ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Gamle-fyret




Motiv: Ulla fyr 1938.  Foto utlånt av Helga Ulla

Ovanfor ser vi eit fotografi av fyrbygningane før andre verdskrig.  Bygningane er samla i ei klyngje.  Vi ser at det heng klede til tørk på klesnora mellom bustadhuset og fyret.  Midt på bildet i bakgrunnen ser vi Arhaugen med ein stople festa med bardunar.  På stolpen var det ei signalkule som varsla når det var forlis i området.  Nedanfor er eit sjeldan foto truleg teke frå Ullahornet.



Motiv:  Ulla fyr 1938. 
Foto utlånt av Per Ulla

Det  finst ikkje så mange fotografi av Kvernholmen og Ulla fyr frå før andre verdskrig.  Bildet ovanfor er eit sjeldan foto som viser Kvernholmen med fyrstasjonen, bustadhuset og uthuset til venstre, dei kvite bygningane.  Midt på bildet ser du fjøsen, og i fjøra til høgre naustet.  Vi ser også tydeleg dei oppdyrka områda:  På haugen mellom fjøsen og fyret, framom fjøsen og bak naustet.  Elles er det stort sett berg og stein over alt.  Det var nok ikkje tilfeldig at plasseringa av husa vart slik.  Fyrbygninga er plassert på høgaste punktet for å gje best mogleg sikt.  Under sjølve fyret er det ein stor vanntank der dei samla regnvatn frå taket.  Bustadhuset låg like ved fyret.  Under huset var det også ein vanntank med rør opp til kjøkkenet der det var ei handpumpe til å få vatnet opp med.  Vatn til klesvask i uthuset måtte hentast frå bustadhuset eller fyret.  Det var korte avstandar, og relativt praktisk i så måte.  I fjøsen vart regnvatn samla opp i ein kum på utsida av veggen.  Fjøsen og det eldste naustet er dei einaste bygningane som står att frå den første tida.  Naustet låg på den lunaste sida av Kvernholmen med stø ut i Kvernholmsundet.


BAKGRUNN

Ulla fyr vart tent den 25. januar 1874 etter nesten eitt år med hardt arbeid for havrallarane frå Volda.  I april 1873 kom dei roande eller siglande i åttringane sine frå Dalsfjorden for å starte arbeidet med endå ein fyrstasjon på norskekysten.  Dette var i den mest hektiske tida for utbygging av fyr i Noreg.  Det var heller ikkje tilfeldig at det kom krav om fyr på Ulla nettopp då.  Ullahammaren var eit midtpunkt i dei rike fiskeria som gjekk føre seg rett utanfor Ulla frå midt på 1800-talet til slutten av 1800-talet.  Det kunne vere opp mot 100 åttringar og 1000 fiskarar som sokna til Ullahammaren og leverte fisken der på dei store sjøbudene.  Men innlaupet til Ulla gjennom Ulla-sundet kunne vere farleg i dårleg ver.  Og mange gonger var det berre flaks som hindra ei katastrofe.  Den 2. mars 1869 gjekk det likevel skikkeleg gale då fiskarane i åttringane vart overraska av storm på fiskefeltet, og mange fekk problem med å ta seg inn til land heilskinna.  Mange åttringar forliste, og 18 mann omkom denne dagen, 13 av dei frå fastlandet og 5 frå øyane.

Denne katastrofa sette fart i planane om fyr på Ulla, og plasseringa av fyr stod mellom Ullaholmen og Kvernholmen.  Kvernholmen vart valt fordi den låg best til og hadde større høgde over havet med betre sikt og rekkevidde.  Staten kjøpte eit lite område oppe på Kvernholmen, og fyrtårnet var sett opp der i 1873.  Det var eit typisk fiskefyr, det vil seie at fyrlykta berre var tent i fisketida.  Frå gammalt av heitte det at fisketida varte frå kyndelsmesse (2. februar) til marimesse (25. mars).  På siste halvdel av 1800-talet varte fisket frå 25. januar til 8. april.  Først 15 år seinare vart Ulla fyr bygt ut til ein familiestasjon og vart klassifisert som kystfyr.  Det vart sett opp bustadhus, uthus, fjøs og naust.  Alt vart lagt til rette for at fyrvaktaren skulle kunne bu der med familien sin heile året og gjere seg nytte av dei sparsame ressursane som fanst på den forblåste utposten.

