ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Laurits Johan Rørvik

Lenke til oversikt over lærarane på Ulla skule



Laurits Johan Eliasson Rørvik (1864-1957)
Foto kopiert frå Haram bygdebok


    Laurits Rørvik var frå garden Elias-plassen i Rørvika på Vigra. Han kom først som lærar til Kjerstad i perioden 1893-1897. Så fekk han seg post som klokkar for Haram kyrkje på Austnes kombinert med lærar for Åkre skule og Ulla skule. Han budde med familien sin, kona Randi f. Folstad frå Melhus, og 10 barn på Klokkargarden på Åkre. Alle barna var fødde på Åkre. Han var lærar på Åkre i perioden 1895-1929 samstundes som han var klokkar. Då han vart pensjonist, flytta han til Asker på Austlandet og budde der til han døydde 93 år gammal. Yngste sonen til Laurits heitte Leiv. Han var ein ivrig fotograf. Han tok mellom anna det kjende fotografiet av Bjørnsonprofilen med Ullahammaren nedanfor i 1937.
    Laurits Rørvik var lærar på Ulla i tida frå 1895 til 1904.


Gå til toppen