ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Hellevik-stova



Foto 1960 utlånt av Helga Ulla


BYGNINGA

    Petter Hellevik (1853-1917) var frå Lepsøya. Han brukte først det gamle namnet Omnen for Hellevik. Han vart gift med Petra Hellevik (1848-1911) frå Skodje i 1878. Dei slo seg ned på Ulla der det var lett å få seg arbeid som fiskar. I 1885 fekk Petra og Petter løyve til å setje opp eit hus på Ullahammaren på bygsla tomt i Mali-garden. Huset vart kjøpt frå Fiksdalen i Romsdal og vart frakta til Ullahammaren og sett opp like attmed Brenneriet. Huset vart kalla Hellevik-stova, men ofte var det berre kalla "Petter". For eksempel blei det sagt: "Ej he vør neri Petter". Petra og Petter hadde ikkje born, men tok åt seg eit fosterbarn frå Hellevika som heitte Lina Olausdt. (1893-  )   
    Petter Andreasson Tomren (1897-1965) gift med Helga Hansdt. Ulla (1900-1965) fekk leige huset og flytta inn i Hellevik-stova ca 1922. Der budde dei til 1939 då dei bygde seg nytt hus innom Håneset. Petter Iverson Hellevik eigde fiskebåten "Håbet" saman med Andreas Anderson Tomren. "Håbet" vart seld til Buholmen i Ålesund i mai 1913 for kr 2000 og Andreas kjøpte ny båt saman med sonen Ingvald.
    Andreas Anderson Tomren var gift med Helene Johansdt. Hellevik. Petter Iverson Hellevik var bror til Johan Iverson Hellevik, dotter til Helene Johansdt. .



FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum Hellevik-stova



Foto 1946 utlånt av Helga Ulla.  Bryllaupet til Karl Ingvald og Signe Åkre i Ålesund
    Bak f.v: Ottar  Arne, Ingebjørg Klara, Harald Guttorm, Helga Klara, Jørgen Peder, Petra Elisa og Knut Peder
Framme:  Hanna, Karl Ingvald og Karl Jørgen



SLEKTSBOK

Iver Johanneson Hellevik  (1811-1891)

Her er ei avskrift av eit ukjent notat om bakgrunnen for etablering av Hellevik-stova:
"Petters foreldre var tilflyttere til Lepsøya. Ivar Andreas Johanson født 1811 i Engesetdalen flytta til Ivar-garden på Lepsøya og gifta seg med 4.7.1841 med kona som heitte Helge Lassesdatter f. Flo født 15.10.1819 fra Flo i Oppstryn. De fikk 6 barn: Johan (1842), Elisabeth (1842), Laurentse (1846), Petrine (1849), Petter (1853) og Ivar (1859)."      

Gift i 1841 med Helge Lassesd. Hellevik f. Flo frå Oppstryn

Iver og Helge budde i Iver-garden i Hellevika på Lepsøy

Barn:

1.
Johan Iverson Hellevik (1842-1924) tvilling gift med Severine Olsdt f. Røvreit frå Hildre i 1838. Dei hadde 4 barn: Olaus (1868), Helene (1871-1955) gift med Andreas Anderson Tomren på Ullahammaren, Jonas (1874-1958), Anton (1881) .
2.
Elisabeth Marie (1842-) tvilling. Tente som fiskekjerring på Brenneriet i Ullahammaren
3.
Laurentse (1846-)
4.
Petrine (1849-)
5.
Petter (1853-1917) flytta til Hellevikstova på Ullahammaren
6.
Iver (1859-)


Petter Henrik Ivarson Hellevik  (1853-1917
)

Petter flytta til Ullahammaren og tok seg arbeid som fiskar og vart gift med:     

Gift i 1878 med Helene Andersdt. f. Tøssebro frå Skodje (1848-1911)

Fosterbarn:
1.
Lina Olausdt. Hellevik (1893-) truleg dotter til Olaus Hellevik f. 1868. Ho vaks opp i Hellevik-stova på Ullahammaren.


Hans Olson Ulla  (1910-1956)

Gift med Anna Larsson frå Sverige

Anna og Hans tok over Hellevik-stova då Petter Hellevik døydde i 1917. Hans var nest eldste sonen i Mali-garden, og det var naturleg at han tok over eigedommen. Anna og Hans budde i Malmø, dei hadde ikkje barn. I denne perioden vart Hellevik-stova leigd ut mellom anna til Helga og Petter Tomren.


