Anna Rørvik var lærar på
Ulla
skule frå 1938 til 1942. Anna var frå Jo-garden i
Rørvika på Vigra. Ho var søskenbarn til
far min,
då mor hennar, som også heitte Anna, var
søster til
Oline i Mette-garden på Ulla. Slektskapet var vel
grunnen til at
ho kom til Ulla som lærarinne. Ho budde på hybel i
Negard
den tida ho var på Ulla. Ho var ein dyktig lærar,
godt likt
av elevar og folket på Ulla elles. Anna gifta seg i 1942
med Lars
Beite frå Skodje. Dei flytta til Stavanger og Anna heldt
fram som
lærar der. Lars vart skuledirektør i Rogaland
fylke.
Det var Anna som tok på seg ansvaret
for
å drive speiderforening for jentene på Ulla.
Sjå
eigen katalog om speiderjentene, og fotografi nedanfor.
Bak frå venstre:
Tordis
Ullahammer, Halldis Tomren, Frida
Ulla, Judit Ullahammer
Framme frå venstre:
Klara K.
Ulla, Inger Ulla, Frøydis
Ullahammer
Foto utlånt av Per
Ulla