ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Jo-garden



Bumerke
Jo-garden



Bruksnr. 6


Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2007



BYGNINGAR


Jo-garden hadde fire bygningar i det gamle Ulla-tunet:  Stove, løe, stabbur og torvsjå.  Den gamle Jo-stova låg om lag midt i tunet.  Ved sidan av Mette-stova var det berre Jo-stova som hadde skeivtekt tak.  Det vil seie at taket var lengre på eine sida av mønet enn på den andre.  Utflyttinga av Jo-garden kom ganske seint i høve til dei fire fyrste gardane som flytta ut.  Først i 1926 flytta Jo-garden ut frå klyngjetunet til ei lagleg tomt ovanfor bygdevegen.  Løa vart bygd rett ved sidan av stova.

Jo-naustet låg ved sida av Sjur-naustet.  Saltebuda låg nesten heilt ute på berget mot Ullasundet.



FOTOALBUM

Lenke til fotoalbum Jo-garden





Berte Anna Kristiansdt. Ulla (1853-1948)
Foto utlånt av Alf  Ulla
Elias Martinusson Ulla (1879-1944)
Foto: J. Sponland



SLEKTSTRE

Slektstre for Andreas Martinusson Ulla  (1892-1957) Slektstre for Elias Martinusson Ulla  (1879-1944)


SLEKTSBOK

Mons Olson Ulla  (1775-1831)

Gift i 1806 med Marte Mikelsdt. f. Farstad  (1776-1829) frå Mikkel-garden på Lepsøy.

Barn:
1.
Ole Karl Monsson  (1807-1807) som døydde 9 månader gamal.
2.
Erik Monsson Ulla  (1808-1898) som tok over Jo-garden.
3.
Marte Monsdt. Ulla  (1811-  )  gift med Kristen Kristenson Ulla f. Langset (1787-1873) i Mali-garden på Ulla.
4.
Marie Monsdt. Ulla  (1815-1902) gift med Guttorm Ingebrigtson Ulla (1821-1900) i Ingeleiv-garden på Ulla.
5.
Severine Monsdt. Aakre f. Ulla  (1823-  )  gift  med Petter Albertson Aakre  (1823-  ) i Hammars-garden på Åkre.

Erik Monsson Ulla  (1808-1898)

Gift i 1832 med Berte Olsdt. f. Lausund  (1809-1897) frå Lepsøy.

Barn:
1.
Marte Eriksdt. Lausund f. Ulla  (1832-  )  gift i 1857 med Ole Andersson Lausund  (1826- )  i Pe-garden på Lepsøy.
2.
Martinus Erikson Ulla  (1835-1890) som tok over Jo-garden.
3.
Peder Erikson Roald f. Ulla  (1841-1926)  gift i 1872 med Anna Petrine Olsdt. Roald  (1853-1930) som tok over Marke-garden på Roald, Vigra.
4.
Ole Erikson Ulla  (1844-1844) som døydde 10 dagar gamal.
5.
Ole Martinus Erikson Ulla  (1845-1928)  budde ei tid på Røvreit, Hildre.
6.
Elias Erikson Farstad f. Ulla  (1848-  )  gift første gong i 1872 med Kanute Mikelsdt. Farstad  (1849-1875) i Mikkel-garden på Farstad, Lepsøy.  Gift andre gong i 1878 med Berte Eliasdt. f. Rønstad  (1858-  ).  Dei budde i Mikkel-garden.
7.
Anne Marie Eriksdt. Ulla  (1852-1855) som døydde tre år gamal.

Martinus Erikson Ulla  (1835-1890)

Gift i 1878 med Berte Anna Kristiansdt. f. Tennøy  (1853-1948) frå Tennøy.
Foreldra til Bertanna var Kristian Erikson Ulla (1809-  ) som var dreng på Ulla og Gurine Hansdt. Ulla (1814-  ) frå Kari-garden på Ulla.  Dei busette seg på Tennøy.

Barn:
1.
Elias Martinusson Ulla  (1879-1944) som tok over Jo-garden.
2.
Petter Martinusson Ulla  (1884-1968)  ugift. Jo-Petter var fiskar, og bygde Jo-stova i Ullahammaren.  Han tok seinare over Jo-garden.
3.
Johan Martinusson Ulla  (1886-1910)

Berte Anna Kristiansdt. Ulla  f. Tennøy  (1853-1948)

Gift andre gong i 1891 med Martinus Andersson f. Haram  (1867-1949)  frå Søren-garden på Haram.

Barn:
1.
Andreas Martinusson Ulla  (1892-1957)  gift og busett i Jo-stova i Ullahammaren.  Flytta seinare til Gamlem.
2.
Karl Martinusson Ulla  (1895-1956) gift med Rebekka Rasmusdt. f. Aakre (1891-1982) frå Elling-garden på Åkre.  Busett på Nordstranda. Dei har tre barn:  Borgny Olsen f. Ulla (1922), Martin Olav Ulla (1925) og Olga Ulla (1930).
3.
Magnus Martinusson Ulla (1899-1900) døydde eitt og eit halvt år gammal.

Elias Martinusson Ulla  (1879-1944). 
Jo-Elias var ikkje gift.  Han dreiv Jo-garden til han døydde i 1944.

Petter Martinusson Ulla  (1884-1968)
Jo-Petter var ikkje gift.  Han budde tidlegare i Jo-stova i Ullahammaren.  Då Elias døydde, tok han over og dreiv garden.  Seinare dreiv han Jo-garden saman med brorsonen Alf som tok over Jo-garden.

Alf Andreasson Ulla  (1931-2009)

Gift med Kirsti Ulla f. Langlo (1936)  frå Hildre.

Barn:
1.
Andreas Peter Ulla  (1961) gift med Kirsten Berit Vollan Ulla (1966) og busett i Ullahammaren.  Dei har to barn:  Aleksander (1990-2017) og Marianne (1997).
2.
Gunnar Leonard Ulla (1966) gift med Kari Johanne Holen Ulla (1969) og busett i Ålesund.  Dei har to barn: Martin (1997) og Elise (2002).


Gå til toppen