ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Kari-stova



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1997

BYGNINGA

Nils Johanson Ulla, "Kari-Nils" og kona Josefine Pedersdt. Ulla flytta som nygifte inn i Hamaren i 1890-åra.  Dei budde først hos Knut Svendsen medan dei sette i gang å byggje.  Først bygde dei løa på nedsida av vegen.  I løa var det plass til ei ku og ein kalv.  I tillegg var Nils ein ivrig fiskar, og han satsa på dette yrket.  Men før han kom noko vidare med husbygginga, slo fisket feil og han og Josefine bestemte seg for å flytte heimatt til Kari-garden og satse på ei framtid som gardbrukar og fiskar.  Far til Nils, Johan Rasmusson Ulla, overtok å fullføre "Udsikten" som var innflyttingsklar i 1904.  Johan flytta så inn i Hamaren saman med sonen Gustav Vebjørn (GV) og døtrene Laura og Klara.  GV løyste handelsbrev og tok til med handel i 1907.

"Udsikten" er ei ein og ein halv etasjes bygning med ein praktfull gråsteinsmur og skifertak.  Løa har tilbygg med torvsjå og landkjellar under.


BUTIKKEN

Gustav Vebjørn Johanson Ulla blei berre kalla GV.  Han løyste handelsbrev og tok til med handel i 1907.  Han dreiv butikken heilt fram til 1953.  Butikken låg i kjellaren i den austre delen til høgre når du går inn kjellardøra.  Lagerplassen var i mindre rom bak butikken og oppe på loftet.  I tillegg hadde han eit stort fat med parafin i vestre del av kjellaren.  Derifrå kunne folk få seg parafin til komfyren og lys i huset.  GV hadde ein talje som han heisa lagervarer opp på loftet med gjennom trapperommet.  Dette var svært tungvint og det seier seg sjølv at det var relativt lite lagerplass.  Såleis dreiv han handel med avgrensa vareutval, og det var vanleg at folk på Ulla handla i stort på Flemsøy forbruksforening.  Då tok dei færingen fatt og rodde over til Flem og handla mjøl, sukker, smør og anna i stort der.  Ved inngangsdøra til butikken hans GV var det ei ringeklokke med leidning opp i andre etasje.  Der var det ei bjelle med batteri.  Når folk skulle i butikken, måtte dei ringe på klokka, og så kom han GV eller ho Emma ned og ekspederte kundane.

Varene til butikken kom med dampbåten frå Ålesund.  Den ankra opp ute på leira, og så tok dei flyttbåten og rodde varene ut til Ulla-nausta.  På Negardsvøren var det rigga til med skinner som dei kunne trille ei vogn på.  Så vart varene mellombels lagra i ihopenaustet til Ingeleiv og Sjur og trilla i handvogna inn i Hammaren i ei eller fleire vender. På biletet til høgre ser du handvogna (to-hjulsvogna) som GV nytta.  Den står like heil i Kari-løa i Ullahammaren den dag i dag.  Sirup vart selt i laus vekt hos han GV.  Store fat med sirup vart frakta i land på Storebuda i Ullahammaren, heisa opp med vindehjulet og trilla på to plankar som dei la oppover vegen.  Det var eit tungt arbeid, men så var det ikkje kvar dag det vart levert sirupsfat til butikken hans GV heller då.
   



Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006


TELEFONSENTRALEN

 
            
Her er fotografi av skiltet som hang over kjellardøra i Kari-stova den tida det var telefonsentral der.  Det var frå slutten av 1930-åra og til om lag 1950.  Då var Kari-stova ein sentral bygning med butikk og telefon.  Vi må hugse på at  det ikkje var så mange som hadde eigen telefon på Ulla denne tida, berre nokre få husstander.  Når det var telefon til nokon, var det ungane som måtte springe av stad og få tak i den det var telefon til.  Gustav Vebjørn Ulla, GV, hadde mang ein vanskeleg situasjon å løyse i samband med at han hadde ansvaret for telefon på Ulla under andre verdskrigen.  Tidlegare var telefonsentralen på Ulla i Gamlestova. Der var Helga Ullahammer, Krogs-Helga, telefondame.  Ho budde i den austre delen av Gamlestova.  Sjå meir opplysningar om Gamlestova på eiga side.


FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum Kari-stova


Frå venstre: Frida Heggenhougen, Emma Ulla  og  Marie Ulla
Foto: Per Ulla


SLEKTSBOK

Johan Olaus Rasmusson Ulla  (1848-1928)
Johan, som var enkjemann, flytta med tre av dei elleve barna sine frå Kari-garden på Ulla og inn i Ullahammaren, og budde der frå 1904 til han døydde.

Gift i 1873 med Filipine Guttormsdt. Ulla  (1854-1897) frå Ingeleiv-garden på Ulla.

Dei tre borna som budde i Kari-stova i Ullahammaren:

1.
Gustav Vebjørn Johanson Ulla  (1881-1959) som tok over "Udsikten".
2.
Laura Johansdt. Ullahammer f. Ulla  (1892-1983) gift i 1919 med Sevrin Kristianson Ullahammer  (1880-1934) frå Job-stova i Ullahammaren.
3.
Klara Johansdt. Ratvik f. Ulla  (1895-1952) gift med Hans Ratvik (1883-1966) frå Borgund.  Busett i Ratvika i Ålesund.


Gustav Vebjørn Johanson Ulla  (1881-1959)
Gustav blei berre kalla GV.  Han løyste handelsbrev og tok til med handel i 1907.  Han dreiv butikken heilt fram til 1953.

Gift i Molde i 1919 med Emma f. Hovden  (1889-1990) frå Ørsta.

Barn:
1.
Per Gustavson Ulla  (1919-2006)  ugift, tannlege busett i Ratvika i Ålesund.  Per tok over huset som feriebustad.
2.
Frida Heggenhougen f. Ulla  (1923-2015)  gift med Ottar Heggenhougen (1922-2014).  Ottar var arkitekt, og dei er busette i Trondheim.  Dei har tre barn:  Marit  (1952),  Brit  (1955) og Per  (1957).


Marit Heggenhougen (1952) og Brit Heggenhougen (1955)
tok over "Udsikten" då Per Ulla døydde i 2006.  Marit har eitt barn:  Marianne (1979) og Brit har to barn:  Maria (1987) og Vera (1990).


Gå til toppen