ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Sjur-garden



Bumerke
Sjur-garden




Bruksnr. 9




Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005


BYGNINGAR

Sjur-garden var frå gamalt ein del av Negard.  Sjur-garden vart skilt frå Negard om lag 1650.  Sjur-garden har namnet sitt etter Sjur Pederson Ulla (1732-1802).  Sjur-garden hadde fem bygningar i det gamle tunet på Ulla:  Stove, kårstove, løe, stabbur og torvsjå.  I tillegg til Sjur-garden var det berre Negard som hadde kårstove.  I klyngjetunet låg Sjur-garden lengst mot aust.  Sjur-garden vart utflytta i 1895 til lagleg tomt lengst aust av gardane, ovanfor bygdevegen.  Løe vart bygd rett bak stovehuset.

Sjur-naustet ligg nest lengst mot sør, ved sida av Kari-naustet.  I tillegg har Sjur-garden eit naust saman med Ingeleiv, ihopenaust, som ligg sør for Negard-naustet.  Saltebuda til Sjur-garden låg bak Sjur-naustet.


FOTOGRAFI



Hans Hansson Ulla "Långe-Hans"  (1860-   )
Foto:  J. Sponland
Petrine K. Ulla (1885-1974)
Hans Petterson Ulla (1883-1967)

Foto:  J. Sponland



SLEKTSTRE

Slektstre for Hans Petterson Ulla  (1883-1967) Slektstre for Petrine Karlsdt. Ulla  (1885-1974)
Slektstre for Petra Pettersdt. Ulla  (1900-1989)



SLEKTSBOK

Peder Pederson Ulla  (1654-  )

Gift med Brite Povelsdt. f. Flem

Barn:
1.
Guri Pedersdt. Ulla  (1699-1699)
2.
Guri Pedersdt. Ulla  (1700-1760) som tok over Sjur-garden.
3.
Synnøve Pedersdt. Ulla  (1702-1775)  gift med Peder Guttormson Ulla (1707-1790)  i Ingeleiv-garden.

Guri Pedersdt. Ulla  (1700-1760)

Gift med Peder Anfinnson f. Løken  (1687-1757)  frå Lauka

Barn:
1. Sjur Pederson Ulla  (1727-  )
2.
Peder Pederson Ulla  (1730-  )
3.
Sjur Pederson Ulla  (1732-1802) som tok over Sjur-garden.
4.
Birthe Pedersdt. Ulla  (1736-1738) som døydde 2 1/2 år gamal.
5.
Guttorm Pederson Ulla  (1739-1739) som døydde 4 dagar gamal.
6.
Johan Pederson Ulla  (1742-1742) som døydde 1 dag gamal.
7.
Johan Pederson Ulla (1744-  )

Sjur Pederson Ulla  (1732-1802)

Gift i 1756 med Brite Olsdt. f. Farstad  (1733-1823) frå Lepsøy.

Barn:
1,
Brite Sjursdt. Ulla  (1758-1831)  gift i 1790 med Peder Rasmusson Ulla  (1760-1831) i Negard på Ulla.
2,
Hans Sjurson Ulla  (1763-1838) som tok over Sjur-garden.
3,
Ole Sjurson Ulla  (1768-  )
4,
Peder Sjurson Ulla  (1776-1780)
5,
Ingebrigt Sjurson Godøy f. Ulla (1778-1820) gift i 1797 med Kristine Andersdt. f. Fjørtoft (1776-1830) frå Fjørtoft.  Ingebrigt busette seg på Godøy.  Han var los, og vart drepen ved Hitra i 1820.

Hans Sjurson Ulla  (1763-1838)
Gardbrukar i Sjur-garden og los ved Ulla losstasjon.

Gift i 1792 med Nille Olsdt.  (1771-1839)
Nille var dotter til Kari Torsdt. Ulla  (1745-1801) og Ole Pederson f. Longva  (1744-1774) i Kari-garden på Ulla.

Barn:
1.
Helvig Hansdt. Ulla  (1793-1809)
2.
Sjur Hansson Ulla  (1796-1818)  ugift.
3.
Brite Hansdt. Ulla  (1798-1887) som tok over Sjur-garden.
4.
Kristiane Hansdt. Nogva f. Ulla  (1807-  ) gift i 1827 med Jon Larsson Nogva  (1799-  ) i Jo-garden på Nogva.

