ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt


 









Fyrhistorie


"FYRDIRIKS"

Fyrdirektør Carl Fredrik Diriks
Diriks var sjøoffiser og ein dyktig skipper på mange dampskip. I 1855 vart han fyrdirektør og fekk æra av å vere pådrivar i den store utbygginga av fyr langs heile Norskekysten.  Han leia planlegginga og utbygginga frå kontoret sitt i Oslo, men han var også med ute på anlegga og såg til at alt gjekk føre seg forskriftsmessig.  Han stilte store krav til kvalitet, og havrallarane frå Dalsfjorden fekk mange godord for arbeidet dei gjorde på kysten frå sør til nord.  Carl Fredrik Diriks hadde også kunstnarlege evner.  Han var ein god teiknar og kuntsmålar. Han teikna og måla mange skip og ei rekkje fyrstasjonar som vart bygde i hans tid.  Dette var god dokumentasjon på korleis dei ferdige fyra såg ut på denne tida, lenge før det var teke fotografi.  Første fyrstasjonen Diriks var med å planleggje og fullføre, var Hogsteinen fyr ved Godøya på Sunnmøre. "Fyrdiriks", som han vart kalla, kom til Kvernholmen på Ulla ut på hausten 1873 for å sjå til at arbeidet med Ulla fyr gjekk slik det skulle.  Då var fyret kome under tak, og skulle takast i bruk til torskefisket 25. januar 1874. Dette gjekk som planlagt, og lykta var tent denne dagen.


HAVRALLARANE  FRÅ  DALSFJORDEN  I  VOLDA

Jostein Nerbøvik (1938-2004)
Den fantastiske og nesten utrulege historia om havrallarane frå Dalsfjorden er skildra av professor Jostein Nerbøvik frå Volda.  Mor til Jostein heitte Ingebjørg Ulla og var frå Lars-garden på Ulla.  Faren heitte Johan Nerbøvik og var fotograf i Volda.  I 1997 gav Jostein ut boka "Holmgang med havet 1838-1914" som er ei grundig historisk skildring av voldingane si rolle i fyr- og merkebygginga i Noreg i denne tida.  Kring 1840 reiste dei første voldingane ut for å setje opp fyr og merke langs norskekysten.  Etter kvart vart det mange frå Volda som tok del i dette viktige arbeidet.  Havrallarane frå Volda, som dei vart kalla, var med og reiste meir enn 70 fyrstasjonar frå Oslofjorden til Finnmark.  I tillegg sette dei opp hundretals lampar og merke.  Kring 1900 utgjorde dermed fyr- og merkevesenet den viktigaste næringsinntekta i Volda.  Med dyktig fagkunnskap framstiller Jostein kva dette gjorde med lokalsamfunnet og kor viktig fyr- og merkebygginga var for utviklinga på norskekysten.  Han skildrar mellom anna dei lange reisene og slitet på dei verharde byggjeplassane, og let fyrarbeidarane sjølve kome til orde gjennom fyldige sitat frå dagbøker og brev om deira holmgang med havet.  I boka finn vi ikkje nokon samla historikk av kvar enkelt fyrstasjon, men ein del opplysningar om Ulla fyr har han teke med. Der er også eit gammalt fotografi av Ulla frå ca 1900.  Såleis er boka ein viktig dokumentasjon av historia av oppbygginga av Ulla fyr.






Møre og Romsdal fylke har spelt ei heilt spesiell rolle i norsk fyrhistorie.  Volda kommune og særleg bygdene i Dalsfjorden har gjennom fleire generasjonar vore av dei viktigaste rekrutteringsområda for folk til Kystverket.  Voldingar har vore med på å byggje ca halvparten (ca 100) av fyrstasjonane, mest alle fyrlyktene (ca  4 000) og alle dei andre sjømerka langs norskekysten.  Frå siste halvdel av 1800-talet og helit fram til 1960-70 åra har også same bygdene rekruttert arbeidarar til bygging av hamner langs heile kysten og hatt mange pionerar i dette arbeidet.

Volda og Dalsfjord fekk sine første arbeidarar i Fyrvesenet i 1825 då Runde fyr skulle byggjast.  Det var Hans O. Engeset og Ole Gammelsen Mork.  Mork viste seg å vere ein dugande arbeidar.  I 1830-åra fekk han tilbod om å bli formann.  Han tok imot tilbodet, og Ole G Mork og mennene hans rodde og sigla kysten til endes for å byggje fyr.  Dei bygde også sjømerke og sette opp fortøyingsringar.  Ole G. Mork rekrutterte mennene sine blant naboar, slekt og vener som han visste var dugelege arbeidsfolk.  Dei først åra vart arbeidet teke på akkord.  For å makte det, tok dei opp lån i banken og måtte stille med kausjonistar.  Sidan har arbeidet i fyr- og merkevesenet nærast gått i arv frå generesjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta.

Ole G. Mork og andre fyrpionerar etterlet seg eit svært rikt materiale av brev og rapportar.  Store delar av denne dokumentasjonen av Noregs kysthistorie er samla og teke vare på ved Dalsfjord fyrmuseum på Dravlaus.  Det fyrhistoriske arbeidet vart starta opp i 1981, samtidig med at ei gammal fyrlykt vart reist til minne om fyrarbeidarane frå området.  Ei mengd dokument og fotografi er samla inn.  Likeeins mange gjenstandar som fyrlinser, lanterner, flytestakar og handverktøy.  Mykje av dette er sett i stand av fyrentusiastane.  Delar av materiellet er 150 år gammalt.

Dokument og fotografi er samla på Dravlaus skule medan gjenstandane til Fyrmuseet er lagra i eit nedlagt fabrikklokale i bygda.  Fleire historiske dokument og bilde, kanskje også gjenstandar, er framleis i privat eige på grunn av at Fyrmuseet ikkje har plass til å ta imot meir.  Fyrmuseet i Dalsfjord har planar om nybygg, men så langt har ikkje Staten løyvd pengar til dette føremålet.

I juni 2006 var eg saman med sonen min, Bendik Ulla, på vitjing på Dravlaus og fekk omvisning og innføring i fyrhistorie av Kjell Viken og Oddmund Fløtre.  Nedanfor er eit utval av fotografi som vart teke på turen.

Foto:  Bendik Ulla


Utsnitt frå kart over Volda

Kjell Viken og Knut Hallvard Ulla


Museum i nedlagt fabrikkbygning

Restaurert fyrlykt på Dravlaus


Merkestakar

Inne i museumslokalet


Vi ser på ei tønne brukt til fyrsprit

Kjell tenner ei lykt


Modell av Runde fyrstasjon

Bustadhus og uthus på Runde fyrstasjon


Kolblussfyret på Runde

Kolblussfyret på Runde - detalj


Diverse instrument og utstyr

Ein gammal tåkelur


Inne i museumslokalet

Diverse handverkty


Klipp-apparat

Anleggsbåtar


Naudstraum-aggregat

Aga gassblink

Dykkarklokke


Mannskap på "Furuholmen"

Kjell viser fram ei fyrlinse


Fyrmuseet ved Dalsfjord skule

På veg ned til sjøbuda


Oddmund Fløtre, Knut Hallvard Ulla, Kjell Viken

Kjell Viken studerer fyrfoto


Gå til toppen