ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Losgard (Åkre)



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2006


BYGNINGA


Karl Knutson Åkre bygde seg hus i Ullahammaren i 1907.  Huset heiter eigentleg Losgard, men vart kalla Åkre.  Det var av same type som Kari-huset opphavleg; ein og ein halv etasje med kjellar under og vanleg mønetak.  Karl og Hanna fekk ein stor familie, og om lag i 1930 vart huset påbygd mot vest med brekt hjørne mot aust.

Karl hadde eigentleg tenkt å kjøpe Elias-stova med tilhøyrande sjøbud då Remme-Elias bestemte seg for å flytte til Nordfjord der kona Hansine var frå. Elias likte seg ikkje i Nordfjord, og dei kom ganske fort tilbake til Ullahammaren.  Han fekk gjort om avtalen med Karl, men på den måten at Karl fekk behalde sjøbuda, som vart kalla Åkre-buda.  Det var Remme-Elias som hadde bygd denne i si tid.


SOMMARFJØSEN



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1977

I tillegg til stovehuset, bygde Karl løe rett nedom vegen med plass til ku, kalv, gris og høner.  Han hadde også eit jordstykke inne i Vålen.  Der bygde han seg sommarfjøs om lag 50 meter aust for Ullahammer fyr eller Løeg-fyret som det vart kalla etter fyrvaktaren Johan Herman Løeg.  Der hadde han dyra sommarstida, og han hadde også plass til kyrne til Hans Pederson Ulla og Gustav Vebjørn Ulla.  Sommarfjøsen stod til slutten av 1970-talet.


M-49-H   "ODIN"



Ein tidleg årgang av "Odin" med lite rorhus
og før forlenging.  Foto utlånt av Per Åkre
Edvin Verpeide og Karl Ingvald Åkre greier sildegarn
Foto utlånt av Helga Ulla

Karl Jørgen Åkre kjøpte "Odin" som nybygg frå Volda i 1914.  Han gav ca 10 000 kroner for båten.  Dette var ei særs klok og heldig investering.  For straks etterpå kom første verdskrig, og berre nokre år seinare måtte ein betale tre til fire gonger så mykje for ein slik båt.  Dessutan var det svært godt fiskeri dei første åra etter at Karl kjøpte "Odin".  Såleis tente han fort inn att det han hadde lagt ut for båten.  Karl var fiskar og los.



Foto 1907 utlånt av Per Åkre

   
Karl Jørgen var heldig som kom til Ulla og fekk sjansen til å utdanne seg til los.  Han begynte å bli med losane i Ulla-garden og tok så utdanning som los i Ålesund.  På fotografiet ser vi Karl bak lengst til høgre i samband med ei samling av losane på Sunnmøre i 1907.  Karl tok over losnummeret til Petter H. Ulla i Sjur-garden.  Han slutta som den siste losen på Ulla i 1939.  Losane på Ulla hadde kort veg ut til skip som skulle ha hjelp.  Dei nytta faste utkiksplassar.  Dei vanlegaste var ovanfor Lihaugen, ein stad som heiter Kobben ovanfor Hildrestigen.  Langt kortare var det å stille seg opp ved Gneddene på nordsida av Ullahammaren.  Sjå eigne sider under Stadnamn.  Det var ofte stor konkurranse med losane frå Flem om å få los-oppdrag i området utanfor Ulla.. 


BUTIKKEN



Foto: Knut Hallvard Ulla - 1997
   
Her ser du butikken til Olga og Knut Åkre til høgre på bildet.  Dei dreiv handel her frå 1953 til 1972.  Dei starta opp med butikk etter at Gustav Vebjørn Ulla slutta med handel i Kari-stova i Ullahammaren. Butikken var i 1. etasje og lageret oppe, med inngang frå baksida.  Butikken til Olga og Knut var den siste i ei lang rekkje med handel i Ullahammaren.  Det var ikkje nokon storhandel akkurat, men ein fekk tak i det mest nødvendige til dagleg bruk.  Dessutan var butikken ein samlingsstad for folk på Ulla.  Rett inn for døra til høgre var det ein benk der ein kunne setje seg ned og prate og frette nytt.  Det var nok mange gode historier som vart fortalt der.  Det var ikkje faste opningstider, men det var ei klokke på døra som ein kunne ringje på.  Då kom Olga eller Knut og tok seg av kundane.


FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum Losgard



Foto 1946 utlånt av Helga Ulla.  Bryllaupet til Karl Ingvald og Signe Åkre i Ålesund
    Bak f.v: Ottar  Arne, Ingebjørg Klara, Harald Guttorm, Helga Klara, Jørgen Peder, Petra Elisa og Knut Peder
Framme:  Hanna, Karl Ingvald og Karl Jørgen



SLEKTSBOK

Karl Jørgen Knutson Åkre  (1878-1964)
Karl var frå Knut-garden på Åkre.  Han kom tidleg til Ulla som tenestegut i Lars-garden der han også møtte Hanna som han skulle bli gift med.  Karl dreiv fiskeri med "Odin" og tok til som los i Ullahammaren i 1905.  Han var siste losen på Ulla losstasjon og slutta i 1939.  Han var los samstundes med Sevrin Kristianson Ullahammer (Jubb-Søvrin).       

