ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Klyngetunet
Vålen

Krogsholmane

Ulla fyr

Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt
Fjellet



 









Ulladalen




 

Her står Vegard Halkjelsvik med det norske flagg på Store-Korssteinen med utsyn mot Råvika og Ulla Fyr.
Til høgre ser vi benken som dei har laga ved kanten av Store-Korssteinen og utsyn mot Ullagarden, brua og Ullaholmen.
Ta deg ein tur opp til Store-Korssteinen ved solnedgang så får du ei fin oppleving.




Sevrin G. Ulla fortel i eit lydbandopptak med Per Ulla i 1973
Sjå denne lenka: https:  //www.youtube.com/watch?v=g3GxtpOqD-I&t=1538s

Store-Korssteinen ligg i fjellrøra vest for Ullahornet. Det ser nesten ut som han vil kantre utføre. Det var ei gammal regle som han far (Gustav S. Ulla) tok opp etter han gamle Kari-Nils om denne steinen som lyder slik: "I mai morgen når solen står opp i skyggen av stenen står en gullkopp". Oppe i Ulladalen mellom Ullahornet og Nonshaugen ligg det nokre gamle tufter som var sommarfjøs frå gammalt av. Oldemor mi gjette dyra der oppe i sine unge dage i konfirmasjonsanderen. Ho heitte Marie frå Jo-garden og var gift med Guttorm i Ingeleiv-garden på Ulla. Murane etter sommarfjøsane står der den dag i dag. Dei var ikkje så store desse tuftene, det kunne ikkje vere plass til så mange dyr. Dyra vart tekne med opp Kvernhusvegen, opp den bratte skråninga til Kvilarhella og vidare opp til tuftene.


Nedanfor ser du tekninga som Sevrin G. Ulla har laga av fjøsmurane i Ulladalen






Foto og dronefoto av Ulladalen og fjøsmurane - Vegard Halkjelsvik























Gå til toppen