Innanfor
Ullaholmen er det svært grunt. Frå Ullaholmen til Flem
går det ei grusøyr som ein mest kunne gå tørrskodd på i fjøre
sjø. Moloen til Ullasundbrua er fylt ut på denne øyra
som blir kalla Lausøyra eller Flemsøyra. Då det var så
grunt, var Ullasundet einaste farleia til havs frå
Longvafjorden og inn til Ullahammaren frå fiskefelta rett
utanfor. I dårleg ver var det svært vanskeleg å segle
inn Ullasundet utan å forlise. Dette var hovudgrunnen til at
det vart mudra opp ei renne gjennom Lausøyra slik at båtane
kunne segle nordom Ullaholmen og inn til Ullahammaren. I
tillegg vart det lettare for fiskarane frå Flem når dei skulle
til fiskeplassane nord for Ullaholmen og Flemsøya eller når
losane skulle borde båtar som kom nordfrå.
Folket på Ulla og Flem slo seg derfor saman
og fekk etter søknad vedtak i Stortinget om pengar til å grave
ut ei renne som mindre båtar kunne nytte når dei skulle
nordover. Stortinget løyvde pengane i 1880, og arbeidet
kosta kr 27.570,32. Arbeidet var ferdig i 1884, og renna
vart 15 meter brei og 1,7 meter djup på fjøre sjø.
Foto: Knut Hallvard Ulla - 2005
DOKUMENTASJON AV KYSTDIREKTORATET 18.12.1975
Fyravdelingen i Kystdirektoratet har gitt følgjande
opplysningar om Ullahammer fyr. I "Fyrlista" for år 1891-1893
står:
Fyrets navn og beliggenhet: Ullahammeren, på
nordsiden av Haramsøen.
Breddegrad: 62, 40, 30
Lengdegrad: 6, 12, 25
Lysets beskaffenhet: Fast, 2 røde sektorer, 1 hvit sektor.
Orden: Sjette (betyr nest laveste lysstyrke)
Lysvidde: 6 kvartmil
Lysets høyde over havflaten: 14,2 meter
Bygningens høyde over grunnen: 5,1 meter
Bygningens form, farge etc: Gult trehus
Brenningstid: fra 25. januar til 8. april
Når opprettet: 1882
Bemerkning: Fiskefyr
Det går videre fram av senere fyrlister at Ullahammer fyr ble
nedlagt i 1915.
I Statens dokumenter for budsjetterminen 1. juli 1883 - 30.
juni 1884 under "Lønninger ved Fyrvæsenet" er det oppført at
fyrvaktaren har ei lønn på kr 150.
FYRVAKTAR LØEG
Johan Herman Løeg
(1839-1927). Fyrvaktar på Ullahammer fyr frå
1882-1915
Foto utlånt av Per Ulla
Ole Ullahamar har følgjande
forteljing om Johan Herman Løeg som fyrvaktar på Ullahammer
fyr:
"Johan Herman Løeg kom frå Valderhaug i
1860-åra og dreiv handel i Ullahammaren. Korleis han var som
handelsmann er ikkje godt å seie, det er som spissbur og
komikar me kjenner han best. Han var ein fast gjest i alle
brudlaup, og underheldt med alle komiske grep og kunster som
tenkjast kan. I 1880-åra var det grave ei renne tvert over den
grunne øyra innanfor Ullaholmen, og so måtte det byggjast
fyrlykt som skjerma for denne renna. Han Løeg vart fyrvaktar,
og fyret vart heitande fyret hans Løeg. Det var eit enkelt
byggverk, ein lav kjellar, eit rom og ein liten gang, to små
glas, fyrlykta midt i rommet, senga tett inn for døra, eit
skåp i vestre krå, ein liten benk og to stolar, det var det
heile. Når me borna kom opp til fyet slik i 11-tida, så var
det ikkje alltid Løeg var oppe, men når me banka på so kom han
i natthuva og let opp. Då bad han oss om å gå burt i bekken og
hente vatn. Når me kom att med vatnet, fekk me kvar sitt
kaffisukker for turen. I landligge-kveldar var det jamnt mange
som tok turen opp i fyret til Løeg. Han Løeg spelte på fele,
han Jub-Filop spelte klarinett, og so var det kortspel. I
slike kveldar vart det ikkje rom for oss borna, me mått nøye
oss med å høyre på utandørs. Det er fortalt frå ein kveld dei
hadde spelt kort om pengar, då kom det burt ein 2-kroning som
dei ikkje kunne finne att. Når det leid på og dei skulde gå
kvar til seg, gjekk han Løeg ut i gangen, kom innatt med ein
liten spikar og ei øks, slo spikaren i karmen over døra og
hengde øksa opp etter ein grann tråd og sa: "Når tyven går ut,
faller øksen ned". Om ei stund gjekk snart den eine og snart
den andre. Men der var ein som drygde på, so han Løeg måtte
til å spyrja om han ikkje vilde heim til natten. "Nei, eg tør
ikkje gå", sa han. "Kanskje du vet noe om den 2-kroningen da?"
sa Løeg. "Ja, her er den," sa guten og sprang ut døra. "

|

|
Johan Herman Løeg på
fyrtrappa
|
Filop Jubsen Ullahammer
med "Svalen" i bakgrunnen
|