ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt



 









Fotball på Ulla

ULLA  FOTBALLAG  - 1939



Ulla fotballag om lag 1939.  Foto utlånt av Lars Ulla
Bak f.v: Kåre Ulla (Karlsen), Leidulv Refsnes, Jørgen Åkre (Gjørts), Sverre Austnes (Svirsen), Harald P. Ulla (Diffen).
I midten frå venstre: Johan H. Ulla (Sjursen), Olaus Tomren (Båsen eller Borger-Ole), Edvin Verpeide (Boas).
Framme frå venstre:  Olav O. Ulla (Maligård), Arne Tomren (Aning), Johan Tomren (Tømren).


    Her er laget fotografert på Jo-marka innanfor Ullahammaren i 1939. Det var året etter at dei hadde kjøpt seg nye drakter som vi ser på bildet. Draktene var blå med kvite kragar og snøring i halsen, og kvite bukser. Det er tydeleg at alt skulle vere i orden. Vi merkar oss at keeperen har ei lusekufte som keeperdrakt. Han brukar ikkje hanskar. Elles var det dårleg med skikkelege fotballsko. Den første som kjøpte skikkelege fotballsko, var Jørgen Åkre. Det måtte vere nettopp i denne tida. Magnus Tomren fortel at han kom gåande rundt Hammaren ein dag, og då stod Jørgen oppe i stoveglaset og viste fram eit par flunkande nye lærsko med knottar.
    I denne kampen hadde dei tydelegvis lite folk, så dei har fått med to spelarar frå Austnes: Sverre Austnes frå Johannes-garden (i sivil) og Leidulv Refsnes. Leidulv arbeidde på Vestres Orgelfabrikk på Austnes, men har var mykje saman med ungdommane på Ulla. Han var ivrig på fotballbana, og ein god musikar, svært flink til å spele trekkspel. Han var frå Selje på Stadtlandet i Nordfjord. Han vart gift med Ester Aarseth frå Remma på Åkre. Han var med då "Ulabrand" reiste ut Ullasundet til England den 16. mars 1941.



LAGOPPSTILLING

    Det var ikkje noko tilfeldig lagoppstilling vi ser vist på lagbildet. Dei stilte med keeper, høgre og venstre back, senter half, høgre og venstre half,  ytre høgre, indre høgre, senterløper, ytre venstre og indre venstre på denne måten:

Harald P. Ulla
Ytre venstre
Sverre Austnes
Indre venstre
Jørgen Åkre
Senterløper
Leidulv Refsnes
Indre høgre
Kåre Ulla
Ytre høgre


Edvin Verpeide
Venstre half
Olaus Tomren
Senter half
Johan H. Ulla
Høgre half


Johan Tomren
Venstre back

Olav O. Ulla
Høgre back


Arne Tomren
Keeper


    Dette var eit velkjent system å spele etter i den tida. Vi kan sjå same oppstilling i bronselaget til Norge sitt A-landslag i 1936. Det var såleis svært offensivt spel med 5 mann i angrep, ei solid midtbane med 3 halfar, to backar og keeper.  Det var ikkje oppnemnt kaptein, men det var nok Borger-Ole som var sjefen på laget, både i trening og kamp. Han var ein leiar på bana, og han var eit kondisjonsfenomen. Han trente ikkje berre med ballen, men innførte kondisjonstrening med springing langs vegane. Det var mange som meinte at han ikkje kunne vere riktig klok. Seinare veit vi at dette er blitt ei heilt vanleg og nødvendig treningsform. Elles var det kjent at Gjørts var den beste spelaren på Ulla fotballag. Han var storscorar og teknikar av rang.
    Det var også fleire andre spelarar som var med på laget. Rolv Verpeide og Petter H. Ulla (Struni) var også med på laget. Som keeper var Mathias Ulla, son til Johan P. Ulla i Sjur-garden med i tillegg til Arne Tomren. Han hadde av og til med seg ein spelar frå Ålesund som heitte Tollaas. Seinare kom Magnus Tomren med på laget.  Ottar Åkre var ein god fotballspelar, men han var ikkje så mykje heime fordi han gjekk på gymnas i Volda. Der spelte han på gymnaslaget mot andre lag frå Eid gymnas, Sandane og Volda fotball. Ottar spelte på fotballaget på Ulla når han var heime på sommarferie.


TRENING OG KAMP




    Ovanfor har eg merka av dei to viktigaste trenings- og kampområda for fotballaget på Ulla.  Det vart ofte til at dei tok med seg fotballen opp på Haugen på Ullahammaren og triksa med den der. Dette var nok grunnen til at fotballgutane på Ulla var kjende for å ha god teknikk. Oppe på Haugen er der ei lita slette som er nokså flat. Der var det dei trena, og dei fleste hadde kort veg til treningsområdet.  Der trena dei mottak, pasningar, heading. Og så var det ein sport i å sparke ballen til kvarandre utan at den gjekk i bakken. Somme tider kunne det vere at ballen spratt og trilla både ned mot vegen og mot sjøbudene. Fordelen med Haugen var at det ikkje var slåttemark, så dei kunne halde på når dei ville.
    Verre var det å finne plass til lagspel på trening og i kamp. Særleg på våren når graset skulle vekse på attelegene. Då var det forbode å trene på markane.  Den vanlegaste plassen å bruke ut på sommaren, var Jo-marka innanfor Hammaren. Lagbiletet ovanfor er også teke på Jo-marka. Det same gjeld det sjeldne fotografiet som du ser nedanfor. Der er gutane i trening på Jo-marka.



Fotballtrening på Jo-marka innanfor Ullahammaren.  Foto utlånt av Lars Ulla.

I UL Samhald sine møtebøker har eg funne dette referatet frå ein fotballkamp på Ulla i 1941.  Lenke

    Fotballkampane gjekk føre seg på markane rundt om på Ulla der det var nokolunde flatt og der ein fekk lov å halde til. Det var mest kampar mot lag i nærleiken, slik som mot Haram, Flem, Longva, Lepsøy og Fjørtoft.  Og ein gong reiste laget med ein fiskebåt til Stranda for å spele mot fotballaget der. Stranda hadde eit godt lag, og Ulla tapte 2-0. Kampen gjekk på grusbane som var ganske uvant for karane frå Ulla. Grunnen til at Ulla spelte mot Stranda, var nok at fleire at Verpeide-søskena hadde flytta til Stranda og busett seg der:  Ingebjørg, Emma, Petter og Oddmund.
    Når gutane skulle til Haram og spele på bortebane der, gjekk dei ofte Lia. Då var Borgar-Ole hærførar, der skulle alt vere på stell. Dersom det var godt ver, rodde dei på utsida av Lia, og sette opp båtane ved Stavneset. Kampane på Haram gjekk føre seg ute i myrane, så det var ikkje så langt å gå frå Stavneset. Sameleis var det når dei skulle spele mot Flem og Longva, då var det å ta årane fatt.

DEN YNGRE GARDE

Sjå nokre lagbilde av den yngre garde på Ulla og Haramsøy på 1960-talet. Lenke.


LAGBILDE FRÅ HARAMSØY  1939 - 1978.

Sjå gamle lagbilde frå Haramsøy. Lenke.



Gå til toppen