Tidleg i 1872 fekk Arne Folkestad frå Volda eit viktig oppdrag då han fekk spørsmål om å bli arbeidsformann ved oppføringa av Ulla fyr.  Til bygginga av Ulla fyr måtte han ha med seg flinke minerarar, murarar og bygningsarbeidarar.  Det er usikkert kven som var med i arbeidet på Ulla fyr utanom Arne Folkestad sjølv.  Men Ola O. Reite d.e. fortalde at sonen Ola reiste til Ulla på fyrarbeid den 30. april 1873.  Arbeidsformannen og arbeidarane skulle møte opp i Ålesund den 25. april 1873.  Midt i juli 1873 starta fyrdirektør Diriks ein omfattande inspeksjon langs kysten, og ut  på hausten kom han til Kvernholmen for å inspisere arbeidet med Ulla fyr.  Han skriv: "Ulla fyr hvor Fyrbygningen ligeledes var bragt under Tag, og hvor Arbeidet til Høsten vil være saavidt færdig at Fyret, ved Fiskets Begynnelse kan tændes".

Murmeister Christian Malme vart tilsett som fyrvaktar, og stod til disposisjon for fyrdirektøren i dei periodane Ulla fyr var sløkt.  I november 1873 fekk assistenten ved Lista fyr ordre om å møte opp i Ålesund, der han skulle treffe fyrvaktar Malme.  Han skulle ha med seg ei fyrlykt frå Lista.  I Ålesund skulle dei to ta med seg eit oljefat til Kvernholmen, "hvilket efter Ankomsten til Ulla bliver at aftappe, og som sædvanligt i Vidners Overvær at opveie".  På Ulla skulle han "anbringe Apparatet, prøve Lamperne, og gjøre Fyrvogter bekjendt med alt til hvad Fyret og dets Røgt henhører".

Og Ulla fyr vart verkeleg tent den 25. januar 1874.  Fyret gav eit fast kvitt lys av 6. orden og skulle lyse inn mot Ullasundet "til Veiledning under Fiskerierne".

FYRBYGNINGA


 
Her ser vi fyrstasjonen frå andre sida, frå vest.  I boka til Jostein Nerbøvik er det ikkje fastslått kva materiale som vart nytta når voldingane kom til Kvernholmen for å setje opp fyrstasjonen.  Det har alltid blitt sagt at fyret brann ned til grunnen, og det tyder på at det var bygt i tre.  Dette var ikkje så uvanleg, vi veit at Hellevik fyr på Lepsøya er bygt i tømmer, og i denne tida var ulike byggjemateriale nytta:  Mura i stein, støypejarn, tømmer og betongen hadde også gjort sitt inntog.  Når vi ser nærare på bildet, ser vi at det er kledning rundt vindauga.  Dette viser at det er nytta tremateriale.  Dessutan ser vi jarnstag som støtte i alle retningar, noko som ikkje var nytta på steinfyr.  Tømmeret vart i denne tida transportert nordover dalane til Trondheim, og derifrå med båt til byggjeplassen.  Fyrbygninga var sjølvsagt dekt med bordkledning.  På bildet ser vi at det er nytta ulik bordkledning på sjølve fyrtårnet og på tilbygget.  På fyrtårnet er det truleg nytta tjukk dobbeltfalsa ståande bordkledning som gjekk kant i kant.  Såleis ser den heilt glatt ut.  På tilbygget ser vi at bordkledninga ligg utanpå kvarandre som var meir vanleg på bustadhus. 

Dette ser vi også på huset i bakgrunnen.  Vidare ser vi at det er lemmar som kan dragast for vindauga når det var dårleg ver.  Dette finn vi både på fyrtårnet, tilbygget og på bustadhuset.  Vi ser også takrennenedlaupet som går ned under fyrtårnet og samlar opp vatn i vanntanken som låg under fyret.  Pipa stikk ut til høgre for sjølve fyrlykta.  Det var ikkje tåkelur på Ulla fyr.  Dette var berre vanleg på større fyrstasjonar i Noreg.

Då fyret vart bygt og teke i bruk, var det berre fyrbyningen som stod der.  Ulla fyr var eit fiskefyr som berre var tent i fisketida, og såleis var det ikkje aktuelt for fyrvaktaren å ha med seg familie og bu der i lengre tid av året.  Derfor var det berre ordna til butilhøve i kummerlege kår i tilbygget bak sjølve fyrtårnet, sjå bildet ovanfor.  Der hadde fyrvaktaren eit lite opphaldsrom med ei seng og det mest nødvendige som han trong.