Brite Hansdt. Ulla  (1798-1887)

Gift i 1819 med Peder Hansson f. Haram  (1798-1890)  frå Negard på Haram.

Barn:
1.
Hans Pederson Ulla  (1819-1906) som tok over Sjur-garden.
2.
Sjur Pederson Rogne f. Ulla  (1821-1913) gift i 1851 med Severine Rasmusdt. Rogne f. Kjerstadstøl  (1821-  ) frå Rasmus-garden, Kjerstad, Lepsøy.  Sjur var gardbrukar på Rogne.
3.
Nikolai Britanus Pederson Austnes f. Ulla  (1824-  ) gift i 1864 med Marte Martinusdt. f. Midtlie (1815-  )  frå Skodje.  Nikolai var gardbrukar på Austnes.
4.
Ole Andreas Pederson Austnes f. Ulla  (1828-  ) gift i 1859 med Andrine Karlsdt. f. Haram  (1831-  ) frå Sjur-garden på Haram.  Gardbrukar i Sjur-Ola-garden på Austnes.
5.
Ingebrigt Martinus Pederson Ulla  (1830-  ) gift første gong i 1861 med Petrine Petersdt. f. Haram  (1829-1865) frå Tore-garden på Haram.  Gift andre gong i 1866 med søstra Marie Petersdt. f. Haram  (1844-  ).  Ingebrigt budde ei tid på Røvreit.
6.
Johannes Pederson Ulla  (1833-1920) gift i 1864 med Nille Kristiansdt. f. Tennøy  (1839-1921).  Gardbrukar i Johannes-garden på Haram.
7.
Petrine Pedersdt. Ulla  (1836-1854)  døydde ugift 18 år gamal.
8.
Hans Nikolai Pederson Rogne f. Ulla  (1839-1921) gift i 1870 med enkje Anne Olsdt. Rogne  (1836-  ) i Rognegjerdet.  Anne var mor til Ole Hansson Ullahammer i Ingebrigt-garden, Ullahammar.

Hans Pederson Ulla  (1819-1906)
Hans dreiv Sjur-garden til 1883.  Han var også ein særs dugande los.       

Gift i 1852 med Helene Olsdt. f. Mydske  (1831-1919)  frå Gjøs-garden på Myskja.

Barn:
1.
Petter Hansson Ulla  (1853-1937) som tok over Sjur-garden.
2.
Anna Hansdt. Haram f. Ulla  (1854-  )  gift i 1875 med Johannes Pederson Haram  (1850-  )  i Johannes-garden på Haram.
3.
Ole Peder Hansson Haram f. Ulla  (1857-1931) gift i 1886 med enkje Anna Pedersdt. Haram f. Skjong  (1853-1938) i Søren-garden på Haram. Saman hadde dei 5 barn. Ho hadde ein gut frå første ekteskap med Andreas A. Haram i Søren-garden.
4.
Hans Hansson Ulla  (1860-  )  "Långe-Hans"  som vart gift med Anna f. Hurlen og busett på Hildre.
5.
Olaus Hansson Ulla  (1862-1882)  ugift på Sjur-garden.  Døydde av tæring 20 år gamal.
6.
Kristine Hansdt. Ullahammer f. Ulla  (1865-1943)  gift i 1891 med Ole Gunderson Krogsæter Ullahammer  (1856-1936)  frå Vatne.  Busett i Gamlestova i Ullahammaren.
7.
Oline Hansdt. Lausund  f. Ulla  (1867-  )  gift i 1889 med Andreas Olson Lausund  (1863-  )  på Lepsøy.

Petter Hansson Ulla  (1853-1937)
Sjur-Petter var gardbrukar frå 1883 til 1925.  Som far sin var også han los på Ulla losstasjon.

Gift første gong i 1881 med Johanne Pettersdt. f. Flem  (1858-1893) frå Gulaug-garden på Flem.

Barn:
1.
Lina Pettersdt. Haram f. Ulla  (1882-1976)  gift med Ole Karlson Haram (1882-1962)  i Åmund-garden på Haram.
2.
Hans Petterson Ulla  (1883-1967) som tok over Sjur-garden.

