longva 1938. Lenke
Media. Nordlicht (Ishavsfolk). Ulla og Haramsøya 1938.   Lenke

Modellane av klyngetunet på Ulla og Ullanausta forsvann truleg frå Ulla Skulehus i juni 2021. Modellane er framleis sporlaust borte. Skulehuset har vore låst heile tida, og det har ikkje vore innbrot. Det er derfor sannsynleg at nokon kjenner til forsvinninga. Eg har leitt overalt, brukt sosiale media og aviser til etterlysning utan hell.

Tenk på kva Johan Bernt gjorde i 1944 slik han skildrar det i brevet nedanfor. Tenk på alt arbeidet som vart lagt ned i utallige timar med modellane og kor stor verdi dette har nesten 80 år etterpå. Far var eit stort forbilde for meg. Derfor laga eg modellen av Ullanausta for nesten 50 år sidan. No er begge modellane borte.

Faksimile av brev frå Johan Bernt Ulla til Per Ulla 14.11.1944.  Lenke
Brev frå Johan Bernt Ulla til Per Ulla 14.11.1944. Lenke
I dette brevet skriv Johan Bernt mellom anna om arbeidet med å lage modellen av klyngetunet:

"Dessuten driver jeg litt som snekker, jeg har blant annet laget en modell i tre av det gamle Ullatunet. Målestokken er i forholdet 1:200. Jeg har gjort alt så omhyggelig og nøyaktig som utsagn og tomter tillater det. Jeg syns det var et morsomt arbeide, og dessuten syns jeg det var på høy tid det ble gjort, for det tynnes temmelig fort i den flokken som ennå husker hvordan husene stod for 50-60 år siden. Det er så mye som er blitt forsømt å ta vare på av gammelt her i bygda at jeg vil gjøre mitt beste for for å ta vare på det som ennå kan bevares."


Knut Hallvard Ulla med
modellane. Foto 1975

Far min, Johan Bernt Ulla, like før
han døydde i 1961, 43 år gammal



1.1.2023
Månadens foto: Birger Tomren, Jostein Dahl og Ottar Ulla. 1965. Lenke
Månadens brudebilde. Marion og Per Austnes. Lenke
Månadens dialektuttrykk. Lenke
Media. Nordlicht (Ishavsfolk). Film frå Ulla og Longva 1938.
Media. Nordlicht (Ishavsfolk). Ulla og Haramsøya 1938.

YouTube. Knut Hallvard Ulla i intervju med Ingeborg Myskja i 2007.



Ingeborg Johanne Myskja f. Austnes (1923-2018). Ho var dotter til Karl Larsson Austnes (1890-1980) i Lars-garden på Austnes og Anna f. Vatne (1892-1980) frå Vatne. Ingeborg vart gift med Olav Hallstein Myskja (1922-1990) frå Marka-garden på Myskja. Ingeborg var lærarinne, utdanna ved lærarskulen i Volda. Dei budde i Volda.

Ingeborg var lærarinne på Ulla Skule i perioden 1951-1953.

Intervju med Ingeborg på denne  Lenke



Gå til toppen