ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Ola-stova



Foto:  Knut Hallvard Ulla  -  1997


HAMMARS-OLA - HUS OG BÅT

    Ola Petterson Ullahammer var son til Petter Pederson Ullahammer som kom til Ulla frå Ona tidleg på 1800-talet. Petter budde i Ingebrigt-stova med familien sin. Han var fiskar og hadde fire barn saman med kona Anne Iversdt. f. Rogne. Ola var bror til Kristianna som tok over Ingebrigt-stova etter faren. Då Ola vart vaksen og gifta seg, bygde han på Ingebrigt-stova. Dette tilbygget vart kalla Ola-stova etter Hammars-Ola som han blei kalla på folkemunne. Ingebrigt-stova vart riven i 1969 då Olav Verpeide bygde seg nytt hus oppe i bakken. Ola-stova vart ståande att slik den står i dag.



Foto utlånt av Per Ulla -1910

    Dette fotografiet viser Ullahammaren frå sør-aust. Eg har merka av dei bygningane som Hammars-Ola åtte. Nr 1 er Ola-stova samanbygd med Ingebrigt-stova. Ola-stova med kjellar, hovudetasje og loft. Nr 2 er Ola-stabburet som står der framleis. Nr 3 er Ola-løa. Den stod heilt inntil bergknausen ved Åkre-stova, der vegen går nedom Hammaren i dag. Nr 4 er Ola-naustet som også står der i dag.




Foto utlånt av Bjarne Verpeide
Ola-stova i enden til venstre frå trappa og bortover. Ingebrigt-stova til høgre.




Ola-stova. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007




Ola-stabburet. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007




Ola-naustet til venstre ved sida av Åkre-løa i framgrunnen. Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007






"HAABET"

Hammars-Ola var medeigar i denne storskøyta som til dagleg vart kalla "Ullahaabet". Du kan lese meir om båten på denne lenka.




SLEKTSBOK  HAMMARS-OLA

Ola Petterson Ullahammer (1845-1921)
Han var fiskar og bygde Ola-stova i Ullahammaren.

Gift i 1871 med Johanne Andersdt. f. Gamlemshagen (1836-1918) frå Gamlem.

Barn:
1.
Anne Petrine Olsdt. Ullahammer (1872-1874). Ho døydde to og eit halvt år gammal.
2.
Andreas Nikolai Olson Ullahammer (1876-1882). Han døydde 6 år gammal.

Fosterbarn:
1.
Karoline Hansdt. Barstad f. Farstad (1885-1985) frå Rosviken, Farstad på Lepsøy. Ho vart berre kalla Kalla. Då mor til Kalla Barstad døydde berre 35 år gamal i 1889, vart Kalla fostra opp hos Ola og Johanne i Ullahammaren.

Karoline Hansdt. Barstad f. Farstad (1885-1985)
Kalla Barstad tok over Ola-stova etter fosterforeldra sine.

Gift med Bernt Guttormson Barstad (1874-1925) frå Barstadvik i Vartdal.
Bernt var ein dyktig og allsidig mann. Han var tømrar og snikkar. Han arbeidde mykje saman med Andreas Tomren med tømrararbeid. Dei reiste rundt på øyane og sette opp hus. Han var også kyndig som elektrikar og stod for det elektriske arbeidet då elektrisk straum vart lagt inn på Ulla. Dette arbeidet vart fullført i november 1923.

Karoline og Bernt hadde ikkje barn, men ein av gutane i Ingebrigt-garden budde mykje saman med Kalla Barstad i oppveksten, det var Oddmund. Han var nærmast som eit fosterbarn å rekne. Dette forholdet var så nært at Oddmund fekk ta over Ola-stova då Kalla Barstad døydde nær 100 år gammal i 1985.

Oddmund Verpeide (1920-1993)
Oddmund tok over Ola-stova etter Kalla Barstad.

