ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Gamlestova



Foto:  Knut Hallvard Ulla  -  2007



BYGNINGA

    Gamlestova er det eldste huset på Ulla. Eg er ikkje sikker på kva tid huset vart bygt, men det var truleg i perioden 1800-1830. I alle fall har eg opplysningar om Gamlestova frå 1830-talet. Dette var storheitstida for handelsmennene på Ullahammaren, særleg Løeg-familien og Svendsen-familien. Sjå fotoalbum nedanfor. Gamlestova er stort sett undra så lenge eg kjenner til. Den største forandringa gjeld trappa som tidlegare gjekk på nordsida og ned mot sjøen slik det er vist i Per Ulla sin modell frå 1880. På denne måten var det kort og lettvint tilgang til sjøbudene ved strandkanten, mellom anna Gamlesjøbuda (Elias-buda).
    Opphavleg var Gamlestova eigd av ein familie, men då huset vart seld i 1894, vart det delt i to: Krogs-stova mot aust og Kristoffer-stova mot vest. Formelt kjøp av Kristoffer-stova var 16. desember 1893 med betalingsfrist 14. april 1894. Kjøpesummen var kr 625 for heile Gamlestova, det vil seie Krogs og Kristoffer til saman.

"Huset tiltredes i den stand som det nu er.  I handelen medfølger et grisehus, et lokum, vei til vandbrønden, fri landingsplads og ophav av hvad som behøves. Det må ikke drives handel i eller fra huset uden eierens samtykke.
Aalesund. d. 16. des. 1893
Peter Meldahl sign."   


FOTOGRAFI FRÅ GAMLESTOVA

Fotoalbum Gamlestova. Lenke


SLEKTSTRE - LØEG-SLEKTA

Slektstre for Jacob Andreas Methlie  (1879-1886)




SLEKTSBOK -  LØEG-SLEKTA

Andreas Hansson Løeg (1755-1830)
Valderøy

Gift i 1789 med Johanne Helene Løeg f. Brandal (1766-1848) frå Brandal på Hareid
 
Barn:
1.
Jens Andreasson Løeg (1790-1790) som døydde berre 4 månader gammal
2.
Hans Andreas Andreasson Løeg (1792-1796) som døydde berre fire og eit halvt år gammal
3.
Ingebrigt Andreasson Løeg (1793-1862)
4.
Hans Andreas Andreasson Løeg (1798-1798) som døydde eit halvt år gammal
5.
Maren Sophie Methlie (1802-1842) frå Valderøy. Maren vart gift med Jacob Erikson Methlie frå Bergen. Maren døydde i Bergen berre 40 år gammal. Maren og Jacob Erikson hadde ei dotter, Johanne Henrikke (1837-  ). Ho var gift Devold i Ålesund.
Jacob Erikson gifte seg opp att med Antonette Lorentze Methlie. Dei budde i Bergen og fekk ein son som heitte Joachim Holtermann Methlie (1846-1910). Joachim var gift med Sophie Løeg (1847-1928)
6.
Andreas Andreasson Løeg (1804-1882)

Andreas Andreasson Løeg (1804-1882)
Valderøy

Gift med Anne Bagge Løeg f. Mechlenburg (1813-1899)
 
Barn:
1.
Hans Hendrik Andreasson Løeg (1838-1865) som døydde 27 år gammal
2.
Johan Herman Andreasson Løeg (1839-1927)
3.
Sevrin Johan Andreasson Løeg (1842-1902)
4.
Sophie Andreasdt. Methlie f. Løeg (1846-1928)

