ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Oppdatering 2006

Oppdatering andre år:
2005  
2006   2007   2008   2009 
  2010   2011   2012   2013   2014   2015   2016   2017   2018   2019
 
2021   2022   2023   2024



23.12.2006
Eg vil takke for eit aktivt kulturhistorisk år, og ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år med ei helsing frå Ullanett:  Julesongen "En stjerne skinner i natt" framført av Simen og Bendik Ulla, jula i 2002.  Høyr på denne lenka.

16.12.2006
Sjå nytt fotoalbum:  Stormdag på Ulla siste helga i november 2006.  Sjå denne lenka.

1.12.2006
Sjå nytt månadens fotografi.  Eit fantastisk fint bilde av "Ullaholm".  Elles er eg nesten ferdig med Ulla fyr, gjenreising.
Sjå også ny katalog:  Kulturliv.  Dette blir ein del av kulturinnslaget på Ulla-festen i 2007:  Skule og kulturliv.

1.11.2006

Sjå nytt fotoalbum med fotoserie om Sevrin G. Ulla, Ingeleiv-Sevrin frå 1976.  Elles nytt månadens bilde for november.

14.10.2006
Sjå nytt fotoalbum med bilde frå Ulla fyr.

1.10.2006
Sjå nytt månadens foto for oktober 2006.  Dessutan nytt fotoalbum med biletserie frå "Ullaholm".  Sjå også oppdateringar om Ulla fyr der eg no er ferdig med Fyrhistorie og Gamle-fyret.

1.9.2006
Sjå nytt månadens foto for september.  Elles har eg begynt å leggje inn stoff om Ulla fyr etter temaet på Ulla-festen i juli.  Her kjem meir om emnet framover i september, så følg med.

31.7.2006

Sjå bilda frå Ulla-festen 2006 på denne lenka.  Sjå også nytt innslag:  Månadens foto på startsida.  Det vil kome nytt foto her kvar månad.

12.6.2006
Det blir ikkje fleire oppdateringar med det første.  Grunnen til det er at eg arbeider med årets tema til Ulla-festen som blir laurdag den 29. juli kl 1300.  Tema blir:  Fyr og losar.

20.5.2006
Sjå nye fotografi under Ulla-garden:  Ingeleiv-garden og Negard.

7.5.2006
Lagt inn teikningar av Sunnmørs-åttringen med nøyaktige namn på utstyr.  Sjå denne lenka.

28.4.2006

Lagt inn brudebilde frå Kari-garden 1909 med nøyaktige personopplysningar om dei fleste i brudefølgjet.  Sjå denne lenka.

20.4.2006
I dag har eg lagt inn bilete av fiskebåten "Arild" og fyldige opplysningar om båten.  Mange takk til informant Johan Ottesen frå Ulsteinvik.  Sjå Fiskebåtar - Arild.

17.4.2006
Ein del oppdatering på Ullahammaren.  Sjå  Kari-stova og Åkre.

23.3.2006
Lagt inn resten av bilda frå Ulla-festane i 2003 og 2004.  Alle åra er no komplette.  Sjå Fotoalbum.  Sjå også nytt hus under Ullahammaren:  Åkre.  Ikkje heilt ferdig her, men det kjem...

12.3.2006
Lagt inn nytt hus i Ullahammaren: Kari-stova med bilete, tekst og slektsopplysningar.

9.3.2006
Mange nye bilde frå Ulla-festane i 2000, 2001 og 2002.  Sjå Fotoalbum.  Det kjem meir frå 2003 og 2004 snart.

11.2.2006
Lagt inn gamle bilde frå Ulla-festen i 2000.  Det vil snart kome fleire bilde frå festane i 2001, 2002 og 2003.  Sjå Fotoalbum.

30.1.2006
Lagt inn ny lenke på startsida:  Web-kart slik at det skal bli lettare å få oversikt over dei ulike katalogane og kunne gå inn på dei ved hjelp av direkte tilgang.

10.1.2006
Her kjem ein kulturhistorisk fotopresentasjon: Med "Skarvaag" på Storegga i 1975.  Alle foto er digitaliserte frå lysbilete.  Kvaliteten er ujamn, men ein ting er sikkert:  Bileta kan ikkje takast om att.  Sjå lenka: Fotoalbum, Med "Skarvaag" på Storegga i 1975.

5.1.2006

Lagt inn ny lenke på Startsida.  Her finn du referanse til Kjelder.


Gå til toppen