Gift i 1905 med Hanna Karlsdt. Åkre  f. Ulla (1880-1959) frå Lars-garden på Ulla

Barn:
1.
Knut Peder Åkre (1906-1982) som tok over Åkre.
2.
Karl Ingvald Åkre  (1908-1990)  gift med Signe f. Stokke (1917-2013) dotter til Olaf og Nikka Stokke på Ellingsøy.  Dei har to barn:  Kjell Harald (1947) og Odd Noralf (1951).  Karl var fiskar og skipper på "Skarvaag".  Dei bygde hus på Nordstranda på Haramsøy i 1951.
3.
Harald Guttorm Åkre  (1910-1995)  gift første gong med Svanhild f. Årseth (1920-1971) frå Austefjorden i Volda.  Dei har eitt barn:  Kirsti (1956).  Harald var gift andre gong med Dagny Bjørdal (1911-2006) frå Austefjorden.  Harald var fiskar på "Skarvaag".  Harald og Svanhild bygde hus på Nordstranda på Haramsøy.  Harald og Dagny budde i Austefjorden og seinare i Volda.
4.
Petra Elisa Nordang f. Åkre (1912-2009) gift med Samund Nordang (1909-2000) frå Hjørundfjorden.  Dei har ni barn:  Nils (1938), Kjell (1940-2021), Inger (1941),  Sverre (1943-2016),  Hilde  (1945),  Kåre (1947), Liv Hilde (1949), Svein (1951) og Thor Inge (1955).  Petra og Samund budde på Nordang i Hjørundfjorden og dreiv gard og pelsdyrdrift.
5.
Ingebjørg Klara Vadset f. Åkre (1914-1981) gift med Toralv Vadset (1911-1981) frå Tennfjord.  Dei hadde ikkje barn.  Toralv var drosjesjåfør.  Dei budde i Tennfjord.
6.
Jørgen Peder Åkre (1916-1996) gift med Johanne Petrine f. Ulla (1916-1994) frå Mette-garden på Ulla.  Johanne var søster til Johan Bernt Ulla, sjå nedanfor.  Jørgen og Johanne har fire barn:  Herbjørg (1943), Grete (1946), Jarle (1948) og Steinar (1959).  Jørgen var fiskar på  "Odin" og "Skarvaag".  Dei budde først i Hytta i Ullahammaren og flytta inn i nytt hus på Nordstranda på Haramsøy i 1952.
7.
Helga Klara Ulla f. Åkre (1918-2010) gift i 1948 med Johan Bernt Ulla (1917-1961) frå Mette-garden på Ulla.  Johan  Bernt var bror til Johanne Petrine Åkre, sjå ovanfor.  Helga og Johan Bernt har tre barn:  Guttorm (1951-2023), Knut Hallvard (1952) og Ottar Helge (1955).  Johan Bernt var dyrlege.  Dei budde først på Bakkebo og seinare i Stornes-huset på Austnes. Dei flytta inn i nytt hus på Nordstranda på Haramsøy i 1955.
8.
Ottar Arne Åkre (1920-2003) gift med Reidun f. Vangensten (1934-2017) frå Vang i Valdres.  Dei har to barn:  Hanne (1961) og Kari (1963-2022).  Ottar arbeidde i Televerket.  Dei budde i Risør og Ski.


Knut Peder Åkre  (1906-1982)
Knut fekk ein nyresjukdom då han var ung.  Han var svært plaga med nyrestein, og dessutan måtte han operere bort eine lunga. På grunn av dårleg helse kunne han såleis ikkje vere med på sjøen saman med faren og brørne sine.  Før han flytta heim til Ullahammaren og tok over huset, dreiv han ein kiosk i Ålesund.  I 1950-åra fekk han bygd butikk der Job-stova stod, og han starta butikkdrift etter at GV hadde slutta.  I tillegg dreiv han små-sjøen med fiskebåten sin, "Trulsen".

Gift med Olga f. Stokke (1910-2000) frå Ellingsøy. Olga var søster til Lina Ulla som var gift med Andreas M. Ulla i Jo-garden og  tante til Signe Åkre f. Stokke som var gift med Karl Ingvald Åkre.

Barn:
1.
Per Kåre Åkre  (1948) gift i 1969 og seinare skilt frå Norun Vågnes (1949) frå Langevåg.  Per Kåre og Norun har to barn:  Christian (1970), og Ingrid  (1976).  Per Kåre var sambuar med Gunn Marit Hagen (1963) på Hjelset.  Saman har dei eitt barn:  Mads (1998).

Gunnar Hugo Nyland og Mette L. Ekroll Hatlehol
frå Brattvåg kjøpte Åkre i juli 2000.

Randi Ulla Nogva og Bjørn Nogva
frå Søvika kjøpte Losgarden i 2013


Gå til toppen