ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ingvald Tomren


Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997


FOTOALBUM




Kristine og Ingvald Tomren

Fotoalbum sjå denne lenka



BYGNINGAR

Avisartikkel i "Haramsnytt" 22.12.2000. Sjå denne lenka


FISKEBÅTAR

Fiskebåtar i Tomren-slekta. Sjå desse lenkene:
Arild      Haabet      Ullaholm 1      Ullaholm 2      Fiskenes      Modig      Turbo



FORTELJINGAR

Forteljingar:   Ingvald Tomren del 1     Ingvald Tomren del 2


SLEKTSBOK

  Ingvald Sigvard Andreasson Tomren  (1893-1979)

Gift i 1916 med Kristine Pettersdt. f. Fjørtoft (1893-1970) frå Søren-garden på Haram.

Ingvald var eldste son til Helene og Andreas Tomren. Han vaks opp i Ullahammaren. Han var fiskar. Kristine var dotter til Johanne f. Haram og Petter Fjørtoft i Søren-garden på Haram. Kristine og Ingvald bygde seg hus innanfor Vålen på Ulla.

Barn:

1.
Hjørdis Palma Blindheim f. Tomren  (1916-2005 gift i 1937 med Olav Hilmar Karlson Blindheim (1907-  ) frå Blindheim, Vigra. Dei budde på Djupvik, Blindheim. Dei dreiv småbruk, og Olav var fiskar. Dei hadde ikkje barn.
2.
Margit Molnes f. Tomren (1918-2010) gift første gong i 1941 med Harald Kristianson Nordgård (1918-1945) frå Fosna. Dei budde på Synes, Vigra og har eitt barn: Kåre Arne (1942). Margit vart gift andre gong i 1954 med Sverre Johan Severinson Molnes (1916-1974). Dei budde på Timann-garden, Roald, Vigra. Dei har to barn: Sæbjørn (1956) og Terje Ingvald (1958).
3.
Halldis Ulla f. Tomren  (1924-1999) gift med Ola Ulla (1920-1999) frå Lars-garden på Ulla. Dei budde først i Tomren-huset på Ullahammaren. Ola var fiskar. Dei flytta til Søvika tidleg på 1970-talet, der Ola arbeidde på Mørenot. Dei har to barn: Kjetil Steinar (1947) og Karin Inger (1950).
4.
Anders Tomren (1927-1980) gift med Astrid Tomren f. Larsen (1928-1997) frå Austnes. Dei bygde seg hus på Austnes. Anders var fiskar. Dei har fire barn: Ivar Kåre (1955), Lars Runar (1957), Åse (1961) og Jon Andre (1965)
5.
Petter I. Tomren (1929) gift med Reidun Kristine Tomren (1937) frå Lurøy. Dei bygde seg hus på Austnes. Petter var fiskar. Dei har fire barn: Oddny (1957), Kjell Inge (1958), Heidi og Sølvi.


Gå til toppen