ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Agnes Velure

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Agnes Velure
Foto utlånt av Guri Velure



Agnes Velure var frå ei lita bygd som heiter Velure på vestsida av Sørfjorden i Hardanger, rett over fjorden for Ullensvang. Det måtte vere litt av ein overgang å kome ut i havgapet som lærarinne. Til venstre ser vi foto av Hytta, der ho budde saman med Berte A. Ulla då Hytta var nybygd. Agnes var ei flink og godt likt lærarinne. Ho tok med seg skuleborna til Hytta for avslutning. Då var det bra fullt der inne. Ho var også flink til å nytte naturen saman med elevane, og tok dei ofte med på tur. Agnes var lita og tynn, og når det var stygt ver og kraftig vind, måtte Kari-Frida og Jo-Klara leie henne mellom seg frå skulen og heim att slik at ho ikkje blåste på sjøen. Når det kom ei kraftig vindkule, sette dei seg ned i ly av ein stein.

Agnes flytte tilbake til Hardanger og gifte seg der og fekk etternamnet Lægreid. Nedanfor ser vi Agnes bake flatbrød.




Gå til toppen