Gift andre gong i 1894 med Petrine Nilsdt. f. Farstad  (1876-1944)  frå Nils-garden, Farstad,  Lepsøy.

Barn:
1.
Johan Nils Petterson Ulla  (1895-1967)  gift med Elida Mathiasdt. Ulla f. Langseth  (1904-1997) som var oppfostra i Elias-stova i Ullahammaren.  Johan dreiv sal av olje i Ålesund.  Johan og Elida hadde fire barn:  Egil (1928-1994), Per (1930-2011), Mathias (1924-  ) og Herdis (1926).
2.
Hennige Pettersdt. Ulla  (1897-1950)  ugift i Sjur-garden.
3.
Petra Vilhelmine Pettersdt. Ulla  (1900-1989) Tvilling.  Gift med Peder Hansson Ulla  (1895-1952)  i Negard på Ulla.
4.
Karn Johanne Pettersdt. Ulla (1900-1902)  Tvilling.
5. Nils Karl Petterson Ulla (1902-1912)
6.
Olaus Petterson Ulla  (1905-1989) gift med Inga Ulla  f. Nordstrand (1903-1990)  frå Valderøy.  Busette på Valderøy.  Dei har seks barn:  Palma (1932), Sigrunn (1936), Nora (1939-1942), Oddvin (1941-1991), Noralf (1944-1993) og Jarle (1945).
7.
Karl Petterson Ulla  (1908-  )  gift med Hedvig Ulla (1914-1996).  Karl var skipskaptein og busett i Trondheim.  Dei har to barn:  Karl (1949-1998) og Pål.
8.
Harald Petterson Ulla  (1910-1980)  gift med Gjertrud Ulla f. Østringen (1920-2001) frå Sande på Sunnmøre.  Dei budde i Ålesund og har to barn:  Perry (1941) og Else (1955).

Hans Petterson Ulla  (1883-1967)

Gift med Petrine Karlsdt. Ulla  (1885-1974)  frå Lars-garden på Ulla.

Barn:
1.
Johan Hansson Ulla  (1915-1996) som tok over Sjur-garden.
2.
Petter Hansson Ulla  (1917-1947) ugift.
3.
Inger Hansdt. Ulla  (1921-1922) som døydde 1 1/2 år gammal.
4.
Inger Anna Hansdt. Ulla  (1923)  gifta med Olav Olson Ulla  (1913-1989) frå Mali-garden på Ulla.  Olav var skipskaptein i utanriksfart.  Dei var busette i Ålesund.  Dei hadde tre barn:  Ottar Arne (1954-1980), Hilde (1959) og Anne (1962).

Johan Hansson Ulla  (1916-1996)

Gift med Oddlaug Knutsdt. f. Haram (1920-2012) frå Maristad-garden på Haram.

Barn:
1.
Helge Palmar Ulla  (1942) som tok over Sjur-garden.
2.
Kjell Inge Ulla  (1945) gift med Aase Margrete f. Flø  (1947) og busett i Ulsteinvik.  Dei har to barn:  Trine (1972) og Bente (1974).
3.
Per Karsten Ulla  (1949-1999)  gift med Reidun f. Grøtt  (1952) og busett på Vatne.  Dei har tre barn:  Eivind (1980), Frank (1980) og Hanne (1984).
4.
Steinar Ulla  (1954) gift med Grete Kari f. Hjalland (1960).  Dei har fire barn:  Marte (1989), Sveinung (1992), Ingeborg (1996) og Åslaug (2001).

Helge Palmar Ulla  (1942)

Gift med Oddbjørg f. Larsen  (1945)  frå Spjelkavik.

Barn:
1.
Jan Rune Ulla  (1968)  busett i Sjur-garden.
2.
Helen Ulla  (1969)
3.
Øystein Ulla  (1973)
4.
Vidar Ulla  (1977)
5.
Elisabeth Ulla  (1981)

Jan Rune Ulla  (1968)

Gift med Anita Myklebust Ulla (1969)
Anita er lærar ved Haramsøy skule.  Ho er frå Tennfjord.

Barn:
1.
Anne-Marte Ulla (1991)
2.
Maria Ulla (1994)
3.
Kristina Ulla (1996)
 

Gå til toppen