ULLA
Repro publisert med tillatelse fra Aalesunds Museum (C)
Byggjeår |
Byggjeplass |
Lengde |
Motor |
1876 |
Vestnes |
60 fot |
"Ullahaabet" hadde ein svært dyktig
skipper som heitte Johan Ingebrigtson Walderhaug, eller
Ålom-Johan, som han vart kalla. Johan
var ein særs flink skipper og kjend
storfiskar. Både ”Haabet” og ”Fram”
bar
seg godt økonomisk. Det har
gått ord om
at Ålom-Johan fiska innatt fyrste året nær på
det ”Haabet” kosta. Storskøytene
vann seg likevel ikkje større
rom i Haram. Dei fall kostbare, så
dei
måtte helst vere fleire i lag om ein
slik farkost. På dei fleste stadene
var
og hamnetilhøva slik at det gjekk ikkje an å ha så
store farkostar av den
grunn. Seinare vart båten brukt av Kim Henriksen som
frakteskute i Ålesund og omdøypt til ”Ferrara".
Fiskeri:
Dei dreiv mest med linefiske på Me-botn og Storegg-fiske.
"Ullahaabet" kunne laste 30 nettotonn og hadde eigne fangstbåtar
attåt. Den gjekk ikkje til lands kvar dag, men låg
på feltet til det var full last. Fangstbåtane tok med
seg agn ut på feltet etter behov.
FLEIRE FOTOGRAFI