Ulla Skulehus - Vedtekter
Vedtekter
for
Ulla Skulehus
Organisasjonsnummer 894 407 352
Godkjende på
skipingsmøte 11.4.2009
§ 1. Namn og
medlemskap
- Laget heiter Ulla Skulehus og skal
vere ein frittståande, ideell organisasjon.
- Alle som vil, kan vere medlem.
§ 2. Føremål
- Å ta vare på, setje i stand og
oppruste Ulla Skulehus som eit viktig kulturminne for bygda.
- Å gjere Ulla Skulehus til ein plass
for variert kulturell aktivitet.
- Å bli ein felles samlingsstad for
alle i bygda.
§ 3. Årsmøte
- Årsmøte skal haldast seinast innan
utgangen av august kvart år.
- Kunngjering av årsmøte skal gjerast
minst 3 veker før møtedato.
- Aktuelle saker skal meldast til
styreleiar på førehand. Endeleg sakliste blir sett opp før
årsmøtet tek til.
- Årsmøtet kan berre behandle saker som
står på saklista.
- Årsmøtet skal leiast av styreleiaren
eller den som årsmøtet vel til møteleiar.
- Årsmøtet er vedtaksført med dei
medlemmene som møter.
- Ingen har meir enn ei stemme, og det
kan ikkje brukast fullmakt ved avstemming.
- Årsmøtet skal minst behandle
årsrekneskap og årsrapport.
- Årsmøtet skal godkjenne eventuell
omdanning eller nedlegging av laget.
- Årsmøtet skal velje styre og
valkomite.
- Eventuelle endringar av vedtektene
skal vedtakast av årsmøtet.
- Årskontingenten skal fastsetjast av
årsmøtet.
- Styret eller minst ein tredel av
medlemmene kan kalle inn til ekstraordinært årsmøte.
§ 4. Styre
- Styret skal ha 3-5 medlemmer som skal
veljast av årsmøtet.
- Medlemmene blir valt for to år, og
dei kan attveljast.
- Ein styremedlem står på val anna
kvart år for å sikre overlapping og fornying.
- Ved likt stemmetal har styreleiar
dobbeltstemme.
- Styret skal konstituere seg sjølv med
leiar, kasserar og sekretær.
- Styret skal velje revisor.
§ 5. Valkomite
- Valkomiteen skal ha to medlemmer.
- Valkomiteen skal veljast av årsmøtet
for to år om gongen.
- Valkomiteen skal gje innstilling til
årsmøtet om val av medlemmer som står på val.