ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Astrid Alme

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Astrid Alme (1901-1965)
Foto: J. Sponland


    Astrid Alme var dotter til Gurine og Olavius Alme frå Ulsteinvik. Gurine var frå Lars-garden på Ulla, og Olavius var tidlegare mellom anna lærar på Ulla. Astrid var lærar i to periodar på Ulla skule. Før ho gjekk lærarskulen, var ho på Ulla i eitt år frå 1920 til 1921 berre 20 år gammal. Så fekk ho seg lærarpost på Slagnes i Vanylven til ho begynte på lærarskulen i Volda i 1925. Der gjekk ho i tre år, og etter endt utdanning kom ho tilbake til Ulla i 1928. Der var ho til 1933. Det var ikkje så lett å få seg lærarpost den tida, så det var bra for Astrid å kome tilbake til Ulla med slekt og vener og kjende tilhøve der som ny utdanna. Astrid budde i Lars-garden hos besteforeldra sine i begge periodane ho var lærar på Ulla.
    Astrid vart ein svært sentral person for elevane på Ulla skule og folket på Ulla elles. Ho var særs gåverik, fagleg dyktig særleg innafor norsk språk. Ho sette store krav til at elevane skulle lære seg norsk grammatikk, noko som mange skulle få bruk for i seinare utdanning. Ho dreiv ein god skule. Astrid var flink til å sy og strikke, alt slag handarbeid, brodering og nuperelle. Dette var ting som jentene fekk lære i handarbeidstimane på skulen, nyttige ting når dei skulle stifte eigne familiar i vaksen alder. Handarbeidstimane, eller syskule som det vart kalla, var ein viktig del av undervisninga. Då sette lærarinna av ei heil veke i strekk til handarbeid. Astrid reiste også rundt på dei andre skulane på øyane og dreiv syskule, til dømes på Åkre skule og Flem skule. På same måten var det med sløyd-undervisning for gutane.
    Astrid var likevel mest kjend for sine musikalske evner. Ho spelte orgel og piano, og vart seinare organist i kyrkja i Holmedal der ho vart buande etter at ho gifta seg. Og så spelte ho på salmonikom, ei kasse med ein streng. På skulen var song og musikk innfletta i all undervisning.
    Tidlegare hadde lærarinne Ruth Sunde starta kor for vaksne på Ulla. Dette førte Astrid vidare då ho kom dit. Ho song inn alle fire stemmene i songkoret. Du kan lese meir om koret under eigen katalog.
    Då Astrid flytta frå Ulla, kom ho til Holmedal i Sunnfjord og vart lærar der. Ho vart gift med Steinar Helle som starta eigen fabrikk, Sunnfjord bestikk. Dei fekk tre barn. Då Astrid var berre 62 år fekk ho leukemi (blodkreft). Ho døydde 64 år gammal i Holmedal.




Astrid f. Alme og Steinar Helle - 1933
Foto utlånt av Bjørg Seljeflot


Astrid Alme
Foto: J. Sponland





Kirsten Svendsen og Astrid Alme på lærarskulen i Volda - 1927
Foto utlånt av Bjørg Seljeflot



Gå til toppen