Hans Hendrik Andreasson Løeg (1838-1865)
Valderøy

Hans Hendrik var ugift






SLEKTSBOK - KROGS-STOVA

Ole Gunderson Ullahammer f. Krogsæter  (1856-1936)
Ole var frå Krogsætra på Vatne. Han reiste truleg ut til øyane og tok seg arbeid med fiske på Ulla. Der møtte han kona si Kristine Petrine Hansdt.Ulla frå Sjur-garden. Dei flytte først til Buholmen i Ålesund der Ole dreiv fiske. I 1893 gjekk Ole saman med Kristoffer Longva og kjøpte Gamlestova på Ullahammaren av Peter Meldahl i Ålesund. Sjå kommentar nedanfor under Kristoffer-stova. Ole og Kristine (frå Sjur-garden) kjøpte den austre delen av Gamlestova som vart kalla Krogs-stova, og Kristoffer og Kristine (frå Mali-garden) kjøpte den vestre delen som vart kalla Kristoffer-stova. Frå gammalt var loftet ikkje delt opp i to men vart nytta felles for dei to familiane.   

Gift i 1891 med Kristine Petrine Hansdt.Ulla (1865-1943) frå Sjur-garden på Ulla

Barn:
1.
Helga Olsdt. Ullahammer (1892-1965) som tok over Krogs-stova. Helga var ikkje gift. Ho vart telefondame på i Gamlestova på Ullahammaren. Det er usikkert kor lenge Helga var telefondame, men det var i alle fall lenge før 1940 at telefonen var flytta ned til Kari-stova på Ullahammaren. Då Helga etter kvart vart plaga med dårleg helse, fekk ho flytte inn i Bertebu (Hytta) på Ullahammaren. Der budde ho til ho fekk plass på Kvileheimen på Longva. Ho døydde på Longva i 1965.
2.
Ole Elias Ullahammer (1904-2001). Ole Elias vart fødd utanfor ekteskap på Flemsøy. Kristine og Ole adopterte han og fostra han opp i Krogs-stova. Derfor vart Ole Elias også kalla Krogs-Ole. Ole Elias vart gift med Antonette Johansdt. Ulla (1907-1998) frå Mette-garden på Ulla. Dei gifta seg i 1932 og tok over og dreiv Mette-garden på Ulla.


Herdis Johansdt. Rosell f. Ulla (1926-2016)
Herdis tok over Krogs-stova etter at Helga Ullahammer (Krogs-Helga) døydde i 1965. Herdis var slekt med Helga på den måten at mor til Helga, Kristine Hansdt. Ulla var søster til Petter Hansson Ulla i Sjur-garden. Far til Herdis var Johan Petterson Ulla som var søskenbarn til Krogs-Helga. Ho hadde ikkje etterkomarar, men Ole Elias Ullahamar (Krogs-Ole), seinare Mette-Ole var fosterbarn i Krogs-stova.

Gift første gong i 1948 med Olav Nøstvold Jensen frå Ålesund

Barn:
1.
Christina Nøstvold Jensen (1951). Christina gift første gong i 1970 med Joachim Steiner frå Tyskland. Gift andre gong i 1974 med Jim White frå USA. Det var ingen barn i ekteskapa. Dei var seinare skilde. Christina vart kjæraste frå 2000 med Momy Sibony som er jøde.


Herdis vart gift andre gong i 1955 med Axel Fredrik (Gugge) Rosell frå Sverige
  
Herdis og Olav Nøstvold flytta til Sverige og dei fekk dottera Christina i 1951. Herdis og Olav vart skilde medan dei budde i Sverige, og Herdis gifte seg med Axel Rosell. Då dei vart pensjonistar, flytta dei til Marbella i Spania. Det var i 1974. Christina vart med til Marbella, og ho bur der framleis.


Trine Ingebjørg Ulla (1961) og Ole-Jacob Velle
Herdis var tante til Trine. Far til Trine heitte Egil Ulla og var bror til Herdis. Trine og Ole-Jacob bur på Blommenholm i Oslo. Dei brukar Krogs-stova som feriehus. Trine og Ole Jacob tok over Krogs-stova etter Herdis Rosell i 1999.

