ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Bertebu (Hytta)



Foto:  Knut Hallvard Ulla  -  2006


BERTEBU

Dette koselege vesle huset midt oppe på Ullahammaren vart kalla "Hytta".  "Hytta" vart bygt i 1932 av Berte Andreasdr. Ulla. Berte vaks opp i Mette-garden på Ulla med 6 søsken. Berte vart ikkje gift. Ho tok ut arven sin og kjøpte den vesle hytta som var ei utstillingshytte for firmaet "Tennøe & Skaar" i Brattvåg. Tomta var ein del av Mette-garden. Det blir fortalt at murane til "Hytta" vart sett opp av Trygve Remme frå Austnes. Berte budde på Ulla i sin oppvekst, og hjelpte til på garden slik mange einslege damer gjorde. Seinare budde ho i Ålesund ei tid der ho var ei dyktig linsaumsyerske. Elles veit vi lite om Berte, anna enn at ho fekk dårleg helse til liks med dei fleste søskena sine. Berte døydde 62 år gammal, berre 7 år etter at ho flytta inn i Hytta. "Hytta" fekk namnet "Bertebu" seinare, etter at Kirsti Ullahamar hadde teke over.


UTEDO  OG  GRISEFJØS
 
Hytta med Nye Svendsen i bakgrunnen og med utedo og grisefjøs som vi ser i framgrunnen på bildet. Då Olaus P. Ulla fekk leige Hytta, ordna han seg med utedo i kombinasjon med grisefjøs. Det var om å gjere å utnytte alle ressursane.

Olaus P. Ulla (O'pei) og kona Inga f. Nordstrand
Palma f. 1932
Sigrun f. 1936
Nora f. 1939
Oddvin f.1941
Noralf f. 1944
Jarle f. 1945


FOTOALBUM

SLEKTSBOK

Berte Anna Andreasdt. Ulla  (1878-1939)
Berte var gardkjerring i Mette-garden der ho vaks opp. Ho var dotter til Vilhelmine Anfinnsdt. f. Terøy (1846-1897) og Andreas Aagneson Ulla (1841-1926). Berte var linsaumsyerske ei tid seinare då ho budde i Ålesund.

Antonette Ullahamar f. Ulla (1907-1998)
Antonette arva "Bertebu" etter at Berte døydde i 1939.

Kirsti Ullahamar (1935)
Kirsti arva "Bertebu" etter mora Antonette i 1970. Kirsti eig hytta fortsatt i 2024.


UTLEIGE

Agnes Velure 1935-1937


Her er bilde av den første leigetakaren i "Hytta".
Agnes Velure Lenke

Sjå lenke over. Agnes var lærarinne frå 1935 til 1937. Det var altså på den tida "Hytta" var heilt ny. Eg veit ikkje sikkert, men det var truleg slik at Berte fekk Agnes som leigebuar samtidig som Berte budde der sjølv. Berte døydde altså i 1939.


Olaus Petterson Ulla og Inga f. Nordstrand  1939-1943

Her er bilde av Olaus Petterson Ulla (1905-1989 saman med kona Inga f. Nordstrand frå Valderøy (1903-1990). Til høgre for Inga står Oddlaug i Sjur-garden på Ulla. Olaus vart berre kalla OP (O'pei). O'pei flytta inn i Hytta etter at Berte døydde i 1939. I 1943 vart det slik at Jørgen og Janna Åkre flytta inn i Hytta som nygifte etter at Herbjørg vart fødd. O'pei og Inga flytta då ned i Jo-stova i Ullahammaren. Dei hadde då 4 barn.

Sjå Sjur-garden på Ulla. Lenke
 


Janna og Jørgen Åkre 1943-1953

Janna og Jørgen vart gifte i 1942 og Herbjørg vart fødd i 1943 i Mette-huset heimi garda. I og med at Janna var halvsøster til Antonette, vart det slik at Janna og Jørgen fekk leige Bertebu som nygifte. Her er det nære slektsband. Jørgen vaks opp i Ullahammaren og var tremenning til Janna. Jørgen var bror til Helga, mor mi. Og Janna var søster til Johan Bernt, far min. Janna og Jørgen bygde seg nytt hus på Nordstranda, nord for Åkre-skaret og flytta inn der i 1953. Jørgen var fiskar på "Odin" og "Skarvaag"
Sjå Los-garden på Ullahammaren. Lenke


Harald Bernt Petterson Ulla og Gjertrud f. Østringen


Harald P. Ulla vaks opp i Sjur-garden på Ulla. Han var bror til Olaus P. Ulla (O'pei). Dei var 10 søsken til saman. Harald vart berre kalla Pittersen. Han vart gift med Gjertrud frå Kvamsøya. Dei budde i  Hytta ei tid, men eg veit ikkje når. Pittersen og Gjertrud har to barn: Perry (1941) og Else (1955). Familien flytta til Ålesund der Pittersen arbeidde i Fiskesalslaget i 20 år til han vart pensjonist.

Sjå Sjur-garden på Ulla. Lenke


Helga Olsd. Ullahammer - "Krogs-Helga"  ca 1955-1965

Her har vi eit ungdomsbilde av Krogs-Helga. Ho vart fødd på Buholmen i Ålesund, men foreldra Ole Krogsæter og Kristine f. Ulla frå Sjur-garden flytta til Ulla om lag 1896. Då var Helga 4 år. Ole var frå Krogsætra, derfor vart familien kalla Krogs all tida. Krogs-Helga vart ikkje gift, og ho budde i Gamlestova der ho var telefondame. Ole og Kristine tok åt seg ein liten gut, Ole Ullahammer (Mette-Ole), som vart gift med Antonette Ulla. På grunn av slektskapet fekk Helga leige hus i Hytta på 1950-talet og fram til ho døydde i 1965.

Sjå Gamlestova på Ullahammaren. Lenke



 


Gå til toppen