Gift med Olga Verpeide f. Åsen (1922-2005)

Barn:
1.
Bjarne Kjell Verpeide (1948) tok over Ola-stova etter Oddmund då han døydde. Bjarne har to barn: Tor Helge (1974) og Laila (1975)

FOTOGRAFI



Oddmund Verpeide, Hallvard Ulla, Øyvind Verpeide og Edvin Verpeide.  Foto: Per Ulla - 1970





Ola-stova - skifting av tak. Foto: Per Ulla




Bjarne Verpeide.  Foto: Knut Hallvard Ulla - 2001


NESE-KNUT

    Knut Longvanes hadde ein større båt som han dreiv fiske med i fjerne farvatn. Han var på Island og Færøyane med denne båten og dreiv stort. Det var på ein av desse turane til Island at Knut trefte kona si som heitte Petra. Ho var frå Færøyane. Dei gifte seg og fekk etter kvart 6 barn. Knut var ofte borte på fiske i lange periodar, og ein gong kom han for seint heim til å betale krav som låg og venta på han på Longva. Han kom nokre dagar for seint heim, og vart slått konkurs og mista både hus og båt.



Familien Longvanes 1917.
Frå venstre: Marta, Knut, Tormod, Astrid (bak), Frida (framom), Petra med Rolv på fanget, Klara.


SLEKTSBOK  NESE-KNUT

Knut Peder Johannesson Longvanes (1869-1961)
Han var son til Johannes Didrikson Longvanes og Marte Kristofferdt. Longvanes på Longva.

Gift med Petra Kristiansdt. f. Kjuurhus (1872-1944) frå Færøyane.

Barn:
1.
Astrid Knutsdt. Longvanes (1902-1982). Ho var sydame. Ugift.
2.
Klara Knutsdt. Longvanes (1905-1993). Ho arbeidde på eit meieriutsal i Ålesund. Ugift.
3.
Marta Knutsdt. Iversen f. Longvanes (1907-1946). Ho var gift med Nils Kristian Iversen (1907-1947) frå Bjørnsund. Dei hadde ei dotter, Sigrun Iversen (1937-2012) som var sjukepleiar. Ho var gift med Arne Ulvolden (1935). Dei hadde to barn: Geir Arne Ulvolden (1962-1986) og Anne Marie Ulvolden (1964). Sigrun og Arne Ulvolden er skilde.
4.
Tormod Knutson Longvanes (1909-1986). Han var skreddar og budde på Haramsøy. Ugift.
5.
Frida Knutsdt. Fugledal f. Longvanes (1912-1978). Ho var gift med Joakim Fugledal (1913-1991). Dei budde i Tjørvåg.
6.
Rolv Trygve Knutson Longvanes (1915-1939).


FAMILIEN TIL NESE-KNUT

    Knut Johannesson Longvanes kom til Ulla om lag i 1930. Han vart  berre kalla Nese-Knut. Han fekk leige hus i Ola-stova med Kalla Barstad som var blitt enkje nokre år tidlegare. Ho budde på loftet, og Nese-Knut og familien i første etasje. I tillegg fekk Knut leige Ola-naustet som ligg rett ved sida av Åkre-løa, og så leigde han ein del av Ola-stabburet med eiga dør inn til den nordre delen av stabburet. I Ola-stova var det lite plass, på loftet budde Kalla Barstad. Nede var det eit ganske stort kjøkken og ei stove og eit kammers. Så det var ikkje så rare greiene. Der budde Knut og Petra saman med Sigrun etter at mora døydde.
    Knut brukte Kalla Barstad sitt naust, Ola-naustet. Der fekk han sitje og ordne med teiner og lappe sko. Han var ekspert på hummarfiskeri. Nese-Knut hadde ein båt som heitte "Elling", M-59-H. Det var ein motorkuttar på 29 fot bygd i tre. Båten hadde ei Finnøy-maskin på 7 hestekrefter og var bygd i 1913. Han var ein altmuligmann. Han var så flink i rekning, og alle ungane kom inn til han og fekk hjelp til leksene sine. Han var veldig flink å synge. Han var bass-songar i koret på Ulla. Petra var frå Færøyane. Sigrun var to gonger der borte og snakka med slektfolket sitt. Knut møtte henne på Island då han var på fiske der.