Trine og Ole-Jacob er gift

Barn:
1.
Frida Kristin Ulla (1996
2.
Ingebjørg Ulla (1998)



SLEKTSBOK - KRISTOFFER-STOVA

Kristoffer Jonson Ullahammer f. Longvanes (1849-1922)
Kristoffer var frå Longva. Foreldra til Kristoffer var Jon Larsson Longvanes (1810-1854) og Tomasine Pedersdt. Longvanes f. Aakre (1817-1892). Kristine og Kristoffer gifte seg i Haram Kyrkje 19. juni 1881. Som nygifte fekk dei seg arbeid på Myre-garden på Hildre. Dei fekk 6 barn. Det er usikkert kva som skjedde den siste tida dei budde på Hildre, men truleg var det sjukdom som gjorde at familien ikkje kunne halde fram og arbeide på garden på Myre. I 1892 fekk Kristoffer høve til å kjøpe Gamlestova på Ullahammaren saman med Ole G. Krogsæter frå Vatne. På den måten fekk dei lettare tilgang til sjøen og høve til å drive fiske frå Ulla. Kristine døydde 21. februar 1893 på Ulla. Då var yngste jenta, Kristine, berre to månader gammal. Vi veit ikkje noko om dødsårsaka.  Om lag samtidig kjøpte dei eine delen av Gamlestova, som vart kalla Kristoffer-stova. Kristoffer vart etter kvart plaga med dårleg helse, og Thea fekk oppgåva med å stelle faren dei siste åra på Ulla. Kristoffer døydde i 1922, men dødsbuet vart ikkje gjort opp med formell overtaking. Johan var eldste arving, og broren, Hjalmar, hadde alt reist til Amerika slik mange frå Norge gjorde den tida. Det var tronge kår og vanskeleg å greie seg økonomisk. Då Kristoffer døydde, kom Hjalmar heim frå Amerika og henta Thea med seg til Amerika. Thea fann seg godt til rette der og gifte seg med ein Amerikanar som heitte Welde. Thea døydde der 1.10.1986, 97 år gammal. 

Gift i 1881 med Kristine Bertine Kristensdt. Ullahammer f. Ulla (1853-1893) frå Mali-garden på Ulla

Barn:
1.
Johan Kristian Krisofferson Ullahammer (1881-1957).  Johan var ugift. Han var fiskar og arbeidde også på Myre-garden på Hildre då han var ung. Etter at faren døydde, flytta Johan til Ulla der han var postmann.
2.
Hjalmar Henning Kristofferson Ullahammer (1883-  ). Hjalmar reiste til Amerika som ung.
3.
Laurits Gustav Kristofferson Ullahammer (1885-1968). Laurits tok over Kristoffer-stova etter at Johan (Myre) døydde
4.
Hans Theodor Kristofferson Ullahammer (1887-1904). Døydde av magesykje berre 17 år gammal
5.
Thea Kristofferdt. Welde f. Ullahammer (1889-1986). Thea reiste til Amerika etter at faren døydde i 1922.
6.
Kristine Kristofferdt. Ullahammer (1892-1908). Døydde berre 16 år gammal


Johan Kristofferson Ullahammer (1881-1957) tok over Kristoffer-stova
Det var ingen som rekna med at Thea skulle kome att til Ulla etter at ho blei med broren Hjalmar til Amerika. Thea vart som nemnt gift i Amerika, og ho kom ikkje heim att til Norge. Johan vart postmann på Ulla etter at Kristoffer døydde. Johan var ugift. Han vart berre kalla Myre fordi han var i teneste på Myre-garden på Hildre då han var ung. Myre budde åleine og han var den siste fastbuande personen i Kristoffer-stova på Ulla. Etter at Myre vart gammal og slutta som postmann, tok Justav Vebjørn Ulla over postkontoret på Ulla i Kari-stova. I tillegg til kjøpekontrakten frå 1893 var der eit skyldskifte frå 1910 som dokumenterte kven som eigde Kristoffer-stova. Det vart rekna som mest praktisk å ordne eigedomstilhøvet i samband med skiftet etter Myre i 1957.


