Etter orkan-natta i
1992 stod nausta igjen i kneståande. Det var stort behov
for omfattande restaurering og istandsetjing av heile
naustrekkja. Guttorm Ulla tok initiativet og organiserte
arbeidet med restaureringa. Han tok kontakt med
kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune ved Christ
Allan Sylte. Utan at Guttorm Ulla hadde tatt dette
intiativet og alt arbeidet som følgde med, hadde det ikkje
stått noko naustrekkje på Ulla i dag.
Det vart laga ein plan for arbeidet og
løyvd midlar frå fylkeskommunen. Det viste seg som venta
vanskeleg å få tak i fagfolk som også hadde
kulturhistorisk interesse for slikt arbeid. Til arbeidet
vart det leigd inn ein kar som heitte Henriksen frå
Åndalsnes. Han budde først i Mali-stova og seinare leigde
han hus i butikken i Losgarden på Ullahammaren. Arbeidet
vart starta frå sør mot nord, det vil seie først med
Kari-naustet som kanskje var det naustet som var i
dårlegast stand. Dårlege tak var eit stor utfordring. I
Kari-naustet vart det skifta til torvtak, og det gamle
opprusta bølgeblekk-taket i Sjur-naustet vart skifta ut.
Vidare vart Jo-naustet og Ihope-naustet Lars-Kari sett i
stand. Torvtaka i midten av naustrekkja vart sett i stand.
Til dette arbeidet engasjerte Guttorm ei skuleklasse til å
spa torv på Ullaholmen, fekk frakta torva på plass og lagt
tett tak. Takk til ungdommane som var med på dette
arbeidet i 1994.
Henriksen gjorde for så vidt eit bra
arbeid, men det gjekk ikkje så fort som planlagt. Arbeidet
vart avslutta i 1996 då det vart slutt på pengane.
Restaureringa av Ihope-naustet Sjur-Ingeleiv og
Negards-naustet vart såleis ikkje gjort etter planen.
Likevel var dette arbeidet avgjerande for bevaring av
naustrekkja, og restaurering vart følgt opp i 2009. Sjå
denne
Lenka
Foto
utlånt av Guttorm Ulla
F.v. Sonja Standal, Ola Einar Flem,
Anne Standal, Elisabeth Haram,
Ann Karin Rudi, Tonje Olsen, Thomas Rogne