Nese-Knut bygde hus på Nordstranda i 1949, næraste nabo til Inger og Hagbart Dahl. Han fekk lov å dyrke opp eit stykke bak huset der han sette poteter. Han song medan han braut jord; "Rett som ørnen stiger" og mange andre songar og salmar. Sigrun gjekk inn til han med middagsmat kvar dag den sommaren då ho hadde fri frå skulen. Ho var så redd når ho kom inn til Helsteinen ved Ingvald-huset, for der var ein hest som gjekk og beitte. Ho flykta opp på steinen, men hesten ville ikkje gå vekk, men til slutt så måtte ho berre ta sjansen og gå vidare. Det var ikkje så lang vegen frå Ulla til Austnes den tida som det er i dag.

Foto: Huset som Nese-Knut bygde


    Knut gjorde litt av ein innsats når han bygde huset i ein alder av 80 år. Han dreiv og skaut ut der og snudde kvar ei torve. Det var eit murhus. Det var Wilhelm Tomren, Torstein Remme og Petter Haram (Petter-Petter eller Lisje-Petter) ute i marka som mura huset. Dei mura også ei grue nede i kjellaren der ein kunne koke klede før det kom vaskemaskin. Ein skulle tru at Knut fekk god plass når han flytta dit, men då leigde han ut til Bernhard Heggdal som skulle byggje seg nytt hus litt lenger inne. Då budde Ella og Bernhard Heggdal og Asbjørg og Hans Tomren oppe på loftet. Asbjørg og Hans var då nygifte. Knut døydde i 1961. Han var gravlagt på Austnes, men den tida hadde dei ikkje råd til å kjøpe gravstøtte. Så dei hadde ikkje støtte verken han eller ho Petra. Petra døydde då ho var 72 år, det var i 1946.



Astrid Longvanes var den eldste av borna til Petra og Knut. Ho var ikkje gift, og budde lenge i Tomrefjord der ho sydde på Tomren fabrikker. Alle i familien var flinke til å sy. Astrid var snill og flink til å ta seg av Sigrun.


Til venstre Sigrun og Astrid. Til høgre Astrid sitjande på skåka.


Klara Longvanes var heller ikkje gift. Ho var ei litt finare dame, med utdanning frå handelsskule. Ho flytta til Ålesund, og arbeidde på eit meieriutsal der.



Tormod Longvanes var skreddar på Ulvestad Konfeksjonsfabrikk på Austnes. Han var den som var dyktigast til å sy i familien. Han både rissa og sydde alt mulig. Han hadde eit handicap og det fekk han frå han var liten då dei budde på Longva. Han fekk betennelse i eine hofta, vart sjuk og låg til sengs i 4 år. Han snakka ofte om det då Sigrun vaks opp. "No må du ete", sa han, "for eg veit korleis det er å ikkje ha matlyst, for eg låg til sengs i 4 år og ikkje fekk ned mat omtrent". Knut måtte gjere noko med dette, og kom i kontakt med ein som kjende ein lege i Arna i Bergen. Knut for nedover dit og fekk operert hofta slik at han kom seg så han fekk begynne å gå igjen.  Tormod budde ei tid på Ulla, men han fekk seg ein hybel hos Jo-Karl-Martin slik at det skulle bli kortare veg til arbeid med den låke foten. I helgane var han på Ulla. Han brukte sykkel eller spark når han for til Ulla eller på arbeid på Ulvestad Konfeksjonsfabrikk. Også etter at han slutta på Ulvestad dreiv han og sydde klede til folk på bestilling.

