ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









M-30-H  "ARILD"



Foto frå tida som selfangstskute mellom 1947 og 1950
Foto utlånt av Johan Ottesen


Byggjeår
Byggjeplass
Lengde
Motor
1908
Sagvåg, Sunnhordland
43,5 fot
Dan 42 hk

"Arild" var bygd for Nils Gundersen Ostnes med fleire, Austnes på Haramsøy.  Ved innføringa av merkelova i 1920 blir "Arild" fiskeriregistrert som M-30-H.  Eigar då var Laurits K. Haram med fleire i Sætsli-garden på Haram.  Motoren som stod i båten då var ein Dan 42 hk.  Kring 1925 vart "Arild" seld til Hans Hansson Ulla (1906-1982) frå Negard på Ulla og svogeren Petter A. Tomren (1897-1968) frå Ullahammaren.  I deira eigartid fekk båten installert ein brukt 55 hk Grei-motor.  Truleg tok Anders Stornes på Austnes over "Arild" kring 1940 og dreiv fraktfart med han ei tid.  Tomren-Petter kjøpte ny båt, første "Ullaholm", i 1940, og Negards-Hans heldt fram som fiskar på andre båtar frå Ulla.

Opplysningar tyder på at båten hadde vorte ombygd kring 1930, men han vart likevel ikkje ommålt før i 1943.  Då var Olav B. Tjosaas, Mjelde i Troms, ny eigar.  "Arild" var då 50,1 fot lang, 14,8 fot brei og 6,3 fot djup, 26,82 bruttotonn og 8,32 nettotonn.  Båten vart nytta som selfangstskute.  Sin første fangsstur hadde "Arild" sommaren 1946 då han gjekk til Svalbard.  Fangsten der vart 90 sel og 12 isbjørn.  Av bjørnane vart 3 tatt med heim levande.

I 1947 vart "Arild" målt på nytt.  Då var brørne Verner og Olav Wilhelmsen, Tromsøysund, eigarar av båten, registrert T-2-T.  "Arild" blir no ein del oppbygd akterut og får nye dekkshus.  Båten vart no: 50,9 fot lang, 14,8 fot brei og 6,3 fot djup, 29,84 bruttotonn og 7,71 nettotonn.

15. april 1950 vart "Arild" skrudd ned under selfangst i Austisen.  Båten hadde full fangst og var på veg ut av isen for å gå heim.  Men kring tre timar før "Arild" ville nå ope farvatn, vart skuta klemd mellom to store isflorer. Styrbords baug vart pressa inn, og båten fekk ein større lekkasje.  "Askelad I" som peila seg inn på havaristen, nådde fram 6 timar seinare.  Då låg "Arild" med dekket i vatn, men flaut på tankane.   Kring 200 skinn vart henta frå havaristen før han sokk.  "Askelad I" hadde ikkje full last og ville gjerne halde fram med fangsten.  Redningskryssaren "J. M. Johansen"" vart difor tilkalla frå Vardø.  Han kom og henta heim mannskapet på "Arild".

Kjelde:  Johan Ottesen, Ulsteinvik

FLEIRE FOTOGRAFI




Hans H. Ulla (1906-1982)
Foto: Knut Hallvard Ulla - 1975



Petter A. Tomren (1897-1968)
Foto utlånt av Per Ulla
Harald Pederson Ulla (1924)
Foto Knut Hallvard Ulla - 2005

Gå til toppen