Laurits Gustav Kristofferson Longva (1885-1968) tok over Kristoffer-stova
Laurits tok over Kristoffer-stova etter at Johan (Myre) døydde. Hjalmar hadde flytta til Amerika saman med søstra Thea, og Laurits tok tak i formalitetar som ikkje var rydda opp i, mellom anna eigedomsforhold og skøyte på Kristoffer-stova. Då Laurits var heilt ung, fatta han interesse for motorar. Han fekk kome til Finnøya og gjekk i motorlære der hos Finnøy-Nils. Då han var ferdig på Finnøya, tok han seg arbeid på Lepsøy. Laurits og kona Kristine tok over kaia og sjøbuda på Kjerstad i 1907. Han bygde nytt hus på murane som stod att etter Petter N. Farstad hadde teke med seg huset til Budagarden på Farstad. Laurits hadde smie i kjellaren på Kjerstad. Då han av ein eller annan grunn vart nekta å utvide verksemda med slipp, valde han å flytte fra Lepsøya. Det var etter at sonen Hjalmar vart fødd på Lepsøya i 1919. Laurits reiste då til Fjørtofta der kona hans, Kristine Knutsdt. Fjørtoft, var frå. Laurits fekk seg arbeid i Stongja på Fjørtoft der bror til Kristine, Martinus, hadde ein slipp. To barn, Magni og Karstein, vart fødd der. Ved ei tilfeldigheit vart Laurits med ei kolskute som for til Haugsbygda. Til Haugsbygda kom familien søndag 1. mars 1925. Då hadde dei 8 barn. Siste mann, Oddvar vart fødd i Haugsbygda. I Haugsbygda grunnla Laurits Longva mekaniske verkstad. Slik gjekk det til at Laurits og Kristine slo seg ned i Haugsbygda. Då Myre døydde i 1957, reiste Laurits til Ulla og sette i stand Kristoffer-stova. Myre hadde ikkje barn, og det var berre Laurits som var att og kunne ta over huset på Ullahammaren. Då vart det bestemt at Klara Longva, dotter til Laurits og Kristine, skulle ta over på Ulla. Klara var ikkje gift.

Barn:
1.
Konrad Longva (1909- )
2.
Inga Klara Gjerde f. Longva (1911- )
3.
Kjartan Longva (1913- )
4.
Klara Solveig Longva (1918-2006) som tok over Kristoffer-stova
5.
Leif Karsten Longva (1917- )
6.
Hjalmar Longva (1919- )
7.
Magny Hauge f. Longva (1922- )
8.
Karsten Longva (1924- )
9.
Oddvar Palmar Longva (1929- )


Klara Solveig Longva (1918-2006) tok over Kristoffer-stova
Klara var ugift. Ho var fødd i Haugsbygda og Laurits og Kristine Longva bestemte at Klara skulle få ta over Kristoffer-stova på Ullahammaren. Klara brukte huset til feriebustad. I ei periode på 1960- og 1970-talet vart huset leigd ut til arbeidsfolk frå Høyer Ellefsen som bygde Ullasundbrua (ferdig i 1970). Det kan nemnast at det var ein pipebrann medan huset var utleigd. Brannen vart sløkt. Etter at Ullabrua var ferdig vart Kristoffer-stova leigd ut til Karl Ståle Ulla og kona Åse. Dei flytta seinare til Vartdal.

Kirsti og Gerhard Hauge (1949) tok over Kristoffer-stova
Kirsti og Gerhard Hauge tok over Kristoffer-stova på 1980-talet. Dei bur i Gurskebotn. Dei brukar huset til feriebustad. Klara Longva var tante til Kirsti som er dotter til Hjalmar og Gudrun Longva i Haugsbygda.
 
Gå til toppen