ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Oppdatering 2007

Oppdatering andre år:
2005  
2006   2007   2008   2009
   2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018   2019
  
2021   2022   2023   2024



18.12.2007
God jul og godt nyttår til alle som har vitja Ullanett. Det er inspirerande og heilt avgjerande å få så mykje positiv tilbakemelding frå nær og fjern. Takk til alle som har bidratt med kulturhistorisk dokumentasjon, forteljingar, tekstar og ikkje minst fotografi. Eg kan love at eg framleis har mykje stoff som vil kome inn etter kvart med oppdatering kvar månad. Takk for ein vellykka Ullafest. Vi ser fram til ny fest siste helga i juli 2008. Då blir det tema om gardane og slektene på Ulla.
På startsida kan du no høyre to julesongar som vart innspelte av Simen og Bendik Ulla i 2002.

1.12.2007
Nytt månadens foto av Karl Svendsen. Så har eg omredigert litt på startsida. Under fotografiet av Ullahammaren finn du no desse lenkene: Fotoalbum, månadens foto, forteljingar og Songen om Ulla.  Forteljingar er altså ein ny katalog. Her kan du no lese om "Oksen frå Haramsøya".  I denne katalogen har eg tenkt å leggje inn meir stoff for den som likar å lese meir omfattande tekstar. Følg med!
No har eg kome ganske langt med oppdatering om lærarane på Ulla skule. Sjå denne lenka.  Til slutt kan du lese eit dikt av far: Jul i Ras Tamura 1949 på turen til Sørishavet på kvalfangst med Kosmos V. Lenke.

1.11.2007
Nytt månadens foto. Så har eg lagt inn fotografi og stoff om lærarane på Ulla skule.

1.10.2007
Nytt månadens naturfoto frå fjellet på Flem mot Ulla. Så har eg funne tak i ein raritet frå gamle dagar; ein heimelaga teikneserie om ei daglegdags hendig på Ulla i 1930-åra.  Sjå presentasjon, diktsamling Johan Bernt Ulla, eller denne lenka.

15.9.2007
Kart over Møre og Romsdal og Haram er lagt inn på startsida. To nye bidrag frå Johan Bernt Ulla: Hummarfest 1944 og prolog frå vigslinga av Austnes skule i 1959 finn du under: Presentasjon, diktsamling Johan Bernt Ulla. Så har eg starta med dokumentasjonen av lærarane ved Ulla skule. Du kan no lese om Andreas Grytnæs, Laurits Rørvik og Olavius Alme. Det kjem fleire snart...

1.9.2007

Ein liten status etter litt over to år med Ullanett:  Eg har no om lag 1300 objekt inne på heimesida.  Av desse er det 140 objekt som dannar strukturen, ca 1150 fotografi og ca 10 tekst- og lydfiler.
Sjå nytt månadens fotografi: Fotballaget frå Ulla ca 1940.  Eg har lagt inn oversikt over alle lærarane på Ulla skule, og dei klassebileta som eg har frå 1923 til 1958. Så har eg lagt inn katalogane under "Kulturliv".

16.8.2007

Etter Ulla-festen vil eg no leggje inn det stoffet som eg presenterte og kanskje endå meir.  No har eg lagt inn hovudkatalogane for Ulla skule. Sjå klassebilete frå 1923. Det kjem meir etter kvart....

31.7.2007
Nytt månadens foto: Familien Tomren i Ullahammaren.  Og masse bilde frå Ulla-festen 2007.

1.7.2007
Nytt månadens foto:  Jan Gunnar Åkre lærer å ro i 1977.  Elles nytt fotoalbum: Naturbilete frå Ullaholmen 2007.
Ulla-festen nærmar seg.  Årets tema: Skule og kulturliv.

1.6.2007
Sjå nytt månadens foto: Gamle hus i Ullahammaren. 
Eg har vidare oppretta ein ny katalog: Vålen.  Dette området sør for Ullahammaren, frå Løeg-fyret til Ingvald Tomren-huset, har ei viktig historie om mellom anna rorbuder nede ved sjøkanten og sommarfjøsar frå Vålhaugen og innover.  Innhald i katalogen kjem seinare. 
Så har eg planar om å lage ei samling av far sine songar, dikt og prologar.  Eg har oppretta eiga lenke under Presentasjon.  Førebels er det berre nokre eksempel her.  Meir i vente!
Til slutt finn du no det eg har av stoff om nest siste fyrmeisteren på Ulla fyr:  Hans Olaus Karlson Austnes, eller Ola-Hans som han vart kalla.

16.5.2007
No kan du sjå fotografi av fyrvaktarar i etterkrigstida,  Rønning, Krøvel og Kvaløy.  Manglar no berre dei to siste:  Austnes og Kjerstad.

1.5.2007
Fyrvaktar Olav Hammer-Olsen er no komen inn på plass.  Les om han og sjå fotografi frå rett etter andre verdskrig. 
Så har eg endeleg lagt inn litt på kvart hus i Ullahammaren.  No er det inne i det minste fotografi av alle husa.
Elles nytt månadens fotografi.

15.4.2007
No har eg lagt ut detaljerte slektstre for alle gardane på Ulla.  Du finn dei på eiga overskrift SLEKTSTRE med lenke til eit vedlegg under kvar gard.  Førebels har eg berre lagt ut slektstre for dei 8 gardane på Ulla.  Slektstre for slektene i Ullahammaren skal kome etter kvart.

1.4.2007
No kan du lesa historia om fyrvaktar Strømmen.  Ferdig.  Elles månadens foto:  Anders Tomren.  Lenke.

20.3.2007
Sjå nytt fotoalbum:  GLANSBILDE frå Ulla der eg har valt ut ein del av mine skrytebilde frå Ulla.  Lenke.

3.3.2007
No kan du lese litt om fyrvaktar Petter Godø og sjå nokre unike fotografi av den særmerkte fyrvaktaren.  Elles nytt månadens foto for mars 2007:  Ruskever med rennjeføk og tynnjaknuta inn Ulla-sundet.  Lenke.

15.2.2007

Sjå nytt fotoalbum:  Ulla i vinterdrakt på denne lenka.

1.2.2007
Eg har no starta med oppdatering av opplysningar og fotografi av fyrvaktarane.  Strukturen er ferdig, og førebels er eg ferdig med nokre få fyrvaktarar.  Elles har eg merka meg at Ullafyrets venner har laga heimeside.  Denne har eg lagt inn i mine lenker:  Ulla fyr.
Dette ser veldig fint ut.  Elles kan du sjå nytt månadens bilde for februar på startsida mi.

1.1.2007

Godt nytt år til alle.  No er eg ferdig med Ulla fyr, gjenreising.  Om fyr står det att:  Fyrvaktarar, Ullahammer fyr og Ullasund fyrlykt.  Eg har oppretta ein ny katalog:  Næringsliv.  Her har eg planar om å skildre ulike yrke på Ulla opp gjennom tidene, og då snakkar eg ikkje berre om bonde og fiskar, men eit 20-tals andre yrke attåt.  Som alle forstår, blir eg ikkje arbeidslaus med det første.  Førebels arbeider eg med skulesoga, så får det andre kome etter kvart.  Elles kan du sjå nytt månadens foto på denne lenka.


Gå til toppen