På Haugen
Haugen er
namnet på den høgda som ligg midt på Ullahammaren. Haugen var den
faste samlingsplassen for store og små på Ulla i gamle
dagar. Ofte var det opp til 20-30 personar som samlast der
for å kose seg med kaffe og kaker, song og musikk i ledig stunder
særleg på søndagane. Nedanfor har eg samla saman ein del
fotografi som viser korleis dette var. Det er verd å merke
seg at Haugen framleis er friområde i noverande reguleringsplan
for Ulla. Men Haugen blir ikkje lenger brukt som samlingsplass.
Kanskje dette kan bli ein tradisjon igjen. Der er mange lune
plassar å slå seg ned når det der nordavind og sol.
Midt oppe på Haugen er der ei slette der
ungdommane brukte å sparke fotball. Elles var det vanskeleg å
finne plass til fotballtrening då graset skulle få vekse i fred på
attelegene. På Haugen var det fritt fram å leike seg og trene
fotball. Sjå meir om fotball på Ulla på denne
lenka.
![](kulturliv.haugen.foto.01.jpg)
Grammafon, trekkspel og
felespel på Haugen i 1935. Foto utlånt av Helga Ulla.
Frå venstre: Leidulv Refsnes, Jørgen Åkre, Harald Åkre, Kåre
Ulla, Per Ulla på fele, Johan Tomren på trekkspel.
Småjenta framme er Kristi Ulla.
![](kulturliv.haugen.foto.02.jpg)
Her er det tydelegvis noko å
feire. Norsk flagg, kaffe og kaker på Haugen.
Frå venstre: Ukjend, Ingebjørg Åkre, Svanhild Åsebø, Hanna
Åkre, Elida Ulla, ukjend.
![](kulturliv.haugen.foto.03.jpg)
Meiningar om kvar
Ullasund-brua skal kome. Midt på 1960-talet.
Bak: Karl Svendsen, Ole
Ullahamar, og Edvin Verpeide.
Framme: Nils Longva, Johan
H. Ulla, Knut Åkre, Ågne Ulla og Petter M. Ulla.
![](kulturliv.haugen.foto.04.jpg)
Kosestund på Haugen ca
1940. Kaffe og kaker. Grammofon framme til høgre.
Bak: Tre jenter ukjende, Helga Ullahamar , Oddmund Verpeide,
Johan Bernt Ulla,
Olav Verpeide, Harald Åkre, Filop Ullahammer.
Framme: Ukjend, Helga Tomren med barn på fanget, Anna H.
Ulla, Borghild Tomren, Petra Svendsen,
Marie Svendsen, ukjend.
![](kulturliv.haugen.foto.05.jpg)
På Haugen i 1937
Framme: Magnhild Ulla, Helge Blindheim, Janna Ulla, Olav
Ulla, Olaus Tomren, Johan Bernt Ulla,
Petra Svendsen. Bak nr 2 frå venstre ser vi Edvin
Verpeide
![](kulturliv.haugen.foto.06.jpg)
Her er same gjengen frå
ein annan vinkel.
Dei to til venstre: Janna
Ulla og Olav Ulla. Olav Verpeide med lue, Magnhild
Ulla,
Johan Bernt Ulla med
hatt. Petra Svendsen på fanget til Olaus Tomren.
![](kulturliv.haugen.foto.07.jpg)
Populær kar i militæruniform.
Helga Åkre, Alv Verpeide og Signe Tomren
![](kulturliv.haugen.foto.08.jpg)
Bak: Helga Trandal
(tenestetaus), Janna Ulla, Magnhild Ulla og Johan Bernt
Ulla.
Framme: Olav Verpeide og
Judith Lausund (seinare gift med Olav Olden på Haram)
![](kulturliv.haugen.foto.09.jpg)
Frå venstre: Ukjend, Janna
Ulla, Harald P. Ulla (Pittersen), Helga Åkre, Karl Svendsen
og Helga Trandal.
![](kulturliv.haugen.foto.10.jpg)
På Haugen 1921
Frå venstre: Ottar Åkre,
Helga Åkre, Emma Ulla med Per Ulla på fanget, Trine
Ullahammer med ei lita jente,
Jenny Strømme, Svanhild
Åsebø, Elida Ulla, Laura Ulla med dottera Solveig på
fanget
![](kulturliv.haugen.foto.11.jpg)
På Haugen i 1937
Frå venstre: Helga Åkre, Olaus Tomren, Signe Tomren,
Ingebjørg Åkre med lue, Helga Trandal.
Framom henne sit Alv Verpeide i uniform. Framom Alv sit
Inger Ulla. Dei to midt framme er ukjende.
Bak Signe Tomren sit Klara K. Ulla
![](kulturliv.haugen.foto.12.jpg)
På Haugen i 1953
Petra Svendsen, Johan Bernt Ulla, Lovise Verpeide med
Kristin på fanget, Karl Svendsen, Jørgen Åkre,
Olav Verpeide, Edvin Verpeide, Ola Ulla med Karin på fanget.
Gå til toppen