Petter Helmer Andreasson Tomren  (1897-1968)

Gift i 1923 med Helga Hansdt. f. Ulla (1900-1962) frå Negard på Ulla.

Petter og Helga leigde Hellevik-stova frå 1922. I 1939 flytta dei til Lynghol innanfor Håneset, i huset til Vilhelm og Borghild Tomren. Det var nære band mellom dei to familiane, Petter og Vilhelm var brør, Helga og Borghild var søstre. I 1949 bygde Petter og Helga nytt hus nokre hundre meter innanfor Lynghol. Petter var fiskar heile livet. Først på "Arild" saman med svogeren Hans H. Ulla. Under 2. verdskrig investerte han i første "Ullaholm". Den vart skifta ut med kviteskuta "Ullaholm" i 1950.

Barn:
 
1.
Arne Tomren  (1923-2007) gift med Solveig f. Farstad (1926-2015) frå Lepsøya. Dei tok over huset på Nordstranda, men flytta seinare til Brattvåg. Arne var fiskar. Barn: Anne Kari (1950-2015), Petter Harald (1952), Nils Ståle (1954) og Audun Svein (1957).
2.
Hans Peder Tomren (1926-2002) gift med Asbjørg f. Heggdal (1927-2006) frå Lepsøya. Som nygifte budde dei hos Knut Longvanes på Nordstranda. Dei bygde seg hus like ved og budde saman med Ella og Bernhard Heggdal, foreldra til Asbjørg. Hans var fiskar på "Ullaholm".  Barn: Per Helge (1952), Helene Berit (1953), Birger (1955-1955),  Birger (1957-2023), Aksel Kåre (1960), Randi (1965), Guttorm (1970) og Tor Andre (1971).
3.
Magnus Nils Tomren  (1928-2019) ugift. Han budde først i heimen på Nordstranda, men bygde seg hus i byggjefeltet på Austnes. Magnus var skipper på kviteskuta "Ullaholm".
4.
Asbjørn Tomren (1930-2020)  gift med Oddrun Ruth f. Røssevold (1935). Dei budde på Valderøy. Asbjørn var fiskar, og arbeidde seinare på flyplassen på Vigra. Dei har fem barn: Rune Bertil (1957), Hallgeir Petter (1958), Bjørn (1961), Turid Merethe (1966) og Brita Helen (1970).
5.
Herdis Haram f. Tomren (1932-2013) gift med Jonny Roger Haram (1925-1998). Dei tok over huset til Jonny sine foreldre like innanfor Håneset. Dei dreiv småbruk og Jonny var fiskar på "Brasken". Dei hadde sju barn: Annbjørg Oddny (1956-2014), Hilde Palma (1960), Kristin Helen (1961), Roger (1963), Olin (1965), Ole Petter (1966) og Jan Henning (1969).
6.
Anne Kari Tomren (1939-1946). Ho døydde 7 år gammal.
7.
Bjørg Palma Haram f. Tomren (1942) gift med Oddmund Haram (1934) frå Åmund-garden på Haram. Dei bygde seg hus på heimgarden til Oddmund. Oddmund var fiskar. Dei har eitt barn: Kjell Inge (1964).


Olav Bjarne Ulla  (1913-1989))

Gift i 1953 med Inger Anna Ulla (1923) frå Sjur-garden på Ulla.

Inger var frå Sjur-garden på Ulla og Olav var frå Mali-garden på Ulla. Dei kjøpte Hellevik-stova i 1962 av enka etter Hans Olson Ulla, Anna f. Larsson.

Barn:
 
1.
Ottar Arne Ulla (1954-1980)
2.
Hilde Petrine Ulla (1959)
3.
Anne Ulla (1962)


Hilde Petrine  Ulla Myren  (1959)

Gift med Harald Petter Myren (1957) frå Ålesund

 Dei tok over Hellevik-stova frå Inger Anna Ulla i 2004.
Hilde og Harald har tre barn: Christian (1983), Eva (1985) og Henning (1995)
 


Gå til toppen