Til høgre: Tormod Longvanes med fela si


   

Tormod Longvanes og Frida Fugledal


Marta Longvanes budde på Åkre då ho var nygift med Nils Kristian Iversen frå Bjørnsund i Romsdal. Han var ute i utanriksfart i mange år. Han døydde medan han var ute, det vart sagt at han vart nedslått. Han vart berre 40 år gammal. Marta hadde symaskine og for rundt på gardane på Haram og sydde til folk sommarane og haustane. Seinare budde Marta og dottera Sigrun i Jo-stova i Ullahammaren. Der var to leiligheiter. På loftet var det ein kvist og to kott, og nede var det ei stove. Der låg Marta då ho vart kreftsjuk og hadde kome att frå Radiumhospitalet. Søstra Klara stelte henne. Det var ikkje noko heimesjukepleie som kom og hjelpte til. I den stova døydde ho, og der var det gravferd. Lærar Rasmus Godøy var der og forretta i gravferda. Så køyrde dei kista med hest og kjerre innover til kyrkja. Marta var 39 år då ho døydde. Det var ingen andre i familien som hadde kreft.



Sigrun Iversen

Sigrun Iversen fortel om oppveksten i Ullahammaren:
"Eg hugsar godt dei som budde i Tomren, særleg Signe Tomren. Tante Astrid var fast inne i Verpeide på kjøkkenet der og besøkte Kristine. Ho baka 10-12 brød kvar dag og sende med karane på sjøen. Dei var fiskarar alle saman. Og dei andre sat og spela Ludo, kvar dag. Kristine sat oppe i trappa og venta på at brøa skulle bli steikte. Så hugsar eg godt Karl og Karen Svendsen i Nye Svendsen. Eg var ikkje på butikken til GV. Eg hadde ikkje noko der å gjere, for eg hadde ikkje pengar. Så vi snopa ikkje den tida. Men eg hugsar GV sa til meg: Sigrunn vil du drage slipesteinen min. Ja, det gjorde eg. Han skulle slipe ein ljå. Så fekk eg ei Smørbukk karamelle, det var lønna. Då vart eg kjempeglad, for det hadde eg ikkje ete på år og dag. Så var eg av og til oppe i Kari og lånte telefonen og ringde til onkel Tormod som sydde på Ulvestad-fabrikken. Eg sa til han at han skulle kjøpe kjøtdeig og pølse til middagsmat hos slaktaren på Austnes, Johannes-Johan.  Eg hadde det bra i oppveksten, det var ikkje noko som stod på meg. Åkre-Hanna var så snill. Det var ikkje innlagt vatn i den enden der bestefar og tante Klara budde i Ola-stova. Så vi fekk kome bort i kjellaren i Åkre og hente vatn i ei bøtte. Eg kan hugse ein gong tante Klara skulle gå ned i fjøra med ei bøtte med skølevatn. Ho skulle tøme bøtta, men følgde med ut i sjøen. Nese-Knut sat oppe i naustet, og eg ropte: Tante Klara har drukna. Eg vart levande redd, men han berga henne. Far var frå Bjørnsund. Eg var mange gonger på Bjørnsund og besøkte bestefar min der. Eg hadde også tante og onkel der som var veldig snille og greie. Så kan eg sjølvsagt hugse Kalla Barstad godt. Eg fekk sitje oppe der og spele på orgelet hennar. Vi ungane tuska i vei, og det var no bråk av og til. Men det fekk vi lov til."


Frida Fugledal f. Longvanes



Tormod, Astrid, Frida, Joakim Fugledal, Klara og Marta. Framme brudepike Sigrun.


Rolv Longvanes døydde av tuberkulose, han vart smitta i militæret. Han døydde på det katolske  sjukehuset i Molde ganske ung i 1939. Han var ikkje gift.




Sigrun og ei jente leikar ved Ola-stova. Ola-stabburet i bakgrunnen.



  Frida og Joakim Fugledal med brudepike Sigrun Iversen til høgre




Knut og Petra med Astrid på fanget




Knut, Petra og Sigrun framfor Ola-stabburet.





Heile barneflokken. Astrid, Klara, Marta, Tormod, Frida og Rolv.


Gå til toppen