BUSTADHUSET



I 1887 vart Ulla fyr oppgradert og klassifisert som kystfyr og familiestasjon.  Det vart bygt bustadhus, uthus, fjøs og naust.  Staten kjøpte då heile Kvernholmen av Ullabøndene.  Kjøpesummen, kr 20 000, nytta Ulla-folket til å byggje skulehus som vart sett opp nett i denne tida.  Dermed vart det eit heilt fyrsamfunn på Kvernholmen og eit heilt anna liv på holmen.  Ulla fyr vart ein viktigare del av tryggleiken i farvatnet utanfor øyane i Haram. Bustadhuset låg heilt oppe ved fyrtårnet på venstre sida når ein gjekk oppover trappegangen.  Det var ikkje kjellar under, men ein vanntank der ein samla regnvatn frå taket.  Vatnet vart pumpa opp i kjøkenet med ei handpumpe.  I første etasje var det ein gang inn frå inngangsdøra ved trappegangen opp til fyret.  Når ein kom inn i gangen var det ei dør til høgre inn til kjøkenet med utsikt opp mot fyret.  I tillegg var det eit kammers ved sida av kjøkenet.   Til venstre frå gangen gjekk ei dør inn til ei lita stove med utsikt nedover mot fjøsen.  Oppe på loftet var det ein gang og to små soverom som vende opp mot fyret og to ned mot fjøsen.

Den 24. oktober 1944 vart Ulla fyr bomba av allierte fly, og fyrtårnet brann ned til grunnen.  Bustadhuset, uthuset, fjøsen og naustet slapp unna bombene og brannen.  Nedanfor ser du restane av grunnmuren til bustadhuset slik det ser ut den dag i dag. 



Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006



MYLNEVEGEN 6  I  VOLDA




Foto: Knut Hallvard Ulla - 2007

Då fyrvaktar Olav Hammer-Olsen flytta til Volda i 1950, tok han ned det gamle bustadhuset på Kvernholmen og frakta det med seg til Volda. I mellomtida budde familien i det nye bustadhuset ved Ulla fyr. Ovanfor ser du foto av huset slik det står i Mylnevegen 6 på Rotset i Volda. Huset er påbygd og ombygd, men skalet er det same som stod på Kvernholmen.


UTHUSET



Foto utlånt av Helga Ulla
Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006

Uthuset låg på høgre sida av trappegangen opp til fyret, rett overfor bustadhuset.  Uthuset var delt i to:  Den delen som var nærast  fyrtårnet, inneheldt vaskerom og arbeidsrom.  Her vaska frua og guvernanta klede, og her stelte fyrvaktaren fisken og laksen som han hadde rett på i havet utanfor Ulla fyr.  Vi ser av fotografiet at det er ei skorsteinspipe i eine kråa, og av restane som vi ser i dag, er det ein sluk i golvet.  I den andre delen var det utedo.  Vi ser av fotografiet at den ståande bordkledninga går lenger ned på eine sida enn elles på uthuset.  Det er for å skjule det som kom frå utedoen.  Elles var det lagerplass for torv og ved i denne delen av uthuset.  Delinga er også tydeleg med skiferheller på taket i vaskerom/arbeidsrom og papp på utedoen/lageret.


FJØSEN



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005
Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976

Fjøsen var opphavleg bygd i 1887 av tømmer med ståande bordkledning. Til venstre ser vi fjøsen slik den ser ut i dag.  Den er restaurert og bragt tilbake til si opphavlege utvendige ståande bordkledning.  Til høgre ser vi eit fotografi av fjøs, bustadhus og uthus frå 1976.  Då gjenreisinga etter krigen kom med nytt bustadhus i 1950, vart også fjøsen dekt med bølge-eternitt.  Fjøsen var ein viktig bygning i eit lite samfunn.  Det var eit vilkår for å kunne bu og livnære seg for ein familie på Kvernholmen.  Dei dyrkbare områda låg på haugen ovanfor fjøsen, nedanfor fjøsen og bak naustet.  Men det vart nok nappa alle grasstrå som fanst på Kvernholmen til for åt dyra.  Fyrvaktaren hadde både ku, sauer, gris og høner.  Dessutan var det eit rikt fugleliv på Kvernholmen i gamle dagar.  Særleg var det ein rik stamme av småmåse. Småmåse-egg vart nytta til baking, pannekaker og vaffelkaker.  Det var nok mange ungar som var lei av pannekaker i verpetida.  Den rike bestanden av småmåse finn vi ikkje noko att av no.  Det er mange som undrar seg over at dei store måseflokkane er borte, og det kan vere fleire grunnar til det.  Ein ting er sikkert:  Det er mindre småfisk å finne i havet, og det reduserer livsgrunnlaget for måsen.  I tillegg kan det hende at minken har teke godt for seg i måseflokken.


