ULLA



 Ullahammaren 1882

Startside
Presentasjon
Diktsamling
Stadnamn
Fiskebåtar
Ullahammar
Ulla-garden
Ulla-nausta
Vålen
Ulla fyr
Ulla skule
Kulturliv
Næringsliv
Samferdsel
Losar på Ulla
Dialekt
Ulla Skulehus



 









Ulla Skulehus - Aktivitetar



27.6.2009 - Teaterstykket Pindia
Sjølv om vi ikkje har kome i gong med oppussing og opprusting av skulehuset, fekk vi planlagt og gjennomført eit kulturarrangement laurdag 27. juni 2009. Frå Trondheim kom fem medlemmer i teatergruppa Ngoma på vitjing til Ulla. Der framførte dei teaterstykket Pindia som dei har laga og øvd inn saman. Med i gruppa er Hilde Liv Bergh, Vigdis Skauvik Rian, Maja Reinåmo Olsson, Ida Pape Pedersen og Bendik Ulla. Dei gav oss ei fin teateroppleving med god musikk, levande dans, god skodespelkunst og framifrå scenografi. Det var to forestillingar. På den første kl 14 var det møtt opp 25 personar, og på den andre 37, til saman 62 i talet. Det var vi godt nøgde med, og stor applaus tyda på at publikum sette pris på det som vart framført.
Til alt overmål fekk vi strålande ver med sol, vindstille, varmt og godt. Dette gjorde at vi kunne ta kaffe, brus og kaker ute i det fri til flott musikalsk bidrag frå Leiv Ståle Aasebø på klarinett og Einar Longva på trekkspel. Vi avslutta med allsong saman med musikarane med "Hyldningssong til Ulla". Arrangementet og oppslutninga gir inspirasjon til fleire kulturinnslag på Ulla Skulehus.

Sjå reportasje om Ulla Skulehus og teaterstykket Pindia i Haramsnytt 30. juni 2009. Lenke.
Sjå fotoalbum frå teaterstykket Pindia. Lenke


Gå til toppen