"Modig" var nybygg for Ola Karlson
Ulla (1922-1999) frå Lars-garden på Ulla og Petter
Ingvaldson Tomren (1929).
"Modig" var bygt av Elias P. Tomren i
Tomrefjord.
Ola
K. Ulla var skipper. Utanom dette gjekk
dei ulike arbeidsoppgåvene ombord på omgong.
Framme i lugaren var det plass til fire køyer, to
på kvar side. Då Kjetil Ulla
var gammal nok til å bli med
på sjøen, vart det innreidd ei ekstra køy slik at
det var plass til eit
mannskap på fem. I
lugaren var det ei bysse der maten vart tillaga og servert. Det var trongt om plassen.
”Modig” vart seld i 1965
til Alf J. Valderhaug m.fl. på Valderøy og
registert M-120-G. I 1970 vart han seld
vidare til Petter O. Voldsund m.fl. i Herøy og registrert
M-54-HØ.
Mannskap:
Ola K. Ulla, Petter I. Tomren, Ottar Haram, Nils Haram og Kjetil Ulla.
Fiskeri:
Dei dreiv med torskegarn om vinteren og med
line ute på bankane sommarstida. Dei
dreiv også etter håen, og gjorde forsøk med drivgarn
etter laks utan at det var
nokon stor suksess.
FLEIRE
FOTOGRAFI