NAUST,  STØER OG LANDGANG



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 1976

Fyrvaktaren hadde eige naust på austsida av Kvernholmen mot Kvernholmsundet, i ly for ver og vind.  Der var det stø til å dra båten opp i, og på andre sida av sundet var det også rydda ei stø.  Denne ser vi også tydeleg den dag i dag.  I stor fjøre kunne ein gå tørrskodd over Kvernholmsundet, men i praksis var fyrvaktaren avhengig av båt for å kome seg inn til Ulla, anten det var for å handle, hente post, snakke i telefonen eller andre ærend.  Naustet vart bygt om lag i 1887 samstundes med dei andre bygningane.  Under ein storstorm i januar 1902 vart naustet  flytta av sjøen utan at det vart særleg skada.  Ein del vegn og utstyr som stod i naustet, vart skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67 i erstatning for tapet.  I dårleg ver var det vanskeleg tilkomst med båt sjølv på innsida av Kvernholmen, og i 1908 vart det løyvd pengar til å byggje ein vør og betre stø opp til naustet.  Seinare då ein fekk elektrisk kraft til Kvernholmen, om lag i 1930, vart det installert ein vinsj til å dra opp båten.



Foto 1937  - utlånt av Helga Ulla

Bildet ovanfor viser eit sjeldan utsyn frå fyrtårnet i 1937.  Vi ser mønet av bustadhuset i framgrunnen, taket med skorsteinspipa.  I ytterkanten til venstre ser vi taket av fjøsen og litt til høgre for fjøsen ser vi svingkrana.  Det viser at denne vart sett opp før andre verdskrig.  Midt på bildet ser vi Kvernholmsundet i fjøre sjø.  Vi ser at det ikkje er problem med å gå over sundet tørrskodd.  Dette viser at det vart rydda unna masse stein i samband med at brua vart bygd i 1965.  Dette vart gjort for at det skulle bli lettare å gå gjennom sundet med båt.

Då Ulla fyr vart bygt opp att etter andre verdskrig, vart det bygt eitt nytt naust til fyrvaktaren. Det ligg til venstre på det øvste fotografiet. Fyrvaktaren sitt naust er litt større og har betre tilgang til landgangen enn det gamle naustet som assistenten tok over. Dette var også eit klart uttrykk for skilnaden i status mellom fyrvaktar og assistent den tida.  Begge nausta vart kledde med bølge-eternitt, og slik står dei framleis.  Det vart bygt nytt landingskar med svingkran. Svingkrana er rusta og øydelagt av ver og vind fordi den ikkje har vore i bruk og halden ved like.  Den ligg i dag avbroten ved sida av landgangskaret.  Mellom naustet og svingkrana vart det støypt ein 30 meter lang skinnegang slik at det var lettvint for fyrvaktaren å trille båten ut av naustet på ei vogn.  På framsida av karet er det innstøypt ein jarnleidar.


BOMBING

Ulla fyr vart tidleg teke over av tyskarane under andre verdskrig.  Dei bygde to brakkeriggar på marka nedanfor fjøsen og derifrå kontrollerte dei skipsfarten forbi øyane i Haram.  Dei hadde sjølvsagt også kontroll over vakthytta som ligg på Hornhammaren.  Slik var situasjonen heilt til den 24. oktober 1944 då Ulla fyr vart bomba av allierte fly.  Fyrtårnet brann ned til grunnen medan dei andre bygningane vart berga.  Dette skjedde same dagen som rutebåten "Eira" vart bomba av allierte fly ved Hestøya mellom Lepsøya og Skjelten.  Nedanfor ser du foto av ammunisjon frå krigen og ein del av linsa som smelta under bombing og brann i fyrtårnet.  Dette er ting som fyrmeister Otto Kjerstad har funne og teke vare på.



Foto:  Knut Hallvard Ulla - 2005

Det meste på Kvernholmen måtte byggjast opp att etter krigen, men det skulle gå fem år før nytt fyrtårn, bustadhus, uthus og eit nytt naust stod ferdig i 1950.  I mellomtida var det provisorisk Aga gassblink på Kvernholmen slik som fotografiet nedanfor viser.  Lanterna var festa på ei stong og vart forsynt med gass frå ei flaske.



Foto: Knut Hallvard Ulla - 2006

Gå til toppen